LUKSUSVARE: For Vilhelmas Kekstas har ost blitt eit symbol på kor dyr maten har blitt.

Harryhandel

På sparejakt over grensa

Når matprisane stig raskare enn studielånet, set studentar seg på toget mot svenskegrensa. Målet? Ein billig middag.

Publisert

Når fryseboksen byrjar å bli tom, veit Vilhelmas Kekstas kva han må gjere.

Då pakkar han fryseposar, finn fram bereposane og planlegg turen austover. Frå Oslo går vegen til Østfold, vidare mot svenskegrensa.

Målet er ikkje ferie, men kvardag: kjøtdeig, kylling, saft, knekkebrød, makrell i tomat, ost og snus.

Grensehandel er langt frå eit nisjefenomen. I 2025 handla nordmenn for 11,3 milliardar kroner på dagsturar til utlandet, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Dei mest populære handledestinasjonane ligg langs svenskegrensa, mellom anna Nordby, Svinesund og Charlottenberg.

Kekstas er 27 år og studerer musikkvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO). Han bur i kollektiv i Oslo, men har foreldre i Skjeberg, midt mellom Sarpsborg og Halden. Frå huset deira er det rundt tjue minutt med bil til Sverige.

På studentrommet står ein liten mini-frysar. Plassen er knapp, så alt må pakkast effektivt. Kjøtdeig blir klemt flat i porsjonar.

For Kekstas er Sverige-turane blitt ein del av studentøkonomien.

– Kjøper du tre-fire kilo kjøttdeig, deler det opp i poser og frys det ned, har du plutseleg mat i nesten ein måned, seier han.

Slik handlar studentane smart i Sverige

  • Sjekk prisane før du drar

  • Reis fleire saman og del transporten

  • Ta med fyrseposar og kjølebag

  • Fyll frysaren med kjøt og kylling

  • Storhandel framfor småturar

  • Kjøp berre varer med stor prisforskjell

  • Hugs tollgrensene

Jakta på billigare mat

Turane er sjeldan spontane. Før han reiser, sjekker han frysaren, ser kva som manglar og lagar handleliste.

– Eg har blitt hekta på saft, så det kjøper eg alltid. I Sverige kostar det kanskje 25 kroner. I Noreg er det nesten dobbelt så dyrt, seier han.

Med eit større handlestopp kan forskjellen fort bli fleire hundre kroner.

– Bruker eg 1500 kroner i Sverige, hadde det kanskje kosta 2200 i Noreg. Då er det plutseleg ganske mykje spart på éin tur.

De siste åra har matprisane i Noreg stige kraftig. Ifølgje SSB sin konsumprisindeks steig prisane på mat og alkoholfrie drikkevarer med 6,6 prosent det siste året. Berre den siste månaden steig prisane med 2,9 prosent.

KRYSSER LANDEGRENSA: Oslostudentar kryssar landegrensa for å handle billig mat.

Ein kartlegging frå NRK viste at ein svensk handlekorg med vanlege daglegvarer i snitt var rundt hundre kroner billigare enn ein tilsvarande norsk handlekorg.

Likevel er det ikkje alt som hamnar i handlevogna til Kekstas.

– Grønnsaker er ganske likt i pris, så det kjøper eg som regel i Noreg, seier han.

Sjølv utan bil, meiner han terskelen for å dra er lågare enn mange trur.

– Har eg ikkje bil, tek eg toget til Halden og buss vidare til Svinesund eller Nordby. Viss fleire reiser saman og planlegg litt, kan ein spare ganske mykje.

– Pengar spart er pengar tent, seier han.

Han kallar det nesten eit studenthack, ein måte å få studielånet til å vare lenge nok til neste utbetaling.

Når ost blir luksus

I ein studentkvardag med små marginar blir enkelte varer valde bort. For Kekstas har ost blitt eit symbol på kor dyr maten har blitt.

– Ost har blitt skikkeleg dyrt. Det er nesten ein luksusvare. Når ein begynner å sjå på heilt vanlege varer som luksus, seier det noko om kor dyrt ting har blitt.

Når ein begynner å sjå på heilt vanlege varer som luksus, seier det noko om kor dyrt ting har blitt

Vilhelmas Kekstas (27), student og harryhandlar

I Sverige kjennest det annleis. Der kan han leggje fleire pakker gulost i handlekorga utan å rekne i hovudet undervegs.

I butikken går blikket automatisk mot tilbodslappar og kiloprisar.

– Før handla eg meir spontant. No planlegg eg mykje meir, og då er det ofte dei dyraste tinga som ryker først.

OSTEKRISE: I Noreg er gulost luksus.

Billigare på den andre sida

For Kekstas handlar Sverige-turane om å få studielånet til å vare lenger. For samfunnsøkonom Jonas Slaathaug Hansen ved Økonomisk institutt ved UiO handlar fenomenet om noko større: norsk matpolitikk.

– Noreg har ein spesiell landbrukspolitikk som fungerer gjennom det me kallar tollvern, forklarar Hansen.

FORSKER: Jonas Slaathaug Hansen meiner ein må sjå på systemet bak prisane for å forstå forskjellen.

Toll på varer frå utlandet gjer import dyrare og bidreg til høgare prisar i Noreg enn i Sverige. Hansen anslår at mange varer i snitt er 20 til 30 prosent billigare i Sverige.

Samstundes meiner han at grensehandle ofte fører til at folk handlar meir enn hadde planlagt.

– Du kan ikkje berre kjøpe to flasker vin. Når folk først dreg til Sverige, prøver dei gjerne å fylle opp frysaren mest mogleg, seier han.

Kjøt, tobakk og importerte varer er typiske døme på varer som ofte er billigare i Sverige.

– Studentar er ofte i den delen av befolkninga med lågastinntekt. Når matprisane stig mykje, er det ganske rasjonelt å prøve å spare der ein kan.

Frå 1. april i år reduserte Sverige momsen på mat frå 12 til 6 prosent. I Noreg er momsen på mat framleis 15 prosent. Det kan gjere prisforskjellen endå større for nordmenn som handlar over grensa.

Med kofferten full av kylling

Kekstas er ikkje den einaste studenten som fyller bagasjen med frysevarer frå Sverige. Også Mustafha Traore har gjort Sverige-turane til rutine. Den 23 år gamle maskiningeniørstudenten ved Oslomet voks opp i Mysen, rundt ein halvtime frå svenskegrensa.

Traore byrja å reise til Sverige med familien som barn. No prøver han å få til ein tur omtrent ein gong i månaden, ofte når han besøker foreldra.

– Eg trenar og et mykje, så det går ein del kjøt og kylling. Det blir fort nokre kilo.

LÅNEKASSEN: Mustafha Traore fortel at for mange studentar er ikkje studielånet nok og at dei må jobbe ved sida av.

Når han handlar stort, endar summen gjerne på mellom 2000 og 3000 kroner. Likevel meiner han at turane løner seg.

– Eg merkar veldig godt forskjell på dei månadene eg dreg til Sverige og dei månadene eg ikkje gjer det. Matbudsjettet blir mykje høgare viss eg handlar alt i Noreg.

Matbudsjettet blir mykje høgare viss eg handlar alt i Noreg

Mustafha Traore (23), student og harryhandlar

– Spesialsjampo frå apoteket kan vere hundre kroner billigere. Godteri er òg veldig mykje billigare, seier han.

På veg heim er kofferten full av kylling, kjøt og sjampo. Når han kjem heim, går varene rett frå kofferten og ned i frysaren.

– Det er mykje enklare enn bag, seier han og ler litt.

Kofferten blir lettare å dra gjennom Oslo sentrum enn fleire tunge handleposar.

Ein sosial sparetur

Sjølv om pengar er hovudmotivasjonen, handlar ikkje grensehandelen berre om økonomi.

Ein dreg saman, et kanskje noko der og gjer ein dag ut av det

Mustafha Traore (23), student og harryhandlar

– Det blir litt sosialt òg. Ein dreg saman, et kanskje noko der og gjer ein dag ut av det, seier Traore.

Hansen meiner grensehandelen òg seier noko om prisnivået i Noreg.

– Det er eit teikn på at prisane i Noreg er høgare enn i Sverige. Elles hadde folk ikkje gjort det.

Ifølgje SSB held grensehandelen fram med å vere høg også i 2026. Berre i første kvartal handla nordmenn for 2,5 milliardar kroner på dagsturar til utlandet.

Han understrekar likevel at grensehandel ikkje alltid løner seg.

– Det kjem an på kor langt ein må reise, kor mykje ein handlar og kor mykje transporten kostar. Men for folk som bur nær grensa, kan innsparinga vere betydeleg.

For folk som bur nær grensa, kan innsparinga vere betydeleg

Jonas Slaathaug Hansen, forsker ved Økonomisk institutt, UiO

I mini-frysarar på studentrom rundt om i Oslo ligg svensk kjøtdeig pressa flat i porsjonsposar.

For stadig fleire studentar handlar ikkje Sverige-turane om smågodt eller billig snus. Det handlar om å få råd til heilt vanleg mat.

– Ein skal ikkje måtte tene 700 000 kroner i året for å ha det greitt, seier Kekstas.


Powered by Labrador CMS