Emil Kvebæk ØvretveitEmilKvebæk ØvretveitJournalist i Universitas
Jonas SandboeJonasSandboeFotograf i Universitas
Jonas LaksekjønJonasLaksekjønfotograf i Universitas
Adrian Heggem MisfjordAdrianHeggem MisfjordFotosjef i Universitas
Oscar Alexander UndahlOscar AlexanderUndahlNettredaktør i Universitas
PublisertSist oppdatert
STORTINGETS YNGSTE SIGMA MALE: I det siste har Simen Velle komt inn på Stortinget og gitt ut bok om å stå opp på morgenen.FOTO: Adrian Heggem Misfjord
FORMANN: Når ein innleier eit spørsmål med å sei at Carl I. Hagen var leiar i Framstegspartiet i 28 år blir ein straks retta på. Carl I. Hagen var nemleg formann i Framstegspartiet. Formann i 28 år.FOTO: Adrian Heggem Misfjord
KI-JUKS: «Chris» blei kalla inn til møte etter å ha brukt KI på eksamen. Det kunne ikkje bevisast, og saka blei lagt bort. No seier han at det ikkje blir siste gong han brukar KI – berre siste gong han blir tatt.Illustrasjon: Stine Moldfjell
THUNBERG ERKLÆRAR: Greta Thunberg på besøk på UiO. Ho er ueinig med Ola Svenneby, og meiner hennar eige generasjon ikkje er død.FOTO: Emilie Holtet
DØDENS FARGAR: Den høyst levande kunstnaren Morten Viskum maler med ein død manns hand.FOTO: Sara Aaroen Lien
TRIP: I årets siste magasin fekk Universitas snakke med studentar som brukarpsykedelika. 'Jonas' (29) kunne ramse opp fleire typar psykedelika han har teke.FOTO: Sigrid Ewing
SVELTESTREIK: Vebjørn Bjelland, fetteren til klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen, gjekk ned over 20 kilo i vekt då han sveltestreika for klimaet i sommar.FOTO: Shilan Sari.
MANDAG: Tidlegare student Petter Stordalen heldt «inspirasjonsfrukost» på OsloMet.– I kriser er det viktig å akseptere dei vanskelege kjenslene og ha bra folk rundt seg. Det er ikkje kvar einaste måndag eg likar, eg heller, fortel 62-åringen.FOTO: Shilan Sari.
NATTBUSSEN: Som eit sirkus i fart drikk, spyr og slost passasjerane seg gjennom byen. Universitas tok i mars nattbussen. Kanskje det blir oppfølgjar med nattopen T-bane til våren?ILLUSTRASJON: Ebbe Schieldrop
DROPPA UT ELLER CASH INN?: Tidlegare i år kunne du lesa om studentar som droppa studiet når jobbmoglegheitene verka magre. Vi spør-redaksjonen ringde til SV-fakultet for å høyra kva studiar framtidige arbeidstakarar bør halda seg unna - og kor aspirerande bustadeigarar kan finna håp om lønn for livet.
EVAKUERTE: Studentane på Carl Berner studenthus blei i oktober evakuerte etter eit ras. Frå SiO fekk studentane 1000 kr og ei vekes opphald på Radisson Blue Alna, før dei fekk flytte tilbake.FOTO: Ivo Ek
AMBISØS: Giske Ursin slengt seg på rektorvalkampen ved UiO i siste liten. Ho meiner universitetet har mykje å læra av underhaldningsbransjen og ville jobba for eit betre studiemiljø. Hun er overtydd om at universitetet kan bli betre om dei får få pengegåver.FOTO: Emilie Holtet
JENTEGJENG: Girl Group var ein av snakkisane under årets Bylarm. Så langt har karrieren deira vore prega av å ha éin fot i England, éin i Noreg – og ein samtale med Elton John.FOTO: Adrian Heggem Misfjord.
FORNYING: Snittalderen i Universitetets symfoniorkester er 49. Etter kritikk for å vere «ein gjeng gamle som tviheld på plassane», lovar styret å sjå på retningslinene.FOTO: Vilde Seljeseth Aase
FEILPRIORITERING: Oslo nye Teater får mindre pengar i kommunebudsjettet for andre året på rad. Skodespelarstudentane Eir Johansen og Jacob Hansen meiner byrådet ikkje forstår kor viktig kultur og teater er i den urolege verda me lev i.FOTO: Shilan Sari.
FREDSPRIS: Studentane frå Nicaragua, som vart fengsla og utvist då dei protesterte mot eit autoritært regime, har starta organisasjonen IPEN for å gi utdannings- og ytringsfridom til forfølste medstudentar. I februar vart dei i Noreg for å få Studentenes fredspris for kampen mot diktaturet og for retten til kritisk tenking og utdanning.FOTO: Shilan Sari
SLÅTT TIL RIDDAR: På Det Norske Studentersamfunds Grisefest blei Espen Barth Eide utnemnd til Storkors av Hans Majestet Den Gyldne Gris.FOTO: Jonas Sandboe
MAKEN TIL MANERER: Etiketteekspert Mathias Thoresen er klar på at studenter burde styre under mat i forelesning. Og spesielt én matrett er fy-fy: makrell i tomat.FOTO: Shilan Sari
SEXARBID: Meja opplevde korleis grupper av kundar og følgjarar ho hadde på nettsida OnlyFans berre ønskt å sjå ein spesifikk del av overgangen hennar frå mann til dame. – Dei ville sjå eit fint ansikt med ein pikk, fortalde ho.FOTO: Shilan Sari
SPELEMANNSLAG: Studentorchesteret Biørneblæs sørger for god stemning på pub til pub på Blindern. De går også pubrunde, men med instrumenter og matchende antrekk, og spiller for de ulike studentbarene.FOTO: Adrian Heggem Misfjord
GJENREISING: Far til aktivist Helena Natvig Safi er frå Palestina, og har studert til ingeniør. Safi vil hente studentar frå Gaza, og meiner at også utdanning er avgjerande for å byggje opp ein palestinsk nasjonalstat.FOTO: Shilan Sari
KULTUR I OSLO?: Hausmannsgate 40 blei riven, og med det ein av dei siste alternative kulturstadane i Oslo. Utbyggarane lova rimelege leiligheiter for folk som jobbar med kunst og kultur. Men slik blir det ikkje, fortel daglig leiar for Hausmania kulturhus, Hanne Rye Hanssen.FOTO: Adrian Heggem Misfjord
TRÅKK: Elias Bryhni og Sigurd Tronsmo mekker sykler til inntekt for Gaza. Kompisene tjente et sted mellom 30.000 og 40.000 kroner. Pengene gikk til Leger Uten Grenser sitt arbeid i Gaza.FOTO: Adrian Heggem Misfjord
PUST FØR KONSERT: Fredrik Fernando Austad har utdanning i pusteterapi. Her leier han ein time med pust og meditasjon før konsert med Oslo-Filharmonien.FOTO: Kenneth Novela Gran
AKADEMISK KJENDIS: Etter åtte år som rektor takkar Svein Stølen for seg. Med mykje tid i rampelyset, er det greitt å ha gode solbriller.FOTO: Emilie Holtet
PÅSKEKRIM: Studentane sonar livstid på lesesalen, utan å ensa den mest populære sjangeren i landet som ligg og støvar på hyllene ved sida av. Universitas sin journalist gjorde greie for møtet sitt med bokhyller lasset med påskekrim.ILLUSTRASJON: Agnes Felicia Sandmo Brenna
UNDERGRUNN: Matt Shally, ein av Tbilisis første drag queens, på kontoret sitt i etasje på klubben Mtkvarze. Han gjer seg klar for kvelden.FOTO: Stine Moldfjell
FRIHET UNDER PRESS: Mann backstage på nattklubben Bassiani, før eit LGBT+-event med drag-opptreden i Tbilisi, Georgia.FOTO: Stine Moldfjell
KVINNEMANGEL: Juni Helene Alicia Sol Romero y Cordero Berg-Nielsen frå Grøn Liste siger det trengst meir diskusjon av kjønnsrepresentasjonen og mangfaldet i ulike styre. Ho tok eit oppgjer med ein ukultur i studentparlamentet ved UiO - der var 17 av 27 nyvalde representantar menn.FOTO: Emilie Holtet
KRIGSFRYKT: Utviklinga i Ukraina har gitt studiet deira ny aktualitet. Studentane på krigsskulen er nervøse, men fortel at nervøsiteten motiverer.FOTO: Shilan Sari
ANLEGGSARBEIDER: Jakob (5) går i Eilert Barnehage, oppkalt etter Eilert Sundt. På spørsmålet om hvem Eilert Sundt har Jakob en teori: Han tror Eilert var en byggemann.FOTO: Emilie Holtet
IKKJE HOKUS POKUS: Maja Ja Jansen er heks og kunstnar. Heime har ho ei rekkje artefaktar ho brukar i sitt verke.FOTO: Stine Moldfjell
RAWR: Leiar av Studentparlamentet ved Oslomet kledde seg ut som tigermaskoten deira. Oppslutnaden i studentparlamentsvalet har meir enn dobla seg dei siste tre åra.FOTO: Shilan Sari
SPRENGKÅT: Du har sikkert høyrt rykta. Kondomar som heng att på trea, klubbar der all hud blir vist, toalett der det skjer meir enn ein tissedate. Universitas vart med inn i ei verd med anonym sex på Sognsvann, sveitte klubbar og lesbiske orgiar.FOTO: Shilan Sari