
– Har aldri sagt eliteuniversitet
Smalare fagtilbod og færre bachelorstudentar står høgt på ønskjelista til Geir Ellingsrud, rektor ved Universitet i Oslo. Men elitistiske ambisjonar vedgår han ikkje.
– Eg har aldri nytta omgrepet «eliteuniversitet». Det eg har sagt er at vi må ha fagmiljø som kan hevde seg internasjonalt, seier Geir Ellingsrud, rektor ved Universitetet i Oslo (UiO).
Han stiller seg avvisande til påstandar i Aftenposten denne veka, om at han vil gjera ein eliteinstitusjon av universitetet.
Likevel ønskjer Ellingsrud endringar. Prosessen som er i gang med faglege prioriteringar skal leie fram til ein større konsentrasjon av forskingsinnsatsen – noko som igjen vil få konsekvensar for studietilbodet.
– Det kan nok bli færre fagtilbod på sikt, men det ser eg ikkje på som problematisk, så lenge vi er gode på det vi gjer, seier rektoren.
Faglege omprioriteringar
Kva fagmiljø som blir vinnarar og taparar veit Ellingsrud enno ikkje. Det vil bli avgjort i samråd med fakulteta. Knut Heidar, dekan ved Det samfunnsvitskapelege fakultet (SV), fortel at prioriteringane dei gjer i samband med forsking kan få konsekvensar for samansetninga av studieporteføljen.
– Vi må prøve å sjå studietilbodet i samanheng med prioriteringane på forskingssida, seier han. Så langt har SV bedd om prioritering av ARENA-programmet, Senter for studiar av likskap, sosial organisering og økonomisk utvikling (ESOP), og ei forskingsgruppe for kognitiv- og nevropsykologi.
Leiaren i Studentparlamentet, Heine Skipenes, stiller seg kritisk til desse elitiske elementa.
– Dersom eit fag leverer halvgode kandidatar og dårleg forsking kan det vera ein idé å kutte det ut. Men universitetet har eit samfunnsansvar. Studentparlamentet meiner UiO skal vera eit breiddeuniversitet, noko som tyder at dei tilbyr god utdanning til mange, meiner Skipenes.
Bachelorkutt
I samband med Stjernø-utvalet si utgreiing av universitets- og høgskulestrukturen i Noreg, har Geir Ellingsrud uttrykt eit ønske om å kunne ta inn færre bachelorstudentar, og i staden satse på masterutdanninga. Heine Skipenes fryktar for kvaliteten på bachelorstudia.
– Overfokusering på ei gruppe gjer at ein gløymer heilskapen. Folk skal inn, men også ut med noko bra, påpeikar han.
Universitetsrektoren meiner ikkje at et auka fokus på masterstudium er elitistisk.
– Nei, det blir berre eit balansepunkt som flytter seg. Det er ikkje snakk om eit eliteuniversitet av den grunn, meiner han.
Ikkje fleire studentar
Trass kutt i dei to siste statsbudsjetta, ser ikkje Ellingsrud finansieringsproblem i samband med dei faglege prioriteringane.
– Å ha gjort prioriteringar er tvert om ei føremon når ein får mindre løyvingar. Men satsinga blir jo lettare å få til dersom vi får nok pengar, seier han.
– Kan færre studieplassar bli ein konsekvens?
– Vi får sjå. Studenttalet skal iallfall ikkje vekse dei nærmaste åra.