YNSKJER TILTAK: Eman Ghazniwal meiner norske universitet kan gjere meir for afghanske kvinner.

Afghanistan

Fem år utan skule: – Eg vil ha fleire afghanske søstre her

Fem år etter Talibans maktovertaking er afghanske kvinner framleis stengde ute frå høgare utdanning. Nettstudium kan vere ein veg vidare.

Publisert

Taliban

  • Taliban er ei islamistisk fundamentalisk røsle som oppstod i Afghanistan i 1994.

  • Rørsla styrte Afghanistan frå 1996 til 2001, og tok makta på nytt i august 2021.

  • Kvinner er utestengde frå universiteta, medan jenter ikkje får gå på skule etter sjette klasse.

  • Taliban lova at jenter frå 7. til 12. klasse skulle få vende tilbake til skulen våren 2022, men trekte løftet tilbake.

  • Taliban-styret er ikkje anerkjent av FN, og Russland er det einaste landet som formelt har anerkjent styret.

Kjelder: SNL

LÆRER: Eman Ghazniwal var lærer i Afghanistan. Her gir elevene hennes en klem.

Då Taliban tok Kabul 15. august 2021, stod Eman Ghazniwal (24) midt i ein skuletime.

Ho var sjølv elev på vidaregåande, men jobba samstundes som lærar ved ein internasjonal skule i den afghanske hovudstaden. Den morgonen hadde mora bede henne bli heime. Provinsane rundt Kabul hadde falle, og Taliban nærma seg hovudstaden.

Ghazniwal drog likevel til skulen. 

Midt i timen kom beskjeden: Taliban hadde teke presidentpalasset.

– Eg måtte seia til elevene mine at dei måtte reise heim.

Elevane gjekk i femte klasse. Ei av jentene hadde nokre dagar tidlegare spurt kva som ville skje dersom Taliban kom. Skulle dei framleis gå på skulen? 

Ghazniwal håpa at skulen skulle halde fram og lova jenta det. Same dag stengde han. 

Fem år seinare studerer Ghazniwal sjølv statsvitskap på Honoursprogrammet ved Universitetet i Oslo (UiO). Jenta ho underviste, er no 16-17 år, og broren hennar har kunna halda fram på skulen, medan ho ikkje har fått formell skulegang, fortel Ghazniwal.

– Den jenta som var tolv då Taliban tok over, er no 17. Det er tapet av ein heil generasjon.

Fem år utan neste klassetrinn

Sidan Taliban tok makta, har jenter vore utestengde frå skule etter sjette klasse og kvinner frå universitetet, både som studentar og tilsette. Medieforskar Elisabeth Eide ved Oslomet har følgt Afghanistan i fleire tiår og reist i landet ei rekkje gonger.

Ho peikar på at jenter heller ikkje får delta i Kankor, den nasjonale opptaksprøva til universiteta.

– Ved universitetet kjem det ingen jenter inn, og det står kontrollørar i porten som sørgjer for at det er berre menn som slepp inn der.

Ved universitetet kjem det ingen jenter inn, og det står kontrollørar i porten som sørgjer for at det er berre menn som slepp inn der

Elisabeth Eide, medieforskar ved Oslomet

NÆRT PÅ: Elisabeth Eide har følgt Afghanistan gjennom fleire tiår.

Det finst likevel forsøk på å halda utdanningar i live. Eide fortel om forfattar, lærarar og andre intellektuelle som underviser jenter i det skjulte.

Ghazniwal seier at det finnes kvinner, som har åpnet heimene sine for jenter som ikkje lengar får gå på skulen.

– Dei må trekke for gardinene. Jentene kan ikkje kome som ei gruppe. Dei må koma ein og ein og bruke ulike vegar, seiar ho.

Kampen for å få utdanning fortsett, men i det skjulte.

Ghazniwa meiner nettstudium kan gi afghanske kvinner ein veg vidare. Ho har sjølv erfart kor avgjerande digital undervisning kan vera.

Før Taliban tok makta, blei òg skulen ho sjølv gjekk på stengt etter tryggingstruslar. Ho fekk stipend til ein nettskule, lånte ein PC og tok igjen tapt undervisning digitalt. Utan stipendet, nettskulen og menneska som satsa på henne som 16-åring, meiner ho at ho ikkje ville vore der ho er i dag.

Ti dagar etter maktovertakinga kom ho til Noreg. No er ho snart ferdig med bachelorgraden.

– Du studerer sjølv på Blindern. Korleis er det å sitje i ein førelesingssal når jenter på din eigen alder i Afghanistan ikkje får gjere det same?

– Det er noko eg tenkjer på kvar dag. Når eg tek T-banen til Blindern og går mot biblioteket eller førelesingssalen, tenkjer eg på alle dei som ønskjer og fortener det same, men som aldri får den plassen. Eg vil ha fleire afghanske søstre her.

Vanskeleg veg til norske nettstudium

Kva moglegheiter har så afghanske kvinner for å ta nettstudium frå Noreg?

UiO har ingen utdanningstilbod spesielt retta mot kvinner frå Afghanistan, opplyser studiedirektør Audun Digerud på e-post.

UiO har ei rekkje engelskspråklege masterprogram som blir lyste ut internasjonalt, men for afghanske kvinner kan det vera svært vanskeleg å kvalifisere. For masteropptak krev UiO ein fullført bachelorgrad. Det stenger allereie ute dei kvinnene som Taliban har nekta tilgang til høgare utdanning.

Men òg kvinner som fullførte ein grad før Taliban tok makta, møter ei ny hindring. 

«Utdanning fra Afghanistan regnes som ikke verifiserbar. Det vil si at UiO ikke kan godkjenne utdanning fra Afghanistan uten at utdanningen først er godkjent av HKDir via UVD-ordningen (godkjenning for personar utan verifiserbar dokumentasjon). Dette gjøres først når personene befinner seg i Norge», skriv Digerud.

I tillegg må søkjarar dokumentere engelskkunskapar på eit bestemt nivå. Digerud skriv dette òg kan vera vanskeleg for kvinner som ikkje har tilgang til utdanning. Sjølv heildigitale studium er omfatta av det lovfesta kravet om studieavgift for studentar frå land utanfor EU/EØS og Sveits.

Resultatet er eit paradoks: Ei kvinne kan ha fullført ein universitetsgrad før Taliban tok makta, men likevel ikkje få utdanninga godkjend for opptak til eit norsk nettstudium så lenge ho er i Afghanistan.

Nettstudium som mellombels løysing

Ghazniwal viser til at andre universitet, som Universitetet i Stockholm og Universitetet i Freiburg i Tyskland, har gitt afghanske kvinner digital tilgang til enkelte kurs. 

– Det er ikkje berre kunnskapsbygging, men ein form for solidaritet med ei av verdas mest undertrykte grupper, seier ho. 

– Men nettstidum er vel berre ei mellombels løysing?

– Ja. Ingen veit korleis framtida ser ut, seier Ghazniwal. Ho meiner poenget er å hindre at åra utan formell utdanning blir heilt tapte. 

Når me seier at me trur på utdanning for alle, må eg stille spørsmål ved korleis våre utdanningsinstitusjonar faktisk kan bidra

Eman Ghazniwal, student ved UiO

Då Taliban tok makta i 2021, blei det snakka om eit mogleg Taliban 2.0, eit meir pragmatisk regime enn det som styrte frå 1996 til 2001. Eide meiner utviklinga dei siste fem åra har vist det motsette. 

Ghazniwal seier håpet lenge var at restriksjonane mot kvinner skulle vera ein fase.

– No ser me at det ikkje er ein fase. Det er eit system.

– Me har nettstudium og digitale løysingar allereie. Når me då seier at me trur på utdanning for alle,  må eg stilla spørsmål ved korleis utdanningsinstitusjonane våre, særleg mitt eige universitet, faktisk kan bidra, avsluttar ho.

Fem år etter at Ghazniwal sende elevane heim frå skulen i Kabul, går ho sjølv inn i førelesingssalen på Blindern. Eleven ho lova at skulen skulle halda fram, er snart gammal nok til å vera student.

Powered by Labrador CMS