KI-kunst
Studentar tar ned KI-kunst frå veggane
Eit kunstverk av ein kyklop med samansmelta hender får fotojournalistikkstudentane på Oslomet til å reagere. Universitetet stadfestar at verket er KI-generert – og seier det nettopp er poenget.
– Me trudde først det var ein vits.
Det fortel Nicolay Martell Wold (21) som går tredjeåret på fotojournalistikk. I studentareale til Institutt for journalistikk har Oslomet nemleg hengt om eit KI-genert bilete.
– Me var tre stykk som skulle dra for dagen. Så hang det eit bilete der, som me først og framst lo av, seier Wold.
Dei hadde lite forståing for kvifor det skulle henge KI-kunst utstilt. Og det fekk ikkje henge mykje lenger heller.
– Litt som ein vits og litt som ein protest, så tok eg det ned og vende det mot veggen, fortel fotojournalistikkstudenten.
Biletet viser ein kyklopliknande figur med samansmelta hender, omgitt av former som kan minne om eit augeeple. For Wold var det ikkje berre motivet som fekk han til å reagere, men at eit KI-generert bilete blei presentert som kunst i lokala til ei fotojournalistikkutdanning.
Universitas har snakka med fleire studentar som fortel at dei tek ned verket dersom det heng ope.
Fotografi versus KI-bilete
Fleire ved fotojournalistikkutdanninga reagerer på at det er KI-generert kunst som møter studentane utanfor heisen. Benjamin Haug-Toklum, som går andreåret på fotojournalistikk, meiner det er spesielt at biletet heng i lokala til ei utdanning som lærer studentane å dokumentere verkelegheita gjennom fotografi.
– Forskjellen er jo at det eine er verkelegheit, og det andre er basert på verkelegheit, seier han om skilnaden mellom fotografi og KI-genererte bilete.
Også Terje Lindblom, som underviser i fotojournalistikk ved instituttet, reagerer. Han meiner Oslomet heller burde brukt eigne studentarbeid.
– Vi er på Institutt for journalistikk, og så bruker dei KI for å utsmykke veggane. Dei burde heller nytta seg av studentane som går her, og vist dei fram i staden.
– Det er kritisk bruk av KI
Då Universitas møter Siv Hofsvang, leiar for kunstsamlinga ved Oslomet, framfor verket, er det tatt ned frå veggen og snudd med framsida inn. Ho heng det opp igjen, og er skuffa.
– Vegen å gå er ikkje sensur. Kunstsamlinga har kjøpt inn dette verket. Det er heilt klart KI-generert, det er ingen hemmelegheit. Det er kritisk bruk av KI, seier Hofsvang.
Verket er ein del av eit større prosjekt frå kunstkollektivet Female Gaze, som består av kvinnelege fotografar. Ifølgje Hofsvang undersøker prosjektet kjønnsperspektivet i fotografiet, og kva KI gjer med korleis vi ser og forstår kjønn. Prosjektet blei først vist som del av ei større utstilling ved OsloMet i samband med kvinnedagen.
Kunstsamlinga har seinare kjøpt inn verket som no heng utanfor heisen på Institutt for journalistikk. Kunstkuratoren meiner studentane sin reaksjon ikkje står i motsetnad til verket, men snarare viser kva verket handlar om.
– Er det ikkje ein del av innhaldet, då? Er det ikkje det som skjer når kunstnarar tek opp og kritisk diskuterer om det er riktig å bruke KI, og korleis ein kan bruke KI?
Kunstnarverktøy
Hofsvang stiller seg undrande til studentane og deira tolkiing. Hofsvang meiner det ikkje er nokon automatikk i at KI-bruk er dårleg. Problemet, seier ho, er når KI blir brukt ukritisk, eller når publikum ikkje får rammene dei treng for å forstå det dei ser.
Universitas spør henne om reaksjonane frå studentane kan handle om at kunsten ikkje er laga av menneske.
– Då kan det kanskje vere eit definisjonsspørsmål: Kan KI lage kunst?
– Ja, herleg! Genial diskusjon. Veldig, veldig bra, svarer Hofsvang.
Ho meiner likevel ikkje at KI i seg sjølv kan lage kunst.
– Nei, KI kan ikkje lage kunst. Men KI er eit verktøy. Det betyr at mennesket bak kan lage kunst. KI er eit verktøy på linje med pensel og lerret, seier ho.
KI er eit verktøy på linje med pensel og lerret.
Innramming
Hofsvang peiker på at verket er eitt av fleire bilete frå ein større serie, og meiner noko av samanhengen går tapt når berre eitt bilete blir hengande åleine.
– Er det slik at studentane har oppfatta dette som at det skal vere eit fotografi? At dei ikkje har sett sjanger eller medium?, spør Hofsvang.
– Det er nesten umogleg å berre ta ut ein bit av det. Det er som å ta ut berre ein detalj av eit kunstverk, seier ho.
Verket har, etter det Universitas kjenner til, hengt utan noko forklarande skilt i minst ein månad.
– Kan det vere at studentane manglar konteksten og rammene for å forstå verket slik det er meint?
– Det skal kome eit skilt, det skal det, seier Hofsvang.
Ho vedgår at verket kan vere vanskeleg å forstå utan forklaringa.
– Ein kan ikkje sjå den diskusjonen viss du berre har verket, utan den forankringa, seier ho.
Fortsatt ikkje kunst
Fotojournalistikkstudenten Wold meiner forklaringa gjer verket meir forståeleg, men ikkje endrar hovudproblemet.
– Det ville vore betre. Men eg ville framleis ikkje kalla det eit kunstverk, seier han.
Han kjøper heller ikkje Hofsvang si forståing av KI som eit kunstnarleg verktøy.
– Når du trekkjer frå alle menneskelege element, som du har gjort med KI, synest eg ikkje lenger at det bør serverast som kunst, seier han.
Wold meiner KI-bruken fjernar det han ser etter i kunst.
– Først og fremst synest eg ikkje det såg noko pent ut. Det hadde sikkert vore kult som abstrakt kunst viss det hadde vore måla, eller viss det hadde vore eit fotografi av noko slag. Men du fjernar alle dei elementa eit kunstverk skal ha, når du trykkjer på nokre knappar og genererer det, seier Wold.
Han forstår at verket kan vere meint som ein kommentar til KI, men meiner poenget kunne vore formidla på betre måtar.
Det går an å bruke desse bileta som del av ein forskingsartikkel. Men ikkje vis dette fram som kunst.
– Det kan formidlast på veldig mange betre måtar. Det går an å bruke desse bileta som del av ein forskingsartikkel. Men ikkje vis dette fram som kunst, seier han.