Når nett(lei)ene vert tronge og kulda set inn

Det er ikkje mangel på gode råd i avisene om korleis du kan spare straum. Problemet er at straumekspertane ikkje går langt nok. Difor gjer eg det.

Publisert Sist oppdatert

Winter is coming, eller vinteren kjem, som det heiter på nynorsk. Med skyhøge straumprisar og bitande kulde kan det fort bli hardt for ein student på studentbudsjett og deltidsjobb å betale straumrekninga.

Universitas har tidlegare skrive at ein må verte ei «straumhore» som byter straum- leverandør fleire gongar i året for å overleve. Dette er eit bra tiltak, men det er ikkje nok. Difor har eg greia ut tre forslag om korleis du kan spare straum!

Les også: Nervøse jenter som kommer og nervøse jenter som går

Gjer kledevasken i Akerselva

Aner du kor mykje det kostar å køyre ein vaskemaskin? Du kan faktisk spare fleirfaldige kroner ved å ta kledevasken i Akerselva med eit gamalt vaskebrett og godt humør.

Å vaske kler i elv er sterkt undervurdert. Det er billeg, god trening og ikkje minst ein god arena for å treffe nye folk i same situasjon. Nokre av mine nærmaste vener trefte eg då eg vaska T-skjorter i botnen av Akerselva.

Nokre av mine nærmaste vener trefte eg då eg vaska T-skjorter i botnen av Akerselva

Dessutan er det verdt å hugse på at om dei klarar å overleve på Farmen sesong etter sesong med utstyr frå hundre år tilbake, bør vi studentar klare det same.

Gjer som campusrotta

Visste du at biblioteket på Blindern er open frå klokka åtte til ti kvar ukedag? Det er månge oppvarma offentlege bygg som ikkje vert

brukt.

Det er ingen skam å opp- halde seg 14 timar på universitetet når ein kan spare på rekninga! Og om du verkeleg er dedikert, kan du òg overnatte i biblioteket på Juridisk fakultet. Vektarane giddar aldri å sjekke bokhyllene for maritim eiendomsrett. Sjølv søv, dusjar og traktar eg kaffi på universitetet for å skåne straumrekninga. Det er ingen skam i bli ein campusrotte som går i dvale på Blindern om vinteren.

Les også: Vær en klisjé

Skaff deg Tinder eller Grindr

Kvifor varme opp din eigen bustad når ein kan sove hos nokon andre? Om straumrekninga vert for høg, kan du teste ut ein eller fleire spennande deitings-appar som finst på kjøttmarknaden.

Det er berre å sette i gong med å sveipe! Best case treff du din utkåra, mens worst case treff du nokon som i alle fall har råd til å varma opp leilegheita si. Eller så kan ein alltid også gå old school og heller sjekke opp nokon på by’n. Då er det berre å ta seg saman, senke standardane og ta turen innom Heidi’s måndag, tysdag, onsdag, torsdag osv.

Det er mykje spennande som finns på diverse dansegolv der ute, og det er berre å slå seg laus! Finn nokon som verkar greie nok (og som du er 93 prosent sikker på ikkje har ein Fritzl-kjeller på studenthybelen sin), bli med dei heim, og voilà: Du sparer straum!

Men frå spøk til alvor: Denne vinteren kjem til å bli hard for fleire. Det kostar nemleg å varme opp kollektivet, dusje og lage mat. Og det er ikkje akkurat slik at ein berre kan slutte å bruke straum.

Difor bør ein spørje seg kva myndigheitene kan gjere? Ein idé kan vere å innføre ein progressiv straumpris, kor straumprisen aukar desto meir du bruker straum. Slik vil dei som bruker straum til det nødvendige, betale mindre, mens dei som varmar opp oppkøyrselen til den andre hytta si med varmekablar, betale meir.

Powered by Labrador CMS