Vektlegg betydelig erfaring

Noregs musikkhøgskule (NMH) og Kunsthøgskulen i Oslo (KhiO) har ein snittalder på over 50 år, men uroar seg ikkje.

Publisert

Gjennomsnittsalder bland dei fagleg tilsette ved institusjonar knytt til SiO:

  • Kunsthøgskulen i Oslo: 50,6 år
  • Noregs musikkhøgskule: 50,1 år
  • Det teologiske menighetsfakultet: 46,9 år
  • Noregs idrettshøgskule: 45,7 år
  • Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo: 46,7 år (tal frå 2007)
  • Noregs veterinærhøgskule: 4,6 år (tal frå 2007)
  • Handelshøgskulen BI: 44,4 år (tal frå 2007)
  • Tal frå 2008. Kjelde: Database for høgre utdanning (DBH)

Dei fagleg tilsette ved utdanningsinstitusjonane knytt til Studentsamskipnaden i Oslo har ein snittalder på 48 år. Verstingane er Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO) og Noregs musikkhøgskole (NMH), som begge har ein gjennomsnittsalder på over 50 år. Rektorane ved skulane er likevel ikkje uroa over dei høge tala. Betydeleg erfaring hjå dei faglege tilsette vert sterkt vektlagt av rektorane hjå begge dei kreative høgskulane.

– At gjennomsnittsalderen på dei vitskapleg tilsette er høg tyder ikkje at kvaliteten er dårlig, seier Cecilie Broch Knudsen, rektor ved KhiO. Skulen har ni tilsette som er 67 år eller eldre.

– Gjennomsnittsalderen blant dei fagleg tilsette hos oss på kunstnarisk side vil nok ligge høgare enn andre arbeidsplassar, då vi legg til grunn at tilsette har hatt ei karriere før dei tek til som lærarar, seier Eirik Birkeland, rektor ved NMH.

Dei største utskiftingane ved NMH kjem ein til å sjå innanfor musikkhistorie, satslære og innanfor kyrkjemusikk. Birkeland er likevel ikkje i tvil om at ein kjem til å finne kompetente erstattarar. Hjå NMH har ein oppretta ein eigen komité som har ansvar for kompetanseutvikling bland dei fagleg tilsette.

– Det er sentralt at alle dei tilsette arbeider med vidareutvikling og kompetanseutvikling gjennom heile yrkeslivet. Kurs, seminar og vidareutdanning er ein sentral bit for alle dei tilsette.

Powered by Labrador CMS