Øvar med bismak: Siri Storheim bruker dagane på å øve repertoar til masterkonserten, men det er med ein bismak

Kritiserer snevert mangfald på NMH

Masterstudent ved Norges musikkhøgskole etterlyser grep for meir mangfald og representasjon på dirigentpodiet. Skulen seier dei skal prioritere tiltak.

Publisert

Siri Storheim (27) sit på eit øverom på Norges Musikkhøgskole (NMH) med eit valthorn og øver til masterkonserten ho skal ha dette semesteret.

Ho har gagna merksemd etter eit lesarinnlegg ho skreiv i kulturmagasinet Kontekst, kor ho reagerte på at det er for få kvinnelege komponistar og dirigentar å sjå på semesterprogrammet til Noregs Musikkhøgskule (NMH).

Kritikken er særleg retta mot symfoniorkesteret.

– Noreg heng etter

Musikkstudenten har snart seks år med musikkutdanning på ryggen, men verka ho har spelt, og dirigentane som har stått på podiet, har vore sterkt dominert av menn. I lesarinnlegget skriv ho blant anna: «I løpet av seks år på Norges Musikkhøgskule, har eg jobba med éin kvinneleg dirigent éin gong i regi av skulen (med unntak av dirigentstudentar)».

Storheim utdjupar for Universitas:

– Det er eit problem i klassisk musikk, og problematikken eg skreiv om i kronikken omhandlar hovudsakleg symfoniorkester. Den klassiske musikken har alltid vore vestleg og elitistisk. Ho viser til 17- og 1800-talet, då det ikkje var mange kvinnelege komponistar.

Likevel: – Klassisk musikk omfattar også samtidsmusikk og avgrensast sånn sett ikkje.

Viktige instrumentar: Horn og messingblås er ein essensiell del av eit symfoniorkester.

Men som i litteratur er det ofte dei største forfattarane som kjem i fokus. Storheim meiner ein del av problematikken ligg i repertoaret, med få kvinnelege komponistar og på dirigentpodiet, i tillegg til at det ikkje spelast nok ny musikk på NMH:

– Da kjem det sjølvsagt veldig få kvinnelege komponistar i tillegg. Sjølv har eg spelt musikk av kvinner i løpet av studietida, men ikkje fordi skulen eller lærarane har teke initiativ til det.

– Dirigentane har ein litt større symbolsk verdi fordi dei faktisk er til stades i salen, noko komponistane ofte ikkje er, med mindre dei fortsett er i live, noko dei er av og til. Storheim nemnar fleire ting ho meinar er strukturelle problem i den klassiske musikkverda, ikkje berre på NMH.

Ho trekk fram ytringskultur og at det ikkje er så mange som tør å seie ifrå om desse sakene, fordi dei same personane ein jobbar og studerer med, er dei som kan gi ein arbeid seinare.

– Eigentleg er det veldig skummelt å kritisere noko som helst, då veldig mange av dei som jobbar på NMH, og som generelt er i bransjen, ofte er profesjonelle musikarar sjølv.

Ein blir nervøs for å øydelegge ryktet sitt, seier ho.

USA vs Norge

Eit utvekslingsår ved University of Southern California i Los Angeles skulle vise seg å vere ein aha-opplevelse for Storheim. Der nyttar undervisarane seg blant anna av EDI-reglar (Equality, diversity and inclusiveness).

Ho samanliknar tilstanden i Norge med opphaldet, og seier mangfoldet av kvinnelege komponistar og dirigentar var mykje større enn her heime. – EDI-reglane og strategiane der borte kan vere litt ekstreme.

Mange av desse kom etter drapet på George Floyd, og mange organisasjonar føler at dei må redde sitt eige skinn. – Det som dog har kommet ut av det, er at ein blir veldig bevisst på hensyn ein må ta når det kjem til inkludering og aksept for mangfold.

Ho viser til at det var vanleg at professorane tok seg sjølv i å sei eller gjere noko som gjekk mot EDIreglane. Storheim meiner det fine med USA var at ein kunne ha åpne diskusjonar og samtalar rundt tematikken.

Klassiske notar: – Den klassiske musikken har alltid vore elitistisk, seier Storheim.

Ho meiner vi ikkje har komt heilt dit her i Norge. – I LA Phil (Los Angeles Philharmonic Orchestra, journ.anm.) spelte dei nesten alltid eit nytt verk. Mykje frå sør-Amerikanske komponistar og generelt mykje forskjellige folk, ikkje berre Brahms og Beethoven.

– Har det skjedd ting du meiner er i positiv retning på NHM siden du starta som student?

– Det er ikkje så annleis no enn da eg starta. Definitivt er rektoratet som blei valt for eit år sidan mykje meir bevisst på mangfold og likestilling, men fortsatt meiner eg det er mykje prat og lite handling. Eg ser likevel ein endring i haldningane studentane har no enn då eg begynte. Eg er jo blitt ein gammal student, seier Storheim.

Tar kritikken på alvor

I etterkant av Storheim sitt lesarinnlegg i Kontekst, vert det avholdt eit styremøte på musikkhøgskulen.

Saka vert også teken opp på Dagsnytt 18. «Vi har foreslått likestilling og mangfald som eit prioritert tiltak for 2023, og følgjer med både på pensumlister og ikkje minst repertoar på konsertar på NMH med tanke på å få inn eit større mangfald», skriv rektor ved NMH Astrid Kvalbein i ein e-post til Universitas.

Samtidig må ynskje om endringar frå ledelsen balanserast mot hensyn til kunsterisk og akademisk friheit for dei som undervisar, meinar ho. Universitas skreiv i fjor ei sak om avkolonisering av pensum på NMH.

Leiinga ved NMH erkjente kritikken frå studentante, og på spørsmål om dei mannsdominerte fagfelta svarte Kvalbein då: «Hos oss er det på komposisjon at talla er spesielt dårlege, med knapt ein eneste kvinneleg ansatt. Sånn kan vi ikkje ha det».

Rektoren forsikrer no at dei har gjort aktive endringar sidan fjoråret, ved mellom anna å ha «rekruttert fleire kvinner inn i mindre stillingar ved å kalle dei inn i spesielt mannsdominerte fagmiljøer, blant anna på fiolin, dirigering og komposisjon, pluss to instrumentalister/komponister på jazz».

Videre skriv Kvalbein at dei gjør så godt dei kan for å leggje til rette for eit åpent ytringsrom på NMH. Ho meiner problemstillinga må tas på alvor, og viser til at det ofte er flytande overgangar mellom student- og frilanstilveringa.

«Vi skjerpa fokuset på etikk og bevisstheit om makt i lærarstudentrelasjonen, og vi har styrka systemene for å varsle om forhold som opplevast som ugreie», skriv ho. Problemstillinga har vorte teken opp fleire gongar og over fleire år.

Storheim skriv i lesarinnlegget at motivasjonen for å ytre seg om saka ikkje er at ho er overraska, men heller «utruleg lei».

«Ho meiner det framleis er mykje prat men lite handling?»

«Eg forstår godt at Siri Storheim er utålmodig, men eg håper også at ho ser noko av det vi har gjort i vårt første år som rektorat, og kan tro på både at ord virker og følges av handling», svarar Kvalheim og fortset:

«At ho set likestilling og mangfald på dagsorden, synest vi aller mest er inspirerande og eit dytt i riktig retning». Barratt Due Musikkinstitutt hadde ikkje høve til å uttale seg til saka og svarer difor ikkje på spørsmål om representasjon på studiet.

For ordens skyld: Siri Storheim er tidlegare journalist i Universitas.

Powered by Labrador CMS