NORDISK FRONT: Dei utsendte til NOM meinte studentar i dag blir for lite høyrt i Bologna-prosessen, og etterlyste meir påverknadsmulegheiter.

Vil hemmeleghalde velstand

Fleire studentorganisasjonar frykter at synleggjering av det høge nivået på studentvelferda i Norden vil gje redusert velferdstilbod. Den europeiske studentunionen vil likevel ha klare måltal. Rangeringar av høgare utdanningsinstitusjonar trugar kvaliteten og mangfaldet i utdanninga, meiner studenttillitsvalde.

Publisert Sist oppdatert
NORDISK NETTVERKSBYGGING: Nordisk organisatorisk møte vart i helga arrangert på Island. Frå Noreg møtte (frå venstre) Jeanine Bruun (StL), Ina Tandeberg (StL), Marte Sendstad (NSU) og Even O. Sørland (NSU).
PÅ HOGGET: Alma Joensson og Olav Øye frå Europeisk studentunion møtte på den nordiske og baltiske studentkonferanse for å få innspel til lobbyverksemda i Brussel.

Bolognaprosessen

  • Mellomstatleg samarbeid mellom 46 europeiske land.
  • Starta opp med Bologna-fråsegna i 1999. Inneber ein visjon om eit europeisk område for høgare utdanning innan 2010.
  • 10 satsingsområde. Blant desse samanliknbart gradssystem, felles system med studiepoeng og større mobilitet av studentar og akademisk tilsette.
  • Den sosiale dimensjonen er integrert i prosessen som ei overordna målsetjing. Lik rett til utdanning, både når det gjeld tilgang, levekår og demokratisk deltaking, er det sentrale innhaldet.
  • I ESU sitt policy paper om den sosiale dimensjonen blir det stilt krav om innsamling av klare komparative data på området.
  • Kjelder:

    [Kunnskapsdepartementet](http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/Ryddemappe/kd/norsk/tema/utdanning/hoyereutdanning/tema/kvalitetsreformen/Bologna-prosessen.html?id=415724)

    [Bolognaprosessen si offisielle nettside](http://www.ond.vlaanderen.be/hogeronderwijs/bologna)

    [Europeisk Studentunion (ESU)](http://www.esib.org/)

ESU og NOM

  • Den Europeiske studentunionen (ESU) er ein paraplyorganisasjon for 49 studentunionar i til saman 38 land.
  • Høgaste organet er styremøtet som har møte to gonger i året. Alle land har to røyster.
  • Føremålet er å representere studentinteresser på europeisk nivå, især overfor den Europeiske Unionen, Europarådet og Unesco.
  • Nordisk Organisatorisk Møte (NOM) er eit regionalt samarbeidsnettverk for studentorganisasjonar i heile Norden og Baltikum.
  • Møtes to gonger i året for kombinert seminar og møte. Fråsegner kan berre bli vedteke når alle unionar tilstades er samde.
  • Føremålet er å samle informasjon og diskutere og fremje student- og utdanningsinteresser.
  • Kjelder:

    [Den europeiske studentunionen](http://www.esib.org/)

    [Nordisk Organisatorisk Møte](http://www.syl.fi/english/nom)

    Fryktar einsretting

– Hvis dette kjem med i den vidare Bologna-prosessen, trur eg det kan vera til skade for oss. Det vil koma fram at vi har blant dei beste ordningane i Europa, og det vil framstå som at vi ikkje treng meir pengar til studentvelferd, seier Stinna Gammelgaard, nestleiar i Danske Studerendes Fællesråd.

«Nordisk organisatorisk møte» (NOM), eit nettverk av studentorganisasjonar i alle nordiske og baltiske land, var i helga samla i Reykjavik på Island for å diskutere Bologna-prosessen etter 2010. Trass i at den sosiale dimensjonen, som handlar om studentvelferd og lik rett til utdanning, vart mykje diskutert, var han knapt nemnt da framlegget til fråsegn låg klart søndag ettermiddag. Det var ikkje tilfeldig. Fleire uttrykte frykt for minstestandardar på europeisk studentvelferd som ville ligge langt under dei nordiske landa, og dermed gjera det vanskelegare å fremje studentkrav i landa med høgast studentvelferd. Alma Joensen, medlem av arbeidsutvalet i Den europeiske studentunionen (ESU), meiner denne frykta er heilt grunnlaus.

– Klare målsetjingar er naudsynt, og ESU vil jobbe for det. Ting må framleis gjerast, seier ho.

Primus motor

Noreg var representert på NOM gjennom Norsk Studentunion (NSU) og Studentenes Landsforbund (StL). Dei norske fremja saman eit tilleggsframlegg til fråsegna, der det vart uttrykt at nordiske og baltiske land skulle vera primus motor i utviklinga av den sosiale dimensjonen.

– Den sosiale dimensjonen er eit underliggande mål som må knytast tett opp mot dei andre måla i Bologna-prosessen, og eg meiner derfor at det var viktig å behalde dette vidare etter 2010. Dei nordiske og baltiske landa bør vera pådrivarar innan dette feltet, seier Marte Sendstad, internasjonalt ansvarleg i NSU.

– Deler du frykta for indikatorar som viser at Norden har høg studentvelferd?

– Vi vart ikkje samde om utforminga av indikatorar på møtet. NSU har ikkje politikk på dette spesifikt, og eg kan derfor ikkje uttale meg meir om det.

Baltikum lenger bak

Situasjonen i dei baltiske landa er noko annleis enn i dei nordiske. Grete Mági frå Estland seier det er heilt vanleg å ha full jobb ved sidan av fulltids studium for å klare seg, og at skulepengar er ganske utbreidd, spesielt på institusjonar for fag som økonomi, sosiologi og statsvitskap. Asta Janonyte frå Litauen fortel at studentane der får lån frå staten, men langt mindre enn dei treng for å klare seg.

Gammelgaard, som tidlegare har vore medlem av arbeidsutvalet i ESU, meiner at heller ikkje desse studentane vil tene på den lina som den europeiske studentorganisasjonen har lagt seg på.

– Til no har vi ikkje sett betringar som følgje av Bologna-prosessen, snarare tvert om. Skulepengar er på full fart inn mange stader. Vi vil gjerne hjelpe studentar i andre land, men skal regjeringane endre haldning, må presset koma nedanfrå, ikkje frå Europa, meiner ho.

Magi frå Estland er samd med Gammelgard.

– Estland slit med underskot på budsjettet. Studentane har fått beskjed om å vera glade for at løyvingane til utdanning er dei same som før, sidan det er kutta på mange andre område. Politikarane har vanskeleg for å sjå verdien av å satse på studentar, sidan dette er langsiktige investeringar. Det er ikkje viktig for meg å fokusere på talfesting av den sosiale dimensjonen, mangel på politisk vilje er den største utfordringa vår, seier ho.

Justinas Isas frå Litauen har liknande synspunkt.

– Det spørs korleis ein definerer målsetjingane. Men det viktigaste er å ta opp kampen på eiga hand, seier han.

– Målsetjingar gir handling

Joensson i ESU held fast ved at det er naudsynt å jobbe for meir fokus på den sosiale dimensjonen på europeisk nivå, også ved å setja klar mål for kva ein forventar.

– Til no har ikkje dette vore ein av dei offisielle satsingsområda i prosessen. Frå ministermøta kjem det fagre ord, men ikkje noko meir. Klare målsetjingar gir handling, det veit vi frå før, seier ho.

– Men er det ikkje ei fare for at måltala blir på eit nivå som gjer at dei nordiske landa ikkje får noko å strekkje seg etter?

– Nei, det vil ikkje fungere slik. Vi vil truleg kjempe for ei målsetjing som seier at stønaden skal dekkje reelle levekostnader.

Frykter lågare standardar

Både svenske og finske studentrepresentantar støttar likevel kritikken som vart uttrykt på møtet. Stefan Björk, som var utsendt frå Sveriges Förenede Studentkärer, trur ei synleggjeringa av relativt god studentvelferd i Norden kan bli ei orsaking for å senke krava på andre område innan utdanning. Også Juso Leivonen frå SYL i Finland, vegra seg for å vedta noko som la seg på ESU si line.

– Standardane ville truleg bli lågare enn det vi ser i dei nordiske landa i dag. Det ville kanskje bli ei freisting for politikarane til å senke utbetalingane til studentane. Utgangspunktet er uansett at vi må ha ein konsensus på det vi vedtek her, og da var det best å ikkje nemne det, seier han.

Fråsegna, med tillegg, vart samrøystes vedteke, men berre som eit førebels innstilling. Utsendingane må no tilbake til dei reseptive organisasjonane for å få mandat til å vedta uttalinga. Fristen for å svare anten ja eller nei til heile teksten over e-post er ti dagar frå møteslutt søndag.

Fråsegna frå NOM-møtet tok også opp rangeringssystem av høgare utdanningsinstitusjonar. Rangeringar var ikkje ønskjeleg, på grunn av frykt for eindimensjonal framstilling av høgskolar og universitet.

Even O. Sørland, fagpolitisk ansvarleg i NSU, meiner det er fleire grunnar til å frykte eit slikt system.

– Rangeringa er eit uttrykk for haldningane til dei som gjer rangeringa. Men vi meiner studentane greier å ta eigne val basert på nøytral og god informasjon, seier han.

Sørland trur også rangeringane kan vera til skade for studentmedverknaden.

– Det er uroingsverdig dersom prioriteringane dreiar mot å blindt følgje rangeringskrava. Kvalitetsutvikling avheng av studentmedverknad, og det må skje lokalt.

Marte Sendstad, internasjonalt ansvarleg i NSU, er samd i at autonomien til dei ulike universiteta og høgskolane kan vera truga.

– Institusjonane kan føre seg pressa til å forhalde seg til det. Dei kan rekne med ein storm av telefonar om dei hamnar på botnen av rangeringane, seier ho.

– Men har ikkje rangeringane ein viss informasjonsverdi i mylderet av europeiske læringsinstitusjonar?

– I mangel på informasjon ser studentane på rankingane. Men ein kan jo ikkje setja opp ei liste, der det er meininga at alle studentar skal velja på toppen. Det blir ei grov forenkling. Rankingane kan ikkje på nokon som helst måte erstatte den informasjonen studentane treng.

Olav Øye, medlem av arbeidsutvalet i ESU og tidlegare leiar av StL, hadde på NOM-møtet eit seminar om rangeringssystem. Fleire av landa i Bolognaprosessen har uttrykt ønskje om ei europeisk rangering, og til våren skal ministermøtet drøfte kva prosessen etter 2010 skal innehalde. Øye seier ESU sin posisjon i denne saka er rimeleg klar.

– Vi vil ha info, ikkje rangeringar. Forenkla rangeringar som legg vekt på talet på nobelprisvinnarar eller publisering i vitskapelege tidsskrift, seier ingenting om utdanningskvaliteten. Dette er stikk i strid med prinsippet om at studenten skal vera i sentrum, meiner han.

Øye er i tillegg uroa for at dette skal vera ein måte å snike inn skulepengar på i høgare utdanning.

– Det skal vera attraktivt å studere i Europa, men rangering skal ikkje vera ei vare som ein skal kunne tene pengar på. Er dette berre del av ein måte å få skolepengebetalande studentar til Europa så er det feil, seier ESU-politikaren.

Powered by Labrador CMS