Samenes nasjonaldag
Etterlyser eit samisk fellesskap i hovudstaden
Med unntak av dei offisielle markeringane 6. februar, melder fleire samiske studentar at dei står att utan faste møteplassar i Oslo.
Samanes nasjonaldag 6. februar blir markert med flagg, festtalar og arrangement over heile landet. Også i Oslo finst det offisielle markeringar, men for mange samiske studentar er nasjonaldagen meir stille enn festleg.
– Det er ein festdag, men den kjem litt brått på kvart år, seier Eila Balovara Varsi (25), samisk student busett i Oslo.
Samane er urfolk i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dei har fleire språk og ein variert kultur med djupe historiske røter. Varsi vaks opp i Finnmark og er van med å feire dagen i samisk fellesskap. I Oslo opplever ho feiringa som annleis.
– Det finst markeringar som frukost på Rådhuset, men der må ein vere rask for å få plass. Ellers varierer det mykje frå år til år.
Alt på ein dag
Nasjonaldagen markerer det første samiske landsmøtet i Trondheim i 1917, og har blitt ein viktig dag for synleggjering av ein minoritet som historisk har vore utsett for fornorsking og marginalisering.
Varsi peikar på at samisk kultur ofte blir samla rundt ein symboltung dato.
– Det er veldig typisk at institusjonar plutseleg kjem på at «å, det er samanes nasjonaldag», og så pressar dei inn alt av samisk innhald akkurat den dagen. Etterpå er det veldig stille resten av året.
Ho meiner dette gir synlegheit, men ikkje nødvendigvis eit fellesskap.
– Det bur mange samar i Oslo, men samisk tilknyting er lite synleg i studentmiljøet. Det finst samiske tilbod, men mykje skjer på dagtid, noko som passar dårleg for mange studentar.
I 2020 blei det starta ei samisk studentforeining i Oslo - Saemien Studeenth Oslovisnie – nettopp fordi det mangla ein slik møteplass. Foreininga er no lagt ned, og i dag finst det ingen aktiv samisk studentforeining i hovudstaden.
– Oslo er stort og sidan folk bur spreidd, er det vanskeleg å samle dei utan sterke strukturar, seier Varsi.
Kjensle av samhald
Det finst ingen offisielle tal på kor mange samar det er i Oslo, sidan etnisk bakgrunn ikkje blir registrert i Noreg. Likevel, ifølgje Sametingets valmanntal var det registrert 1 572 samar i Oslo, men talet er truleg større enn det.
Varsi meiner behovet for samiske møteplassar gjeld alle aldersgrupper, men at studentar ofte fell mellom to stolar.
– Vi treng fritidstilbod, kultur- og idrettsaktivitetar og sosiale møteplassar, ikkje berre markeringar og enkeltdagar.
For samiske Kornelia Elise Kristensen (20), fagansvarleg for natur i Natur og Ungdom (NU), handlar 6. februar først og fremst om fellesskap. Ho seier nasjonaldagen får ekstra tyding når ein bur langt frå dei samiske kjerneområda, og at det å sjå og møte andre samar i Oslo gir ei kjensle av samhald.
– I ein storby som Oslo treng samiske studentar og ungdom møteplassar også resten av året, ikkje berre éin dag der alt skjer på ein gong.
– Vi treng eigne rom
Andrine Elise Salangli (24), leiar i Oslove Noereh, som organiserer samisk ungdom i hovudstaden, kjenner igjen utfordringa. Ho seier mange samiske ungdomar og studentar kan kjenne seg usynlege i byen.
– Når ein er minoritet må ein ofte forklare seg sjølv eller svare på spørsmål på vegner av alle samer. I våre eigne rom kan ein berre vere seg sjølv og dele erfaringar på ein annan måte.
Oslove Noereh arrangerer alt frå kultur- og handverkskveldar til sosiale samlingar, og har førebels rundt 30 aktive medlemmar i alderen 12 til 30 år. Samstundes saknar Salangli eit tydeleg studentnettverk.
– Som student saknar eg eit samisk studentfellesskap, mange av oss ønskjer ein møteplass der vi kan diskutere fag og samiske perspektiv saman.
Ho meiner slike lågterskel-møteplassar er ekstra viktige i ein storby der mange flyttar til og frå.
– Viss du ikkje går i kofte eller sjal, så ser ein ikkje nødvendigvis kvarandre, og då er det lett å forsvinne i mengda.
Engasjement i bølgjer
Dei siste åra har samiske rettar fått mykje merksemd i offentleg debatt, særleg etter Fosen-saka.
– Etter Fosen var det mykje merksemd, men så fall det av igjen. Eg er glad for at nokon orkar å ta kampen, men det er også slitsamt, fortel Varsi.
Kristensen frå NU meiner at blant anna Fosen og Repparfjorden har gjort fleire meir medvitne på at samiske rettar ikkje kan ofrast i grøn omstilling.
– Viss folk blir meir bevisste og stiller spørsmål ved korleis utbygging påverkar reindrifta, er eg fornøgd, fortel Kristensen.
Det er ofte dei same ildsjelene som dreg lasset år etter år.
Meir enn ein merkedag
Både studentar og ungdomsorganisasjonar peikar på at ansvaret for samisk synlegheit i Oslo stadig blir lagt på enkeltpersonar og frivillige.
– Det er ofte dei same ildsjelene som dreg lasset år etter år, og det er sårbart, seier Salangli.
Ho etterlyser meir langsiktig ansvar, også frå universitet og studentmiljø.
– Målet er ikkje store markeringar ein dag i året, men å gi plass til samisk språk, kultur og samiske synsmåtar i kvardagen.
Det handlar ikkje om å bli sett ein dag, men om å ha ein plass å høyre til.
Når 6. februar kjem, håpar både Varsi, Kristensen og Salangli at dagen kan bli meir enn ein symboldag.
– Eg håpar samanes nasjonaldag kan vere ein dag der vi kjenner oss heime i byen, men også ein påminning om at samisk liv finst her heile året, fortel Salangli.
Varsi deler ønsket:
– Det handlar ikkje om å bli sett ein dag, men om å ha ein plass å høyre til.