LYS FRAMTID: Student Daniel Chaibi surfer på den stigande ikt-bølgja og har alt fått jobb, sjølv om studiet ikkje er ferdig.

India ingen trugsel

Til trass for at stadig fleire norske bedrifter sender ikt-oppdrag til utlandet, går ikt-studentar ein lys arbeidsmarknad i møte.

Publisert Sist oppdatert

Talet på og prosent av arbeidsledige blant de med høgare utdanning i 1-4 år, fordelt på utdanningsfelt, per mai 2007:

  • Humanistiske og estetiske fag: 1057 - 0,9%
  • Lærarutdanningar og utdanningar i pedagogikk: 803 - 0,6%
  • Samfunnsfag og juridiske fag: 468 - 1,4%
  • Økonomiske og administrative fag: 858 - 0,9%
  • Naturvitskapelege og tekniske fag: 730 - 0,9%
  • Her omfatta: Informasjons- og datateknologi: 150 - 0,9%

  • Helse- sosial- og idrettsfag: 608 - 0,5%
  • Samferdsels- og tryggleiksfag og andre servicefag: 104 - 0,6%
  • Kjelde: NAV

– For nokre år sidan trudde ein at Kina og India ville utkonkurrere den norske ikt-kompetansen, men det som heller har skjedd er at talet på ikt-arbeidarar i Noreg har auka i takt med talet i India, seier instituttleiar på Institutt for Informatikk (IFI) ved Universitetet i Oslo, Morten Dæhlen.

Tal frå NAV syner óg at det er gode tider for dei med ikt- eller ingeniørbakgrunn. Blant dei med denne bakgrunnen er det på den norske arbeidsmarknaden berre 174 arbeidsledige per mai 2007.

Ikkje truga

EIN NY DAG: Morten Meyer klipper snora og ønsker velkommen til dagen@ifi, med store ord til studentane.

Morten Meyer, tidlegare moderniseringsminister og noverande konsulentdirektør i IBM Noreg, støtter opp om at der ligg store moglegheiter føre dei norske ikt-studentane.

– De er viktige for heile Noreg. Vi står overfor store utfordringar, og for å løyse dei treng vi folk med evne til å nytte kunnskap, sa han til studentane under opninga av dagen@ifi, fagdagen ved IFI, i førre veke.

Meyer trur ikkje at norske ikt-studentar skal bekymre seg for at dei vert utkonkurrert av rimelege indiske ikt-arbeidarar. Han fortel at i IBM Noreg har dei på eit år gått frå å ha all arbeidskraft lokalt, til å ha ein tredjedel anten i Baltikum eller India, men at dei framleis treng dei norske arbeidskreftene.

– Vi treng kloke hovud til å omsette kunnskapen, og rette det inn mot den norske marknaden. Då må du kjenne dei lokale forholda, understrekar han.

Meyer får støtte av Dæhlen.

– Men ein del av arbeidet som ligg under, kan ein nytte billegare kompetanse for å utvikle, seier han.

Utan grenser

Og indiske bedrifter tek gjerne imot arbeidsoppdrag frå Noreg.

UTAN GRENSER: Den indiske finansministeren, Shri P. Chidambaram, trur utveksling av ikt-tenestar Noreg-India vil stimulere vekst i begge land.

– Der er ingen grenser for ekspansjonen i den indiske it-bransjen. «The sky is the limit!», fortalde den indiske finansministeren, Shri P. Chidambara Universitas på eit seminar om norsk-indisk arbeidsutveksling i førre veke.

Han snakka engasjert om kva moglegheiter Noreg har dersom dei sender ikt-oppdrag til indiske bedrifter.

– Europeiske land er retta mot kunnskap og teknologi, men manglar arbeidskraft. For at dei skal få utvikla seg vidare treng dei å bruke det talentbassenget som har bygd seg opp i India. Dette vil drive fram vekst begge stadar, seier han.

Aukande reelt behov

Profesjonsstudent i Informatikk, Daniel Chaibi, trur heller ikkje indiske ikt-arbeidarar vil ta frå han jobbar. Han er med i styret til dagen@ifi, og er snart klar for arbeidslivet. Jobb har han alt. Etter ein workshop i Paris vart han tilbydd stilling i Stavanger-kontoret til selskapet Capgemini.

– Der er eit aukande reelt behov for ikt-kunnskap. Det er berre sunn fornuft å tenkje at alt kjem til å verte digitalisert i framtida, og då vert det viktig å utnytte kapasitetane i verda best mogleg, seier han.

Instituttleiar Dæhlen trur noko av det viktigaste dei kan gje studentane sine, er å førebu dei på den nye kvardagen i ikt-bransjen.

– Vi må gjere dei til kompetente kjøparar av utanlandsk arbeid, slik at dei kan fungere som mellomledd mellom norske brukarar og utanlandsk teknologi. Det er der moglegheitene ligg for vidare utvikling, seier han

Powered by Labrador CMS