Nye perspektiv: Førsteamanuensis i filosofi Ingvild Torsen etterlyser betre tilrettelegging.

Vil endre mannsdominert studie

Pensumlistene på filosofi er vorte meir mangfaldige det siste halvanna året grunna etterlysingar frå studentane. Likevel har ikkje instituttet konkrete tal på kor mange kvinner som har kome inn på pensumet.

Publisert Sist oppdatert

Pensumet på filosofistudiet har fått fleire kvinnelege forfattarar. I forfjor kritiserte fleire kvinnelege studentar på instituttet eit mannsdominert pensum. 

Dette meinte dei skapte dårlege haldningar til kvinner på studiet. 

No verkar tendensane til å snu, sjølv om ikkje alle er like fornøgde. 

Fleire kvinner og større kontekstualisering 

Nora Kvam Lundberg og Anine Hansen Stranda er begge førsteårsstudentar på bacheloren i filosofi. Dei fortel at det framleis er mange mannlege filosofar på pensum det første året, men at ein har litt fleire kvinner som primær- og sekundærlitteratur enn før. 

At dei mannlege stemmane er dominerande innan filosofihistoria er òg noko dei har fått kontekstualisert i undervisinga.

– I den første førelesinga i intro til filosofihistorie snakka førelesaren vår om kvifor det ikkje er så mange kvinner på pensum og kva som er problematisk med dette, fortel Stranda. 

Dette var noko dei begge sette pris på.

Vidare fortel dei at det vert mykje meir fokus på kvinner frå andre året. Då lærer ein i større grad på nyare filosofi. Der er kvinnelege filosofar er meir dominerande. 

– Har vore samarbeidsvillige

Benjamin Flatlandsmo Bergelen (23) er studentrepresentant for bachelorstudentane i filosofi. Han meiner pensumlistene har vorte meir mangfaldige, og viser til innføringsemna på bachelornivå. 

Han har opplevd at programrådet no har hatt stor vilje og forståing for at studentar har etterlyst større mangfald blant forfattarane på pensumet til studiet generelt. Til dømes har pensum i etikk vorte heilt nytt etter at problemet har vorte teke opp til diskusjon, seier han. 

Blitt betre: Studentrepresentantane Benjamin Flatlandsmo Bergelen (23) og Kasper Mikkelsen Vere (24) meiner pensumet på filosofi har utvikla seg positivt.

Studentrepresentant på masternivå Kasper Mikkelsen Vere (24) er einig. Han seier at han ikkje har hatt eit einaste fag på masternivå som ikkje har hatt kvinnelege forfattarar på pensum, sjølv om sjølve kjønnsfordelinga har vore varierande. 

«Her er emna lagt opp for å dekke eit underområde innan felta i filosofi som gjer at kjønnet til forfattarane på pensum varierer veldig avhengig av fag. Difor vil ein ikkje ha dei same problema ein har sett i innføringsemna på bachelornivå kor det ofte er veldig mannsdominert», skriv han i ein e-post til Universitas. 

Både Berglen og Vere meiner at mangelen på kvinnelege filosofar i fag som omhandlar filosofi i eit historisk perspektiv, til dømes når ein studerer antikken, har naturlege årsaker. Då den filosofihistoriske kanonen har ei overvekt av vestlege menn treng ein grunnleggjande forståing av desse for å delta i pågåande debattar, hevdar dei.

Nye retningslinjer 

Endringar: Det har kome nye retningslinjer for å fremje mangfald, seier professor Reidar Kiljan Maliks.

Som programleiar har professor Reidar Kiljan Maliks arbeidd med å få til endringar basert på kritikken frå studentane. Denne inkluderinga av kvinnelege filosofar og filosofar med minoritetsbakgrunn ser han sjølv på som eit spørsmål om rettferd og fagleg kvalitet.

Sidan forfjor er det oppretta ei gruppe som skulle sjå på kvinnerepresentasjonen på studiet.

«Då det vart oppdaga ein særs låg andel av kvinner på pensum kontakta fagleiar undervisaren for å bistå med dette», fortel Maliks.

I tillegg har dei utarbeida retningslinjer om inkludering av kvinner og minoritetar på pensum. 

Universitas har spurt om det finst konkrete tal på kor mange kvinnelege forfattarar som finst på pensum. Det seier Maliks at det ikkje gjer. Han grunngjev dette med at fagleiar ikkje har myndigheit til å bestemme kva tekstar som skal vere på dei ulike pensumlistene av tilsyn til akademisk fridom.

Då det vart oppdaga ein særs låg andel av kvinner på pensum kontakta fagleiar undervisaren for å bistå med dette.

Reidar Kiljan Maliks, programleiar for programråd i filosofi

Det er ikkje berre pensumlistene som har sett endring.

Ifølgje Maliks har ein fått tilnærma balanse i talet på kvinner og menn som er fast tilsette filosofar i fulltidsstilling. Dette er derimot ein prosess som har gått over lenger tid og er ikkje eit direkte resultat av diskusjonane kring pensumet. Denne balansen er, så vidt Maliks veit, ganske uvanleg i fagfeltet. 

–Ofte snakk om ressursar

Ei av dei som har vore medviten på å fremje kvinnelege perspektiv i filosofien er førsteamanuensis i filosofi, Ingvild Torsen. 

Ho bekreftar at dei på instituttnivå har snakka mykje om korleis å få fleire kvinner på pensum.

– Det vil jo ta tid å finne fram desse nye perspektiva sidan ein då ofte må lære seg noko nytt for å sette saman eit undervisningsopplegg. Sidan ein som akademisk tilsett har avgrensa med både ressursar og tid kan ein dessverre ikkje alltid gjere alle dei endringane ein skulle ønskja. 

Ein må få fram kvinnelege filosofar sidan desse gjer nye perspektiv

Ingvild Torsen, førsteamanuensis i filosofi

Torsen seier at ein må få fram kvinnelege filosofar sidan desse gjer nye perspektiv til dei mest dominerande stemmane. Difor meiner ho at instituttet må legge meir til rette for at ein arbeider heilt konkret med å anten utvikle idear til fag eller lære meir for å utarbeide undervisninga

Ho har vore faglærar i faget Feminist philosophy, kor all primærlitteraturen er skriven av kvinner. 

–Dette er jo kanskje det faget det har vore mest givande å undervise i. Studentane er veldig interesserte og engasjerte i seminara. I tillegg er det veldig positivt å få fremje desse nye og, for mange, meir ukjende perspektiva, avsluttar Torsen.

Powered by Labrador CMS