KI-kunst
KI-kunst bytta ut med utpressingbrev
Førre uke skreiv Universitas at studentar på Oslomet var kritiske til KI-generert kunst på campus. No har verket blitt kidnappa. Igjen på veggen heng eit utpressingbrev.
Fotojournalistikkstudentar reagerte kraftig på at eit KI-generert kunstverk hang i lokala utanfor Institutt for journalistikk. Kunstsamlinga ved Oslomet forsvarte verket som kritisk bruk av KI og del av eit større kunstprosjekt.
No har saka tatt ei brå vending.
Det KI-genererte kunstverket utanfor heisen på instituttet er borte. I staden heng eit utpressingbrev.
«KI-kunst er feil retning», står det med utklipte bokstavar i ramma der verket tidlegare hang. Vidare krev avsendaren «kunst laga av folk» og skriv at «vi har kidnappet» verket.
Onsdag blei det publisert eit innlegg på Canvas frå ein av undervisarane ved instituttet som oppfordrer dei som veit noko om saka til å melde ifrå. «Vi forstår godt at dette kan være ment som et uttrykk for engasjement», skriv dei, men åtvarar mot at fjerning av biletet kan «være problematisk med tanke på eierskap og regelverk».
Oslomet har ikkje villa svare Universitas på kva kunstverket har kosta, men leiar for kunstsamlinga Siv Hofsvang fortel at summen er «overkommeleg».
Universitas har prøvd å få kontakt med kidnapparen, utan å lukkast. Vi kjenner ikkje identiteten til vedkommande.
Hærverk
Når Universitas møter Hofsvang framfor der verket hang, er det første gang ho får vite om kidnappinga. Ho legg ikkje skjul på at protesten har kryssa ei grense.
– Eg er kjempesint, seier ho.
Eg er kjempesint
Ho satt pris på reaksjonen og debatten i første sak, den syntast ho var morosam og legitim. Dette meiner ho derimot ikkje er greit.
– Eg må berre ta sjølvkritikk på at det burde ha vore eit skilt under verket med tittel, kunstnar og informasjon. Det er heilt greitt. Men det å bryte forseglinga på verket og stele det er hærverk mot universitetets eigedom. Det er ikkje greitt, understreker Hofsvang.
– Kva konsekvensar vil det få for dei ansvarlege?
– Eg har meldt det til min nærmaste leiar.
– Kjem de til å anmelde det?
– Det er det heldigvis ikkje eg som avgjer.
På det nye verket er det eit utklipp av Hofsvang sjølv, klipt ut frå førre artikkel, med teksten «hodeløs KI amøbe».
Ikkje berre meiner ho det er eit unødvendig personangrep, men også at den eller dei ansvarlege fullstendig misforstår debatten.
– Det kan verke som at dei ikkje har har lest saka. Ein må lesa kva eg faktisk seier før ein skal kommentere det. Eg synest ikkje deira kommentar treff.
Framleis kunst
Hofsvang står støtt på at KI-verket er eit kunstverk. Ho tar avstand frå karakteristikkane i Universitas sin førre leiarartikkel «Oslomet svikter sine egne». Utklipp frå denne artikkelen er nytta i utpressingbrevet. Leiarartikkelen trekk Hofsvang også fram som eit eksempel på meininger som ikkje forstår debatten.
– Leiarartikkelen samanliknar meg med Nicolai Tangen. Og Tangen seier jo faktisk at ja, KI kan lage kunst. Då seier eg: Nei, KI kan ikkje lage kunst! Her er det ein vesentleg forskjell.
– Eg har vore klar på at KI kan vere eit verktøy. Men det må sjølvsagt ligge menneskelege prosessar bak. Verket vi snakkar om tilhøyrer eit kunstprosjekt som skulle vise kjønnsperspektivet til KI, der kvinnlege fotografar vart gjort om til menn av KI, utan at det blei bedt om, seier ho.
Hofsvang meiner det først og framst handlar om dei menneskelege tankeprosessane bak.
– I dette eksempelet kan det handle om korleis ein promptar ein KI, kva ein puttar inn, kva ein etterspør, og korleis ein tenkjer at det ferdige resultatet kan vere med i ein større diskusjon, seier ho.
Kva er kunst?
I forrige artikkel seier fotojournaliststudenten Nicolay Martell Wold at han ikkje ville ha kalla KI-verket kunst. Hofsvang meiner kritikken frå Wold reiser eit større spørsmål om kva kunst eigentleg er.
– Kunst er ikkje knytta til eit medium. Konseptkunst har fantest sidan tidleg 1900-tal. Å definere det bort som kunst fordi det er brukt KI, synest eg er ein overraskande måte å definere det på, seier Hofsvang.
At Wold heller ikkje synest det er veldig fint har ho ingen problem med.
Det er veldig, veldig lenge sidan kunsten har vært tett forbundet med skjønnhet
– Det er veldig, veldig lenge sidan kunsten har vore tett forbunda med skjønnhet.
– Men dersom KI-verket er kunst, er ikkje utpressingsbrevet også eit kunstuttrykk?
– Menneske uttrykkjer seg på mange måtar. Det er éin måte å uttrykkje seg på gjennom kunsten. Som du kanskje høyrer, er eg ikkje heilt borte for å ta dette inn i kunstdebatten. Absolutt ikkje. Men ikkje umiddelbart, seier ho.
Ho understrekar likevel at det ikkje gjer aksjonen grei.
– For meg er det viktig at folk uttrykkjer eit standpunkt. Men ein treng ikkje nødvendigvis øydeleggje noko anna for å gjere det.
– Men ein kan? I eit kunstperspektiv?
– Ein kan, men ein kan også spørje seg om det er greitt.
– Vil dette gå inn i kunstsamlinga?
– No har eg først sett det. Så da får eg sjå kva vi finn ut av.