KRITISK: Bjørn Høyland, postdoktor ved Institutt for Statsvitskap ved Det samfunnsvitskapeleg fakultet, er ikkje imponert over nivået på pedagogikkurs for vitskapeleg tilsette ved Universitetet i Oslo. - Eg er kritisk til både kvaliteten og organiseringa

Lærer ikkje å undervise

Publisert Sist oppdatert

– Det er ikkje bra nok. At folk har byrja på dette kurset er bra, men det skal vere unnagjort på to år. Her må vi verte flinkare, seier Inga Bostad, viserektor ved Universitetet i Oslo (UiO).

Akademiske tilsette ved UiO må ta pedagogikkurs på til saman 100 timar i løpet av dei to første åra dei er tilsette, om dei ikkje har pedagogisk utdanning frå før. Kursa vert arrangert av Fagområde for Universitetspedagogikk under Det utdanningsvitskapelege fakultetet (UV). Ei kartlegging Universitas har gjort syner at berre halvparten av dei som no har vore tilsett i to år, er heilt ferdige med kursa. Dei spurde utgjer 10 personar ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet (SV), Det humanistiske fakultet (HF) og Det medisinske fakultet. SV og HF har ikkje kontroll med kven av deira tilsette som gjennomfører kurset.

– Per i dag har vi ikkje full oversikt over kven som har gjennomført. Vi bør passe betre på, og her vil vi følgje opp for å sikre at det skjer, seier Gudleik Grimstad, fakultetsdirektør ved SV-fakultet.

  • Berre halvparten av dei nytilsette ved Universitetet i Oslo gjennomfører obligatoriske kurs i pedagogikk i tide.
  • – Vi bør passe betre på, innrømmer Gudleik Grimstad, fakultetsdirektør ved Det samfunnsvitskapelege fakultet.

– Viktigast at dei er i gong

Prodekan for forsking ved HF-fakultetet, Mette Halskov Hansen, er forbausa over at berre halvparten er ferdige, men meiner det viktigaste er at dei er i gong med kursa.

– Er dei skikka til å undervise utan kurset?

– Det kan dei vere. Mange av dei nytilsette har undervist mange år før, gjerne i utlandet, kor det ikkje nødvendigvis er krav til formelle kurs. Vi tilset ikkje folk som ikkje er i stand til å undervise, seier ho.

På Det medisinske fakultet fortel personalsjef Astrid Holø at dei har strenge rutinar, iallfall midlertidig vitskapleg tilsette.

– Åremålsstillingane vert gjeve som to års tilsetjing, mot normalt fem år, om dei ikkje har godkjend pedagogisk kompetanse. Vi lagar då vedtak slik at tilsetjinga utvidast til fem år om dei i løpet av dei første to åra har skaffa seg kompetansen, seier ho.

Erik Schreiner Evans, som representerer Humsamlista på Studentparlamentet, meiner at fakulteta utan kontroll ikkje gjer jobben godt nok.

– Det er ingen grunn til at det ikkje skal vere kjempelett å kontrollere at folk oppfyller krav til tilsetjing. Om dei vil, så kan dei det, seier han.

– Lite profesjonelt kurs

Jon Hernes Fiva, postdoktor ved Økonomisk institutt på SV, er ein av dei som vart tilsett for to år sidan. Denne våren har han forsøkt å ta dei pedagogiske kursa. Noko han seier har vore umogleg, grunna lite profesjonell handtering frå kursarrangør si side.

– Rutinane deira er under einkvar kritikk. Det er vanskeleg å finne ut om ein er komme med kurs. Når ein vender seg til dei, får ein berre ein standard-e-post attende kor det står «Hører du ikke fra oss blir du automatisk overført til neste semester H09.» Ein av modulane vart avlyst dagen før oppstart, seier Fiva.

Han får støtte frå Bjørn Høyland, postdoktor ved institutt for statsvitskap på SV, som og er i gong med pedagogikkurset.

– Det faglige nivået er for lågt, og kurset er lagt opp slik at det er vanskeleg å kombinere med dei andre pliktene. Dei fleste som deltek er flinke og motiverte, men kurset betrar ikkje deira pedagogiske evner, seier han.

Høyland har tidlegare delteke på eit pedagogikkurs ved London School of Economics and Political Science, kor undervisninga var knytt tettare opp til fagretningane. Han meiner eit slikt tiltak kunne ha betra pedagogikkursa ved UiO.

Kontinuerleg diskusjon

Helge Strømsø, professor ved Pedagogisk forskingsinstitutt, er koordinator for Fagområde for Universitetspedagogikk. Han seier dei har ein kontinuerleg diskusjon på korleis undervisninga skal organiserast.

– Dei som føretrekk fagspesifikke kurs har gode argument, men det kan vere ei føremon å lære av andre sine erfaringar på tvers av faggrensene, seier han.

Han meiner deltakarane har ulike føresetnadar når dei startar på kurset, som gjer at nokre oppfattar det faglige nivået som for lågt. Strømsø fortel det har skjedd at kurs vert avlyst på kort varsel på grunn av få deltakarar. Han meiner det ikkje er for kort påmeldingsfrist, men at det hender kursa er fulle.

– Det har vore ein periode med overlapping i administrasjonen som har gjort det vanskeleg å få kontakt med oss. Eg kan innrømme at det kan få uheldige utslag innimellom, men vi jobbar for å betre situasjonen, seier han.

– Pedagogikk nedprioritert

Schreiner Evans meiner at det pedagogiske problemet ved UiO går djupare enn berre kvaliteten på kursa.

– For dei fleste akademisk tilsette står nok forskinga som det dei har lyst å drive med, og det å undervise som eit nødvendig vonde, seier han.

Bostad understrekar og kor viktig pedagogikken er.

- Pedagogikk har vore sett på som mindre viktig ved UiO. Inga Bostad, viserektor

– Pedagogikk har vore sett på som mindre viktig ved UiO, og har hatt ein lågare status enn forsking og formidling. Mitt inntrykk er at når tilsette deltek på kurset, så endrar dei litt haldning og ser kor viktig pedagogikk er, seier ho.

Powered by Labrador CMS