
Nekter klinehjelp i julestria
– Vart julebordet dyrt i år?

Frode Meinich, Direktør for Teknisk Avdeling, UiO
– Nei, det har ikkje vore endå, så det har ikkje kosta oss ei krone. Korleis det?
– Noko må de jo ha brukt pengane på for pengar til julepynt har visst universitetet ikkje. Alt vi får er nokre glisne julelys på puslete tre rundt på Blindern. Trur du dette er nok til at vi skal greie å hugse på Jesus?
– Ja, vi håpar jo det. Vi vil spare miljøet og ikkje bruke så mykje på ekstra pynt.
– Dei her julelysa utanfor SV kom forresten urovekkande tidleg opp. Vart dei hengt opp for å markere den muslimske festivalen Eid heller enn jul?
– Vi i Teknisk avdeling har lyst å markere alt vi. Vi har så mange nasjonalitetar og religionar som arbeider hos oss, så vi har lyst å feire så mykje som mogleg.
– Eg såg i dag ein vaktmeister som jobba utan nisselue. Han verken plystra eller nynna på ein juletonar. Kan dette forsvarast?
– Kva religion hadde han? For viss han er muslim slepp han å gå med nisselue. Vi tvinger ikkje jula på nokon.
– Kvifor tek ikkje reinhaldspersonalet vare på alle dorullar slik at alle studentane kan samlast siste dagen før jul for ein heidundrandes juleverkstad? Det er jo noko som kunne ha hjelpe på sosiale problem mellom både studentar og tilsette. Det er som kjend ingenting som skapar eit godt sosialt miljø som juleverkstad.
– Det er ein kjempeidè for tomme dorullar er ein undervurdert ressurs. Om i tillegg studentane kan ta med seg mjølkekartongar heimefrå, kan vi få ein skikkeleg juleverkstad. Men trur du studentane er edru og villeg til å stille på universitetet slik etter eksamen?
– Viss du gir oss juleverkstad kjem vi.
– Okei, men då seier vi det.
– Bra! Men burde det ikkje vere juleøl i staden for såpe i såpedispenserane no før jul?
– Det har det faktisk komme vedtak på at vi skal byrje med no. Men det vert ikkje før klokka 16:00 om dagen.
– Vi har ein fyr i redaksjonen som prøver å få til det første kysset med ei dame han dater. Er det for mykje forlanga at Teknisk avdeling heng opp eit par misteltein rundt på campus så det er mogleg å få seg noko klinings?
– Eg trur det er nok mørke studentkjellarar her på Blindern til at studentane kan ordne seg klinings sjølv.
– Du nektar å gje studentane julestemning, og forsurar såleis eksamenslesinga ytterlegare …
– Nei, nei, nei! Vi vil berre gjere det på ein rimeleg og miljøvennleg måte!
Men vil du vurdere stillinga di?
– Det gjer eg kvar dag når vekkarklokka ringer.