UiO og UiTø er mattetaparar

Medan Matematisk institutt ved Universitetet i Oslo ligg på jumboplass saman med Universitetet i Tromsø, har Universitetet i Bergen hatt jamt låg strykprosent sidan 2002.

Publisert Sist oppdatert

Ved Matematisk institutt på Universitetet i Oslo (UiO) var strykprosenten 21,6 i 2006, ei auke frå 16 prosent i 2002. Til samanlikning er 2006-snittet ved UiO som helheit 7,1 prosent, viser tal frå Database for statistikk om høgare utdanning.

– Det er eit problem. Men eg trur heller ikkje alle studentane har det naudsynte kunnskapsgrunnlaget for å begynne på faga her, seier Erik Bedos, leiar av undervisningsutvalet ved Matematisk institutt i UiO.

Han meiner kunnskapsnivået frå vidaregåande skule kan vera ein del av forklaringa. Bedos presiserer at strykprosenten er størst når studentane er i starten av studia.

Leiaren av fagutvalet på matematikk, Jørgen Myre, sluttar seg til dette, men trur forklaringa er meir samansatt.

– Mange går i små matematikklassar på vidaregåande, der kontakten med faglærar er god. Denne kontakten forsvinn i store forelesingssalar, seier han.

Slit på landsbasis

På landsbasis ligg Matematisk institutt ved UiO langt over Universitetet i Bergen (UiB), der strykprosenten ved tilsvarende institutt er 15,6 prosent.

– Eg trur forklaringa er eit godt undervisningstilbod, men eg vil ikkje kommentere høvet til andre institusjonar utover dette, seier leiar ved Matematisk institutt på UiB, Stein A. Strømme.

Universitetet i Tromsø sitt Institutt for matematikk ligger på jumboplass med 29,8 prosent stryk. Leiaren for instituttet, Ragnar Soleng, er uroa, og viser til fleire konkrete tiltak som er gjort for å betre på tilhøva.

– Vi har mellom anna kutta plenumsførelesingane i mange fag, og fokusert meir på gruppeundervisning.

Ingen klare planar

Yngvar Reichelt, kontorsjef ved Matematisk institutt på UiO, seier dei er uroa, men at dei enno ikkje har klare planar for å betre strykprosenten.

– Kva som er problemet kan variere frå fag til fag. Det er også viktig å få kartlagt nøyaktig kva som fører til den høge strykprosenten, før ein kan gjera noko med det, seier han.

– Høg strykprosent ved Matematisk institutt er eit velkjent problem, kvifor har ikkje tiltak blitt satt istand tidligare?

– Eksamensresultata her ved instituttet har variert veldig, både over tid og mellom faga. Vi har satt i verk mange tiltak; vi har innført obligatoriske oppgåver, for å sikre at studentane arbeider meir jamt, og ikkje i skippertak. Vi har fått meir gruppeundervisning, og prøvar å ha eit kritisk blikk på kva undervisningsformer som fungerer og ikkje.

Powered by Labrador CMS