Liberale studentar kritiserer Venstre

Liberale studentpolitikarane reagerer på at moderpartiet Venstre enno ikkje har gått inn for elleve månaders studiestønad.

Publisert

«Kunnskap er nøkkelen til individuell frigjøring, sosial mobilitet og samfunnsmessig framgang», sa Venstre-leiar Lars Sponheim for eit år sidan. Pengane for å finansiere å leve medan ein tileignar seg denne kunnskapen, kan studentane likevel sjå langt etter, skal ein tru Venstres utkast til partiprogram.

Etter at Kristelig Folkeparti, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Arbeiderpartiet og Senterpartiet har gått inn for elleve månader med utbetalingar frå Lånekassa til studentane, er det berre Venstre og Framstegspartiet som ikkje har vedteke auka stønad. No fryktar Daniel Heggeli-Rugaas, Erling G. Hillestad og Jomar Talsnes Heggdal, alle studentpolitikarar frå Liberal liste, at moderpartiet Venstre vil tapa veljarar dersom partiet ikkje snur.

– Dette er fullstendig feil prioritering å ikkje ha elleve månaders studisstønad på programutkastet. Når ein krev auka innsats frå studentane, slik kvalitetsreforma har gjort, så må ein også vere villig til å auke finansieringane til noko det er mogleg å leve for, seier Erling Hillestad, studentpolitikar frå Liberal Liste ved UiO og velferdspolitisk ansvarlig i NSU.

Utelukkar det ikkje

Venstre har landsmøte i Stavanger til helga, men auka studiefinansiering har vorte prioritert vekk i utkastet til partiprogram. Odd Einar Dørum, utdanningspolitisk talsmann i Venstre, utelukkar likevel ikkje at det kjem til å verte debattert.

– Vi har prioritert å satse på basisløyvingar og forsking. Dette er for å sikre kvaliteten, og for å hindre fleire nedskjeringar i undervisninga, seier Dørum.

Hillestad fryktar at Venstre ikkje kjem til å få noko utteljing blant studentane ved valet til hausten. På trass av arbeid for høgre utdanning når det gjeld auka basisløyvingar og til forsking.

Dørum trur ikkje at dette punktet har noko å seie for oppslutninga til Venstre blant studentar.

– Ein må leggje til grunn at studentar tenkjer og vurderer, og då reknar eg med at studentane skjønar at basisfinansiering og styrking av utdanningsinstitusjonane er viktigare enn alt anna. Men saken er ikkje avgjort enda, seier Dørum.

Powered by Labrador CMS