
6 av 93 000 ville ha toppverv
Det er ikkje attraktivt å vera tillitsvalt i Norsk Studentunion. Da årets landsmøte starta, var det framleis etterlyst kandidatar til arbeidsutvalet.
Berre tre av dei fem fulltidsverva i NSU sitt arbeidsutval hadde kandidatar da landsmøtet vart satt førre fredag. Kandidatane til høvesvis internasjonalt og fagpolitisk ansvarleg var ikkje klare før laurdag ettermiddag.
– Det er medlemslaga sitt ansvar å finne kandidatar, seier leiaren av årets valkomité, Heine Skipenes.
Lågmål
Norsk Studentunion har 93 000 medlemmar, men berre seks av dei enda altså opp med å stille til AU-verv. Inge Carlén, som denne gongen deltok på sitt sjuande landsting, opplyser at det sjeldan har vore mange om dei sentrale tillitsverva, men at det i år var spesielt dårleg.
– Vanlegvis er det ein eller to offisielle kandidatar fleire enn det er plassar, seier han.
Tidlegare leiar og velferdspolitisk ansvarleg i NSU, Per Anders Langerød, trur den manglande interessa for å stille til politiske verv heng saman manglande mulegheit til å setja makta bak krava. Leiaren av Studentstyret i Tromsø, Andreas Willersrud, trur det økonomiske uføret NSU har hamna i, må ta sin del av skulda.
– Eg trur den økonomiske situasjonen er avskrekkande for ein del. Med budsjettet som er lagt opp for 2009 er det ikkje rom for myke aktivitet og utfalding, seier han. Tromsø stilte ingen kandidatar til AU-valet i år.
Inga rutinar
Sjølv om ansvaret for å finne kandidatar kviler på NSU sine lokallag, har ingen dei klare rutinar på korleis ein skal rekruttere folk til studentunionen sentralt. Leiaren av NSU på Universitetet i Bergen, NSU UiB, Helene Christiansen, meiner det er naturleg.
– Det er vanskeleg å sjå for seg kva det skulle vera slags rutinar. Politiske fraksjonar har samarbeid på tvers av heile landet, medan andre er meir fokusert på å rekruttere lokalt. Men dette kan også variere frå år til år, seier ho.
Christiansen vil likevel presisere at det har vorte jobba med å finne eigna kandidatar. Karen Golmen, student på UiB, som no er valt til fagpolitisk ansvarleg, skal ha vore tidleg inne i prosessane, sjølv om kandidaturet hennar vart seint lansert.
– Det har lenge vore eit ønskje å fremje Golmen. Ho var ikkje noko vi trakk opp av hatten, seier Christiansen.
Nye vedtekter
Studentenes Landsforbund (StL) opererer med langt grundigare prosessar der det blir gjort intervju og laga endeleg innstilling til nytt styre. Leiaren i StL, Øistein Svelle, er likevel ikkje uroa for rekrutteringsprosessane, sjølv om det skulle bli samanslåing med NSU.
– Valkomiteen, slik han er skildra i dei føreslåtte vedtektene for den nye organisasjonen, liknar på det vi har i StL. Men korleis kulturen blir, er veldig vanskeleg å spå, vedgår StL-leiaren.