Lovar å ikkje snoke

UiO garanterer at leiinga ikkje vil lese e-posten din.

Publisert Sist oppdatert

For to veker sidan skreiv Universitas om ei ny forskrift frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet som opna for at studentar ved universitet og høgskular kan kontrollerast på lik line med tilsette (jf. Universitas 4. februar). Forskrifta skulle ta sikte på å klargjere tidlegare retningslinjer for innsyn, men regelverket er framleis uklart. Ved UiO har ein hatt moglegheita til innsyn sidan 1996. Så langt Walter Tveter og Lars Oftedal hugsar, har ho ikkje vorte nytta. Dei er henholdsvis seniorrådgivar og IT-direktør ved Universitetet sitt senter for informasjonsteknologi (USIT).

– Det er berre i ekstreme situasjonar, som til dømes ved begjæring frå politiet, eller dersom nokon døyr og ein får eit påbod frå ein norsk domstol, at ein kan gå inn og sjå i områda til studentar eller tilsette. Politiet har ikkje heimel til å gå inn i systema til brukarane utan ei rettsleg avgjersle først, seier Oftedal.

Seinast i fjor ville eit institutt ved Universitetet i Oslo (UiO) rydde opp i områda til dei tilsette ved instituttet. Lagringsplassen på områda var fulle, og instituttleiinga ville gå inn og fjerne mp3-filer som dei tilsette hadde på områda sine.

– Vi fikk spørsmål om å gjennomsøke områda, men då sa vi kontant nei. For alt vi visste kunne dette vere lovlege filer som var ein del av eit forskingsprosjekt. Vi har ingenting med det å gjere, og vi skal ikkje ha noko med det å gjere, seier Oftedal.

Ved saker som er knytt til opphavsrett, til dømes dersom nokon har skanna ei lærebok og lagt ho ut på nettet, vil ein heller ikkje gå inn i områda, men sette opp ei karantene og ordne opp i saken med vedkomande.

Tveter meiner den nye forskrifta er for vag, og stiller uklare krav til personvernet.

– Forskrifta slik den er no stiller ikkje så harde krav. At ein kan «gjennomsøke, opne eller lese e-post i tilsette si e-postkasse» dersom det er «berettiga interesser ved verksemda», dekker veldig mykje, seier Tveter.

Han ser fram til at ein frå departementet sitt hald skal få fleire retningslinjer for forskriftene som vedrører personvernet til studentar og tilsette.

– Kva ser du for deg at desse retningslinjene skal innehalde?

– Vi ønskjer å skru igjen moglegheita til å foreta denne typen driftsinngrep. Vi ser ikkje for oss at ein treng ei slik form for innsyn, og spesielt ikkje for studentar.

Powered by Labrador CMS