INGEN LØFTAR: SV-leiar Kristin Halvorsen kan ikkje love meir pengar til høgare utdanning i neste budsjett.

Lovar ingen pengar

Under SVs landsstyremøte i helga kunne ikkje partileiar Kristin Halvorsen love auka støtte til høgare utdanning i kommande budsjett.

Publisert Sist oppdatert

– Budsjetta for 2008 vart påbegynt alt i mars, så det vi har opparbeida oss av kunnskap kjem ikkje til å gje utslag i første omgang. Det vert heller ein lærdom for framtida, seier Kristin Halvorsen, partileiar i SV.

Lena Jensen, stortingsrepresentant for SV og medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, meinar likevel at SVs satsing på høgare utdanning er på veg opp. Det tyder iallfall signala ho har fått frå partileiinga og landsstyret på.

– Det har vore mykje diskusjon i partiet på dette og det har tidlegare vore bestemt at høgare utdanning ikkje skal ligge øvst i våre prioriteringar. No ser det imidlertid ut til å krype oppover lista, og det er veldig positivt, både for forsking og studentvelferd, seier ho.

Jensen framhevar at kunnskapsminister Øystein Djupedal har slost veldig for ein styrka utdanningssektor, og at han no står sterkare sidan partiet samla vil satsa meir på høgare utdanning.

Halvorsen kjem òg med støtte til Øystein Djupedal og Kunnskapsdepartementet. Under landsstyremøtet hevda ho at fleire må ta ansvar for den mangelfulle satsinga på høgare utdanning.

– Stortingsgruppa meinar eg har eit medansvar; dei kunne heilt klart hatt dette høgre opp på prioriteringslista. Kunnskapsdepartementet har på si side stått på som gale for å få til mest mogleg, sa ho under spørjerunden.

Tidlegare leiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen og medlem av SV si stortingsgruppe, Rolf Reikvam, er ueining i ansvarsdelinga.

– Vi har alle ansvar sjølvsagt, men dette fell på sin eigen urimelegskap. Nokre har større ansvar enn stortingsgruppa, nemleg dei som lagar budsjettet. Vi må forhalde oss til dei rammeverka vi vert pålagde, og våre høve til å påverke har vore nokså avgrensa. At vi skal ha same ansvar som regjeringa, det er eg overraska over.

Han understrekar at stortingsgruppa har hatt utdanning høgt på sine prioriteringslister.

– Det er jo dette vi har satsa på, meiner han.

Powered by Labrador CMS