Kjellerpub
Skjenken dukka opp klokka 10 på kjellerpuben
Dei frivillige på kjellerpuben Escape fekk sjokk då skjenken dukka opp klokka 10 på dagen. Kommunen sjølv nektar for at det var nokon skjenkekontroll. No har kjellarpubane komne saman for å spørja kva det er som foregår.
– Me trudde det var to kundar, so viste dei oss plutseleg vektar-ID.
Det seier Evgeny Pivovarskiy (22), kafésjef på kjellarpuben til Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo (UiO), Escape. På kvelden er det ein av mange kjellerpubar på Blindern, men på dagtid fungerer han som kafé. UiO tillet ikkje sal av alkohol før klokka 15.
Passiv kunnskap
Pivovarskiy fortel at onsdag førre veke klokka 10 på føremiddagen kom det to menn inn i kaféen der han stod i skranken. Dei var frå Næringsetaten, som utfører skjenkekontroll på barar i byen. Det var han ikkje budd på.
– Eg har fått passiv kunnskap frå å jobba med barfolk, men det er ikkje noko eg har fått aktiv opplæring i, fortel han og legg til:
– Det er ikkje det fyrste du ventar deg i ein kafé.
Det er ikkje det fyrste du ventar deg i ein kafé
– Tykkjer du det gjev meining at du må forhalda deg til desse reglane?
– Altso, eg hadde føretrekt å ikkje handtera det òg.
Kafésjefen fortel at det er krevjande å forhalda seg til dette regelverket attmed andre arbeidsoppgåver knytt til stillinga
– Er eit slikt krav eit hinder for at du eller andre er aktive i studentpub?
– Det kjem an på, om eg må taka eit heilt grunnkurs med sluttprøve og heile pakka, ville det vore eit stort hinder.
Trår einannan på tærne
Barmedarbeidar Mila Toneff (24), som jobbar mykje i kaféen på dagtid, meiner at UiO allereie har gode rutinar for å fylgja opp at barane ikkje sel alkohol før etter klokka 15. Tilsette frå UiO er innom i ny og ne, for å trygga at regelverket vert fylgd opp.
Ifylgje barmedarbeideren er det eit problem når skjenkekontroll kjem so lite som éin gong i året. Og når dei fyrst kjem, er det på ei tid universitetet held oppsyn. Ho meiner det er kritikkverdig at dei kjem på føremiddagen.
– Det er veldig spesielt. Me er jo ein kafé på dagtid og det er som sagt ikkje so mange dagar i veka me held open bar, då er det jo andre rutinar.
Ho understrekar at det er ein skilnad på bartid og kafé og at dei alltid sjekkar legitimasjon og har folk med rett kompetanse når dei sel alkohol. Ho synest reglementet til universitetet og kommunen trår einannan på tærne:
– Eg tykkjer det skal vera ein slags avtale mellom kommunen og UiO om dette.
Feil i kommunikasjon
Markus Lønn (25) og Soraya Hammochi (22) sitt begge i styret til kjellarpuben Uglebo ved Det humanistiske fakultet. Dei synest ikkje noko om at kafétilsette må vera budd på å fylgja opp skjenkereglar når dei ikkje jobbar med skjenk.
– Det er veldig spesielt, seier Lønn.
– Dei fleste kaféar og utestader har ulike tidssoner med ulike reglar.
Hammochi seier seg samd:
– Det er rart at dei brukar middel og energi på dette, eg skjønar ikkje kvar logikken er.
Samstundes meiner Hammochi at dei som står i kaféen helst skal ha greie på alkohollova:
– Om du har éin person som er ansvarleg for kaféen, so reknar eg med at dei òg har styring på alkoholloveverket og korleis å handtera skjenk.
Lønn har ein teori om reglementet vert handheva dobbelt.
– Det er jo mangel på samkøyring. Kommunen og universitet greier jo ikkje å kommunisera om dette, og det endar i fruktlaust byråkratisk arbeid.
Det endar i fruktlaust byråkratisk arbeid
Han forklårer at Escape og dei andre kjellarpubane krev gyldig student-ID som er handsama av universitetet. Ifylgje han er det då ikkje rart dei ikkje var budde på kommunal skjenkkontroll.
– Feilen i kommunikasjon og ressursbruk ligg på kommunen og universitetet, ikkje styret. Det ville ikkje falle meg inn å læra opp dei som står i kafé i skjenkelova, eg tykkjer me skal vera nådige.
Vil ha oppklåring
Måndag denne veka sende kjellarbarane spørsmål til Næringsetaten i Oslo kommune. Dei vil ha oppklåring i korleis reglementet vert fylgd opp i framtida. I e-posten spør dei om kommunen ventar at alle frivillige skal ha opplæring i alkohollova og skjenkereglar, sjølv dei som berre jobbar på dagtid når det ikkje er alkoholservering.
Dei lurar òg på om det kjem til å skje fleire kontrollar i kafétid når dei som regel berre har bardrift på dei fleste barane på kampus på fredagar. Kjem etaten til å halda fram å sjekka at det vert skjenka etter reglane når UiO ikkje tillet dei å skjenka?
Rettleiingskontroll, ikkje skjenkekontroll
Anders Aurmo, avdelingsleiar for alkohol og tobakk i næringsetaten, avviser at det var skjenkekontroll på Escape den dagen. Han skriv i ein e-post:
«Det stemmer at det var på ein rettleiingskontroll på det aktuelle tidspunktet.»
Dette er ein type kontroll der dei saumfer rutinane på baren og ser på dokumentasjon.
«Denne type kontroll vert som regel gjennomført på dagtid då tilsette har betre tid til å snakke med oss,» forklårar han og legg til:
«Det er jo ein kontroll etter alkohollova, men sidan det ikkje vert skjenka alkohol på tidspunktet kontrollen vert gjort, legg me vekt på rettleiing.»
Avdelingsleiaren kjenner seg ikkje att i at dei har manglande samarbeid med UiO.
Kommunikasjonssjef på UiO Julie Øybø forklårer at dei ikkje har noko juridisk ansvar for kjellarpubane.
«Avtalen UiO har med foreiningane seier at dei som driv sjølve er ansvarlege for å overhalde gjeldande lover og fyresegner til alle tider,» skriv ho.