
Tronge kår for JURK
Studenttiltaket Juridisk rådgjeving for kvinner har så tronge lokale at dei fryktar det kan truge rettstryggleiken til klientane deira.

– Vi sit altfor trongt, seier Henriette Clausen, fungerande dagleg leiar i Juridisk rådgjeving for kvinner (JURK), eit studentdrive rettshjelpstiltak for kvinner knytt til Universitetet i Oslo (UiO).
Kvart år får dei i underkant av 3000 henvendingar som vert handtert frå dei små kontora deira i Arbins gate 7.
Clausen prøver å gå inn på eit rom kor fem av medarbeidarane hennar jobbar, men det er så trongt der at ho ikkje greier å få døra skikkeleg opp. På naborommet sit seks til, like trongt. Om dei som sit innerst i rommet skal ut, må dei andre reise seg. Kontoret har berre eit rom til klientmottak, og det er så lytt at kva som vert sagt der nesten kan høyrast inn på naborommet.
I etasjen over er det ledige lokale som huseigar har sagt dei kan få leige, men dei har ikkje JURK råd til.
Friavtale
Gjennom ein friavtale med UiO skal det studentdrivne rettshjelpstiltaket få dekka leige av lokale til verksemda si. Lokala til JURK nærmar seg tydeleg sprengingspunktet, og i november sendte dei brev til det juridiske fakultetet, og bad om støtte til å få utvida dei.
– Vi har ei tausheitsplikt vi skal overhalde, og rettstryggleiken til klientane våre å ta omsyn til, men det er svært vanskeleg under slike tilhøve. Sjølv om vi greier å hindre at tausheitsplikt og rettstryggleik vert brote, hindrar dei små lokala verksemda vi skal drive. Vi vil utvide først og fremst så vi kan skilje klarare mellom saksbehandling og klientmottak, seier Clausen.
Ho fortel at venterommet deira ikkje kan nyttast lenger sidan det er så lytt mellom det og rommet for klientmottak, og at alle dei 17 medarbeidarane og klientar må dele eit toalett.
Støtte frå fakultetet
Hans Petter Graver, nytilsett dekan ved det juridiske fakultetet, kjenner ikkje sjølv til dei tronge lokala til JURK, men syner til eit brev til Teknisk avdeling (TA) ved UiO frå Det juridiske fakultetet. Brevet er underskrive fakultetsdirektør Tove Blix og seksjonsleiar Tor Inge Rosvoll, og dei ber TA «vurdere om det innan leigebudsjettet er mogleg å møtekome dei ønska som er skildra i JURK sitt brev».
Graver tykkjer JURK, saman med jusstudentane sitt rettshjelpstiltak Juss-Buss, utgjer ein viktig del av jussfakultetet si samfunnsmessige verksemd.
– Det er og eit viktig tilbod til studentane om praktisk juridisk erfaring, og noko vi i administrasjonen vil støtte opp om, seier han.
Stram leigepolitikk
Helga Sagsveen, plan- og eigedomssjef ved TA på UiO, fortel at dei har fått søknad frå JURK om utvida lokale, men har ikkje sjølv noko formeining om korleis dette vil slå ut.
– Nytt areal kostar, og generelt har UiO ein nokså stram leigepolitikk. Om JURK skal få utvida lokala sine, betyr det at universitetet må utvide leigearealet sitt, og dette gjer universitetet i utgangspunktet ikkje.
Ho minnar og om at friavtalen JURK ligg under er knytt til det arealet dei sit med no, og ikkje inneheld lovnad om utvida lokale.
JURK får og stønad frå Justis- og politidepartementet. Statssekretær der, Astri Aas-Hansen, kan heller ikkje gje nokon lovnadar om støtte til utvida kontor.
– Eg får ikkje undersøkt no om det er heimel for det. JURK kan sende ein søknad hit, og så vil vi vurdere om det er behov, og om det er noko vi kan få prioritert, seier ho.
Henriette Clausen er spent på om nokon finn pengar til dei på budsjettet.
– Det hindrar oss i jobben vår at vi har så lite plass. Vi treng meir, understrekar ho.