DRAUMESLOTTET: Studentpolitikarane, som held til i Villa Eika, vedtek mengder av politikk som blir hevda å vera heilt urealistisk å få gjennomført.

Eit draumeslott?

Studentparlamentet tek ingen økonomiske realitetsomsyn. – Ikkje vår jobb, seier leiaren Heine Skipenes.

Publisert Sist oppdatert

- Vi er ikkje så høgtsvevande lenger, og meir «down to earth». Heine Skipenes, leiar Studentparlamentet.

Handlingsplanen

    Studentparlamentet vedtok også å arbeide for ei rekkje andre politiske saker. Følgjande er utdrag:

  • Minstestandard på kursundervisning og eit makstal på deltakarar på denne.
  • Studentar med varig funksjonssvekking skal berre trengje å søke om tilrettelegging av eksamen ved første studiesemester.
  • Bysyklar på UiO.
  • Studentforeldre skal ikkje bli påført ekstra utgifter ved bruk av studentgoder.
  • Støtte opp under arbeidet med å slå saman Studentsamskipnaden i Oslo og Oslo- og Akershushøgskolenes studentsamskipnad.

Studentparlamentet vedtok på sitt handlingsplanseminar førre helg å jobbe for ei rekkje kostnadskrevjande tiltak. Mellom anna vil dei flytte all eksamensavvikling ut av lesesalane, forskriftsfeste retten til utsett eksamen i påfølgjande semester samt retten til å ta opp alle eksamenar ein gong uansett resultat.

– Det må fakultet sjølv avgjera, men full ekstern eksamensavvikling kan eg ikkje sjå at er realistisk. Korkje økonomisk eller praktisk, seier eksamensansvarleg ved det Det juridiske fakultetet (JUS), Randi Saunes.

Det er opp til dei ulike fakulteta å avgjera korleis eksamenar blir avvikla, og Saunes fortel om ei rekkje praktiske utfordringar knytt til eksamensavvikling utanfor lesesalane.

– Oppgåvene måtte eventuelt fraktast til lokalet. Studentane bør dessutan vera i nærleiken i tilfelle dei treng å nå administrasjonen, til dømes dersom det blir behov for vurdering av hjelpemiddel under eksamen, forklarar Saunes.

Fakultetsdirektøren ved Det samfunnsvitskapelege fakultet (SV), Gudleik Grimstad, er av same oppfatning.

– Da måtte vi planlagt for over ti tusen stolar. Eg stiller meg tvilande til at det er realistisk, og det ville kosta svært mykje, meiner han.

Kostbare krav

Kostnadene ved framlegget er betydelege. UiO har ved einskilde tilfelle nytta Tennishallen på Hasle som eksamenslokale, og må, i følgje Nils-Peter Haugan i Eksamensservice, ut med 80 kroner per kandidat per dag i leigekostnader der.

– Dette er ein gjennomsnittleg pris, seier Haugan, som har formidla eksamenslokal i ei årrekkje.

Ved dei tre største fakulteta ved UiO, Det humanistiske fakultet, SV og JUS, var det til saman 30 250 eksamensoppmeldingar våren 2008. Dette åleine ville kosta universitetet over 2,4 millionar kroner. Også kostnadene for kandidatar med rett til utsett eksamen ville bli betydelege. Samla tal på innmeldte studentar ved universitetet med legeerklæring som gyldig forfall til eksamen, og dermed rett til utsett prøve, var 723. I tillegg til eventuelle leigekostnader for desse eksamenane, må ein rekne ressursar for å lage prøvene.

STUDENTPARLAMENTSLEIAR: Heine Skipenes

Heine Skipenes står likevel fast på Studentparlamentet sitt vedtak.

– Eg synes ikkje nødvendigvis det er vår jobb å finne den beste løysinga i høve til kva ting vil koste. Ein kunne godt lagt inn sparekniven andre stader. Juridisk fakultet til dømes, drog på eit kjempeseminar som kosta mange pengar. For studentane sin del ville det vera mykje betre å flytte eksamen ut av lesesalane. Kanskje kunna ein nytta lokale på Høgskolen i Oslo, vidaregåande skolar også vidare. Universitetet sjølv har total 500 000 kvadratmeter til rådevelde, seier studentparlamentsleiaren.

Urimeleg likestilling

Studentparlamentet vedtok også i helga at ein ønskjer 20 prosent av pensum i alle fag skrive av det underrepresenterte kjønnet. Skipenes meiner dette er berre rett og rimeleg.

– I dei fleste nyare fag er det realistisk, og eg håpar fagmiljøa vil akseptere det, det skulle berre mangle. Eg synes absolutt det er rimeleg at vi forlangar noko slikt, seier han.

Ingrid Uldal, likestillingsrådgjevar ved UiO, er av ei anna oppfatning. Ho trur dette er ei sak som vil møte mykje motbør, og meiner det vil sitja langt inne hjå fagmiljøa å godta eit slikt pålegg.

Høyres framlegget urimeleg ut?

– På ståande fot, ja. Men eg har ikkje sett grunngjevinga for framlegget, legg likestillingsrådgjevaren til.

Universell utfordring

Studentparlamentet vil også at «Universitet skal være universelt utformet innen 2011.»

Universitas kunne tidlegare i år melde at det truleg vil ta nærmare 40 år før universell utforming er ein realitet ved UiO. Kostnadene vil ligge på mellom 1 og 2 milliardar. Likevel meiner leiaren for Studentparlamentet at dette er politikk som er verd å vedta.

– Eg trur nok ikkje det er ein reell tidsfrist. Men når universitetet kan gå ut og be om gåver frå Oslo kommune og regjeringa til 200-års jubileet, synes vi at studentane også kan be om ei gåve frå universitetet. Dette er eit hint om at no treng vi verkeleg å få i gang jernet. Vi har eit universitet som er vanskeleg tilpassa for ei rekkje studentar, seier Skipenes.

– Men vil ikkje studentane miste respekten, når de vedtek politikk de sjølve veit at ikkje blir gjennomført?

– Nei, eg trur dei veit at det er eit politisk signal. Vi vil ha eit løft no, derfor 2011.

– Ligg det ingen økonomiske realitetsbetraktningar inne når de vedtek ei handlingsplan?

– Nei, da ville vi strengt tatt ikkje gjort jobben vår, meiner Heine Skipenes.

Ryddeprosess

På handlingsplanseminaret vart det også vedteke ei studentpolitisk plattform som vil erstatte fem tidlegare plattformer. Dette inneber ein betydeleg reduksjon i skriftleg materiale som studentpolitikarane må forhalde seg til. I tilegg er den nye handlingsplana langt meir kortfatta enn tidlegare år.

– Vi er ikkje så høgtsvevande lenger, og meir «down to earth». Og eg gler meg. Vi skal jobbe direkte med studentpolitikk, det blir gøy, seier studentparlamentsleiaren.

Powered by Labrador CMS