Husrom: Det er rom for både store og små arrangement på Chateau Neuf, men no er kapasiteten begrensa.

Sprengd kapasitet på Chateau Neuf

Chateau Neuf er nesten fullbooka ut vårsemesteret. Med begrensa plass, står dei no i den vanskelege posisjonen der dei må avvise foreiningar som ønsker å bruke lokala.

Publisert Sist oppdatert

Henrik Evensen er ansvarleg for booking og utleige. Han fremjar deira unike kompetanse som ein nøkkelfaktor til populariteten.

– Lokala er nesten fullbooka til sommaren, men det er framleis nokre ledige tidspunkt, seier Evensen, og fortel om den store interessa for å bruke Chateau Neuf blant studentforeiningane.

Med over 350 arrangement i 2023, fordelt på 114 foreiningar, ligg alt til rette for ein like aktiv 2024. Det understrekar behovet for møtestader blant studentar og foreiningar, noko Chateau Neuf ønskjer å fylle, ifølgje Evensen.

Likevel må dei avvise foreiningar som no ønskjer å nytte lokala deira.

Presset kapasitet

Med over 450 foreiningar registrerte hjå SiO, hadde berre ein fjerdedel tilgang til Chateau Neuf sine fasilitetar i fjor.

Evensen påpeikar den avgrensa kapasiteten og oppfordrar til tidleg booking.

– Me anbefaler å booke minst ein månad i førevegen, men det er alltid verdt å sende ein førespurnad, seier han.

For dei som ikkje klarer å sikre eit eige rom, verdset Chateau Neuf bruken av barane og andre opne rom av studentane. Alternativt kan arrangement haldast på dei ulike utdanningsinstitusjonane, sjølv om det medfører visse avgrensingar, seier Evensen.

Det store ynskjet vårt er å vere sjølve kulturhuset for studentar i Oslo

Henrik Evensen, booking- og utleigeansvarleg ved Chateau Neuf

Likevel har Chateau Neuf ofte eksterne show som gjer at studentar ikkje får plass i barane heller. Dette ønskte ikkje Evensen å kommentere. 

I staden viser han til kommunikasjonssjef Ellisiv Sunde Myrva. På spørsmål om Chateau Neuf bør avvise dei eksterne, svarer ho følgjande:

– Jo, i ein perfekt verden, men no er det slik at vi har seks barar, og der det i hovudsak er Glassbaren og Bokkaféen som er open til vanleg og for studentane, seier Myrva og opplyser om at Bokkaféen er open tysdag til fredag, frå sju om kvelden til midnatt.

Foajéen og baren inne i Storsalen blir derimot brukt av publikum som skal på førestilling. Myrva meiner likevel at det er nødvendig.

– Tre dagar i veka, nokre månader kvart semester, har vi show på grunn av den kommersielle drifta. Det gir oss midlane til drift for studentane resten av året. Så er det framleis slik at Glassbaren og Bokkaféen gir plass til studentane.

Mykje kompetanse

Trass i den høge etterspurnaden, oppmuntrar Evensen til planlegging for større arrangement som krev meir omfattande førebuingar.

Presset: Henrik Evensen fortel om eit nesten fullbooka Chateau Neuf dette semesteret.

– Vi blir stadig betre og utviklar vår kompetanse kontinuerleg, spesielt når det kjem til å tilrettelegge for større arrangement med spesifikke tekniske behov, seier han og legg til:

– Det store ynskjet vårt er å vere sjølve kulturhuset for studentar i Oslo.

Sjølv ynskjer han til dømes å få fleire kulturarrangement som konsertar og førestillingar for studentar.

– Når det no er fullbooka, er det vel ikkje kapasitet til det?

– Sidan desse treng større planlegging, kan dei ikkje bookast inn på kort varsel. Derfor anbefaler me at ein booker slike arrangement i god tid.

– Då Universitas hadde ein artikkel om aktiviteten på Chateau Neuf i november 2022, fortalde du at de ynskte å verte endå betre. Føler du at de har klart å innfri dette ynskjet?

– Absolutt! Me opparbeidar oss ny kompetanse heile tida og blir stadig betre både når det gjeld kva me kan tilrettelegge for og tilby, spesielt når det kjem til utstyret.

Velferdstinget avviser konkurranse

Både eit fullbooka Chateau Neuf dei siste åra i tillegg til resultat på studentundersøkingar har gjort det tydeleg at det er eit behov for at studentforeiningane i Oslo har ein møteplass.

I 2021 kjøpte SiO og Velferdstinget St. Olav gate 23 (SO23) og jobbar no for å sikre finansiering for å pusse opp.

Tre dagar i veka, nokre månader kvart semester, har vi show på grunn av den kommersielle drifta.

Ellisiv Sunde Myrva, kommunikasjonssjef ved Chateau Neuf

Då Universitas spør om kva Evensen tenkjer om tilbodet som det er lova at SO23 skal ha på sikt, seier han at Chateau Neuf uansett vil framstå som eit heilt unikt tilbod for studentane i Oslo.

– Sidan student- og linjeforeiningar kan leige lokala våre gratis, har me ei heilt unik kompetanse som andre arenaer som til dømes SO23 ikkje vil kunne tilby når ein ser på planane som er lagde for huset. Dette gjeld spesielt i høve til utføring av større arrangement som konsertar og førestillingar kor ein treng spesifikke tekniske løysingar eller kapasitet for eit større publikum.

– Men korleis veit at det nye studenthuset ikkje kjem til å kunne tilby dette?

– Ut frå plantegninga så ser ein at det ikkje er langt opp til eit kulturtilbod som kan matche det vi har på Neuf. Det er møterom og nokre felles opphaldsrom. Men det blir ikkje eit kulturhus som Neuf er.

Til dette svarar leiar i Velferdstinget (VT) Karl Magnus Nyeng, følgjande:

– Sånn som det er no så har VT vedteke ein nedskalering av prosjektet så det må gjerast nye heilskapsvurderingar for korleis huset skal takast i bruk.

Han legg til:

– Vårt fokus er heile tida på at studenthusprosjektet skal vere eit supplementært tilbod og ikkje erstatte noko på Chateau Neuf, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS