Humsam-lista (tidligere HF-lista og SV-lista)

Miljø og solidaritet

Toppkandidat: Nicklas Poulsen

Alder: 22

Studerer: Bachelor i kultur og kommunikasjon

Reklamebaserte studentposer er ikkje vert alt søppelet det produserer

Hvilket politisk parti identifiserer din fraksjon seg mest med?

Ingen. Me identifiserer oss med studentane.

Hvilke tre kampsaker som definerer din fraksjon?.

1. Meir og betre undervising: Kutta i undervisinga dei siste åra må reverserast, forelesingar må kvalitetssikrast, meir og betre seminarundervising, og studentar må med i forskingsarbeid.

2. Fri informasjonstilgang: La studentar få skriva ut kompendia på eigenhand. Alt eigenprodusert akademisk materiale på UiO skal etter ei tid publiserast fritt tilgjengeleg på nett.

3. Etikk, miljø og solidaritet: Gjennom meir fairtrade i SiO-kantiner, meir kjeldesortering av avfall på UiO, reduksjon i energibruk, og UiO som aktivt medlem i nettverket Scholars At Risk.

Er det noen velferdsområder din fraksjon ikke vil prioritere?

Reklamebaserte studentposer. Dette er ikkje vert alt søppelet det produserer. SiO-kantiner som berre gagnar tilsette eller utkonkurrerar studentdrevne initiativ. U1, Uglebo og tilsvarande initiativ slit i dag med restriksjonar pålagt av SiO. Det er det ingen grunn til at dei skal gjera. Vi prioriterar heller ikkje røykerom på studentbustadar.

Er det noen andre studentpolitiske saker din fraksjon ikke vil prioritere?

Satsing på internasjonale rankinger. Desse gjer eit uriktig bilete av kvalitet, er basert på tynn data og ikkje verd ressursane UiO bruker på dei. Omfattande og kostbare «omdømmediskusjonar». Det er enklare, billigare og betre på sikt å sørgja for at studentane er fornøgde sjølv når dei går ut.

Hva tror du er realistisk å få til i løpet av et år?

Fleire gode miljøinitiativ og kanskje motta ein politisk truga gjesteforskar; auka arbeidslivsrelevans i studiet, særleg i master- og bacheloroppgåver på SV og HF; bysykkel på eller like ved campus; auka studiefinansiering; eit proffare og meir synleg studentparlament.

Er dere for kjønnskvotering av vitenskapelige stillinger? Blankt.

Bør universitetet bevege seg mer i retning av et eliteuniversitet? Nei.

Er det bedre å legge ned et smalt emne enn å kutte i generell seminarundervisning på et fakultet? Nei.

Powered by Labrador CMS