
Makt
Heimsøker Blindern om natten
Tidlegare NATO-sjef og statsminister, Jens Stoltenberg blir nostalgisk når han går igjennom Blindern.
– Det er jo ikkje mykje som har forandra seg. Kleda er dei same. Hårfrisyrene er dei same, og Blindern har den same sjarmen som då eg også var her, seier Jens Stoltenberg.
Den noverande finansministeren går i kjapp gange ut på Frederikkeplassen. Han skal ut og drive valkamp, som tydelegvis inneber å mingle med unge.
Ein forskarspire på villspor
Stoltenberg byrja på Økonomisk institutt seint på 1970-talet. Den unge studenten hadde, som så mange andre, ikkje ein klar plan for kva livet skulle bringe. Men interessa for samfunn og økonomi drog han inn i fagmiljøet på Blindern, der han tidleg markerte seg.
– Eg valde ein slags kombinasjonsløysing. Eg var forskar i Statistisk sentralbyrå, men eg underviste på Blindern. Og så enda eg i politikken, fortel han.
I forskningsavdelinga til SSB fekk han erfaring med modellbygging og datakøyringar. På Blindern fekk han smaken på akademia: førelesingar, doktorgradskurs og lange diskusjonar med medstudentar. Planen var å halde døra open til ein forskarkarriere.
– Eg foreleste, gjekk på kurs, og såg for meg at eg kanskje kunne bli professor ein dag. Men livet tok ein annan veg, seier han.

Blinderns store son
Det er ikkje berre Stoltenberg som er nostalgisk. For dagens studentar på Blindern er nok Stoltenberg meir enn ein tidlegare statsminister. Han er blitt eit slags ikon frå barndommen. Det er tydeleg når forelesningssalen er full og det står ein lang kø utanfor rommet medan Stoltenberg pratar.
– Sjølv om eg ikkje vart forskar, har eg kvar einaste dag hatt glede av det eg lærte her. Eg er djupt takksam, seier han.
Og han har mykje å vise til. og nevner følgjande:
Som miljøvernminister bidrog han til innføringa av den første CO₂-avgifta i Noreg. Som finansminister var han sentral i dei avgjerande vala som gjorde Oljefondet til det det er i dag. Som statsminister stod han bak pensjonsreforma. Alle desse prosessane, meiner han sjølv, ber spor av samfunnsøkonomien frå Blindern.
– Eg lærte å tenkje i alternativ, kostnader og gevinstar. Den tenkninga har vore nyttig kvar einaste dag, seier han.
Rettferdige spelereglar
Stoltenberg er tydeleg på at han er glad i økonomifaget. Når han blir spurt om korleis han ser på økonomi, trekker han fram Monopol.
– Eg ser på Monopol som ein kritikk av korleis det kan gå med eit system som manglar regulering og innebygd sosial rettferd, seier han.
Monopol er ein kritikk på eit system som manglar regulering og innebygd sosial rettferd
Han forklarer at i spelet kan eit par heldige terningkast tidleg gi ein fordel som blir umogleg å hente inn. Den som først får eigedomar, blir rikare for kvar runde, medan dei andre blir pressa ut – heilt til ein sit att som vinnar, og alle andre er konkurs.
– Sånn vil vi ikkje ha det i Noreg. Monopol manglar ein stat som regulerer og omfordeler verdiar slik at vi kan tilby velferdstenester til alle.
Monopol manglar ein stat som regulerer og omfordeler verdiar slik at vi kan tilby velferdstenester til alle.
Slik bind han spelet saman med ein grunnleggjande idé: at økonomien må ha rettferdige spelereglar.
Kjærleiken til Blindern
Trass i at han valde politikken, har han aldri lagt skjul på kor mykje Blindern har betydd. Han omtalar universitetet med same varme som andre snakkar om barndomsheimen.
– Eg er glad i Blindern. I økonomifaget, i instituttet, og i sjølve staden, seier han.
Denne kjærleiken er ikkje berre knytt til studenttida. Gjennom heile karrieren har han kome tilbake.
Han seier sjølv at etter harde partileiardebattar på NRK kunne han sjølv rusle roleg rundt på campus.
– Ser du ein litt eldre mann som går og lengtar tilbake til livet han kunne ha levd, så er det meg, seier han med eit smil.
Stoltenberg er tydeleg på at Blindern representerer også ein del av identiteten hans.
Han snakkar med entusiasme om gamle vener og kollegaer frå fagmiljøet, og han er tydeleg på at akademikarane har forma politikken. Samtidig veit han at han sjølv er blitt ein av Blinderns mest kjende ansikt utad.
– Det eg lærte her, har forma meg, og gjeve meg glede og rettleiing i livet, seier han.