
Aktivisme
Kjem aldri til å akseptere sjødeponi
Aktivistar frå heile landet har reist til Repparfjorden i Finnmark for å stanse det dei meiner er eit av dei mest alvorlege miljøinngrepa i norsk historie. Ordførar seier alle ledd har godkjent drifta.
– Vi er her fordi gruveselskapet Nussir planlegg å sprenge seg inn i fjellet og dumpe 30 millionar tonn gruveavfall rett i Repparfjorden, seier Helene Smit.
Sidan 15. juni har ho budd i protestleiren ved fjordkanten. Returbillett har ho ikkje.
– Dette har vore ein kamp i over tjue år. Miljøorganisasjonar, sjøsamiske foreiningar og lokalbefolkninga har stått saman. Det har vore eit naturleg samarbeid.
Likheit med Førdefjorden
Repparfjorden er ikkje berre ein vakker fjordarm i Hammerfest kommune. Ho er ei nasjonal laksefjord, med ei av dei viktigaste lakseelvane i fylket. Her finst gyteområde for kysttorsk i Nord-Noreg, sjøaure og villaks.
– Dette er ikkje plassar ein kan gamble med, seier Smit.
– Det som skal sleppast ut, inneheld koppar som kan skade livet i fjorden og forringe vasskvaliteten i generasjonar.
Ho trekk parallellar til Førdefjorden, der det òg har vore kamp mot sjødeponi.
– Likheitene er mange. Men her kan vi faktisk stanse det politisk.
Fjerna av politiet
I løpet av sommaren har rundt 90 personar budd i leiren. Over 500 har vore innom for å vise støtte, frå heile landet og utanlands.
– Dei første dagane sat vi i lavvo framfor inngangen til området der dei skal bygge tunnelen. Etter at dei sperra oss ute, måtte vi oppskalere, fortel Smit.
28. juli tok dei med felleslavvo, utedo og alt dei trong, og gjekk inn på sjølve anleggsområdet.
– Politiet fjerna oss to dagar seinare. Det var siste aksjonen så langt. Men fleire her er villige til å risikere fengsel for å stanse prosjektet, seier Smit.
Uforsvarleg i det grøne skiftet
Utsleppsløyvet går ut i januar. Det gir aktivistane håp.
– Venstre, KrF, MDG og SV har alle sagt nei til sjødeponi, seier Smit.
– Vi har fleire politikarar som er villige til å handle.
Men ho er kritisk til dei som framleis forsvarar prosjektet.
Det er hykleri å snakke om å verne reindrifta, men samstundes støtte Nussir.
Helene Smit, Natur og Ungdom
– Kvifor kjempe for noko som kan øydeleggje fiskeri, reindrift og anna næring? Det er hykleri å snakke om å verne reindrifta, men samstundes støtte Nussir.
For Smit handlar dette òg om kva slags ressursbruk som er forsvarleg i det grøne skiftet.
– Europa skrik etter mineral, men vi må vite kvar grensa går. Kobber kan hentast frå urban mining – gamle avfallshaugar og resirkulering. Vi må bruke det vi allereie har, ikkje øydeleggje fjordar.
Ho meiner argumentet om «det grøne skiftet» blir misbrukt:
– Det er ikkje grønt å øydeleggje fjordar og truge urfolks levebrød. Det er same gamle historie.

Ordførar: – Kan skade demokratiet
– Vi forheld oss til Klima- og miljødepartementet. Kommunen er ikkje eigar eller part i prosjektet, men vi må respektere dei prosessane som er gjennomførte, seier Hammerfest-ordførar Terje Rogde (Høgre).
Han minner om at Nussir-prosjektet har fått alle nødvendige løyve gjennom ordinære prosessar:
– Gruvedrifta her er godkjend gjennom alle ledd. I eit demokrati må vi respektere det.
Ifølgje Rogde kan ingen vere hundre prosent sikre på korleis prosjektet vil slå ut på lang sikt.
Gruvedrifta her er godkjend gjennom alle ledd.
Terje Rogde (Høgre), Ordførar Hammerfest
– Det kan vere at gruvedrifta får konsekvensar vi ikkje ser no, men det kan òg vere at det går bra. Det som er sikkert, er at løyvet er gyldig, og at prosjektet har gått gjennom dei prosessane lova krev, seier han.
Rogde er tydeleg kritisk til dei politiske partia som ønskjer å stoppe prosjektet no.
– MDG, SV og Raudt seier dei vil stanse dette. Men å bruke saka i ein valkamp synest eg er forkasteleg. Det kan skade demokratiet kraftig og svekke tilliten til at politiske vedtak faktisk står seg, seier han.
Ulovleg i Førde
Midt i denne striden kom ei nyheit som fleire i Repparfjord-leiren tolkar som eit vendepunkt: Borgarting lagmannsrett har slått fast at dumping av gruveavfall i Førdefjorden er ulovleg.
Ifølgje NTB fekk Naturvernforbundet og Natur og Ungdom fullt medhald i at regjeringas tillatingar til dumping – frå 2016 og 2022 – er i strid med vanndirektivet og vannforskrifta. Dommen gjer vedtaka ugyldige på alle punkt.
– Helt fantastisk! Dette er ein stor siger for fjorden, fisken og folket, og denne dommen vil òg hindre forureining av andre fjordar, seier Sigrid Hoddevik Losnegård, leiar i Natur og Ungdom, til NTB.
Truls Gulowsen i Naturvernforbundet kallar det «historisk»:
– Tillatelsen til gruvedumping i Førdefjorden skulle aldri vore gitt. Vi forventar no at staten trekkjer tilbake løyva, seier han.
SVs Lars Haltbrekken meiner dommen må få følgjer:
– No må regjeringa stanse raseringa av fjorden umiddelbart – og stanse gruveverksemda i Repparfjord, seier han.
Symbolkamp
For Smit er Repparfjord-saka nettopp det: ein symbolkamp som no har fått vind i segla.
– Det er interessant korleis dei forskjellige fjordane i landet blir behandla. I Oslofjorden kjem det no meir tiltak, medan her skjer det inga endring, seier Smit og legg til:
–Eg har inga returbillett.