Leiar
Å byte ut trua med fornuft
Det byrja kanskje med ønsket om å sjå noko som ikkje fanst. Som barn trur vi ikkje fordi vi veit. Vi trur fordi vi vil at verda skal vere større enn den ser ut til.
Kanskje var det slik trua starta. Som eit forsøk på å gje verda meining, å fylle mellomromma mellom det vi kan sjå og det vi berre kan ane. Før vi lærte å rekne, trudde vi. Før vi lærte å tvile, trudde vi.
Så blei vi vaksne, og lyset måtte få forklaringar. Stjernene blei gass, mirakla blei tilfeldigheiter, og det som ikkje kunne målast, blei oversett.
Vi slutta ikkje å tru – vi berre flytta trua til andre stader.
I dag trur vi på arbeidsmoral, på trening, på psykologar, på sjølvrealisering, på algoritmar, på staten, på marknaden, på oss sjølve. Vi trur på vitskapen når han gir oss håp, og vi kallar det pseudovitskap når håpet blir for stort. Vi har ikkje slutta å leite etter noko å stole på, vi har berre fått fleire alternativ å tvile på.
Vi har ikkje slutta å leite etter noko å stole på, vi har berre fått fleire alternativ å tvile på.
Det er noko rørande i det. At vi framleis trur, sjølv når vi veit betre.
At vi framleis legg hjarte på bordet, sjølv om det altfor ofte blir brukt som spelbrikke.Kanskje er det nett det som gjer oss menneskelege. At vi ikkje toler tomrommet. At vi ikkje klarer å tru på ingenting.
For vi lever i ei tid der meining har blitt noko du kan abonnera på. Der håp blir solgt i små porsjonar: “mindfulness”, “manifesting”, “affirmations”. Som om meininga med livet kan bli strømma, betalt for, eller henta i posten i løpet av sju til ti virkedagar.
Men bak ironien og forklaringane, ligg den same rørsla:Vi vil at noko skal ta imot oss.Vi vil at noko større enn oss sjølve skal svare når vi roper, sjølv om det berre er i eit stille rom.
Og kanskje er det der trua bur no: ikkje i kyrkja, ikkje i læra, men i lengselen. I forsøket. I dei små stundene der vi ikkje veit heilt kva vi gjer, men gjer det likevel. Når vi snakkar til nokon som ikkje er der. Når vi held fast i noko som ikkje kan bevisast, men som likevel kjennest sant.
For kva er alternativet? Å tru på ingenting er òg ei tru. Å leve utan håp, er òg eit håp om at håpløysa skal halde stand.
Vi har prøvd å erstatte Gud med fornuft, men fornufta har aldri klart å trøyste oss.
Vi har prøvd å finne meining i produktivitet, men kalenderen ser ikkje deg for den du er.Tru er ikkje nødvendigvis tryggleik. Ho er ikkje svaret. Ho er tvert imot ein uendeleg mangel.
Det er difor dette magasinet handlar om meir enn religion.
Det handlar om håp og tvil, om kropp og kosmos, om død og data.
Om kva vi trur på no når Gud ikkje lenger held alt saman, men alt likevel treng å hengje saman.
Kanskje er det vi som har forandra oss, ikkje trua. Kanskje har ho berre skifta språk, fått fleire ansikt. Kanskje er ho ikkje borte, men berre stille, og ventar på at vi skal lytte.
For vi trur framleis.På noko, på nokon, på at alt dette må bety noko meir enn summen av lyset frå skjermane våre.Den trua som omhandlar ikkje frykt eller kontroll, men kjærleik og fridom.