Oppgitt: – Me opplever gong på gong at det blir sløsa med verdifull tid og menneskelege ressursar på grunn av den einsidige styringa frå toppen, seier professor Johan Frederik Storm.

Skuldar UiO-leiinga for sabotasje

Frustrasjonen pregar medisinsk fakultet, og millionar går tapt på dårleg leiing. Johan Frederik Storm vil ha meir demokrati.

Publisert Sist oppdatert
Oppgitt: Me opplever gong på gong at det blir sløsa med verdifull tid og menneskelege ressursar på grunn av den einsidige styringa frå toppen, seier professor Johan Frederik Storm.

Professor Johan Frederik Storm er lei av at Universitetet i Oslo blir styrt frå toppen og ned, utan å høyra på tilbakemeldingane frå dei akademisk tilsette.

– Det er dei som dreg lasset og merkar kor skoen trykkar. Dei veit frå erfaring korleis ein løyser problem, og er ein enorm ressurs som UiO ikkje nyttar seg av, seier Storm, som er professor ved Institutt for medisinske basalfag, og leiar av Akademisk Forum ved UiO.

Storm refererer til det medisinske fakultetet, men meiner problema går igjen på heile universitetet. Han er frustrert over leiinga. Spesielt skuffande er det at tilbakemeldingar frå dei tilsette ofte blir ignorert.

Mange orkar rett og slett ikkje å snakka om dette lenger, dei har prøvd så lenge at dei har gitt opp

Johan Frederik Storm

– Ein mistar motet, fordi ein ikkje blir høyrt – spesielt om ein er kritisk. Mange orkar rett og slett ikkje å snakka om dette lenger, dei har prøvd så lenge at dei har gitt opp. Slik går ein glipp av verdifull tilbakemelding, seier Storm.

Frustrasjonen ved medisinsk fakultet er merkbar, men mange let vera å klaga – fordi dei har gitt opp, ifølgje Storm. Dette stadfestar også fleire andre akademisk tilsette ved medisinsk fakultet som Universitas har snakka med.

Leiarval i alle ledd

Johan Frederik Storm vil ha demokratiske val av leiinga, også avdelingsleiarar og seksjonsleiarar. Dette vil han ta opp torsdag 10. september, i eit opent debattmøte arrangert av Akademisk forum og Forskerforbundet ved Universitetet i Oslo. I dag blir dekanen og fakultetsstyret valt – men det er ikkje nok, ifølgje Storm.

– Våre næraste leiarar blir utpeikt frå toppen, ikkje av oss. Får ein ei leiarstilling ovanfrå får ein også meir lojalitet til leiinga, seier Storm, og legg til at heller ikkje tillitsvaldordninga ved fakultetet fungerer spesielt godt.

– Vil ikkje demokratiske val av alle leiarstillingar vera veldig lite effektivt?

– Tvert imot, det vil bli mykje meir effektivt. Me opplever gong på gong at det blir sløsa med verdifull tid og menneskelege ressursar på grunn av den einsidige styringa frå toppen.

Storm meiner leiinga gjer denne situasjonen verre ved å gjera møter med dei tilsette kjedelege og halveges gjennomført, og med stort sett einvegs kommunikasjon.

Oppgitt: – Me opplever gong på gong at det blir sløsa med verdifull tid og menneskelege ressursar på grunn av den einsidige styringa frå toppen, seier professor Johan Frederik Storm.

Frustrerande sløsing

Professoren trekk fram dyreavdelinga ved medisinske basalfag, ein stall for forsøksdyr i forsking, som eit døme på kvar det kan gå gale når leiinga ikkje er opne for tilbakemeldingar.

– Då me skulle få ei ny dyreavdeling var det mange som ante at det kunne oppstå problem om ikkje brukarane fekk eit ord med i laget. Me inviterte til fleire møter, men dei vart stort sett sabotert av leiinga som køyrde sitt eige løp. Det førte til mange problem, og kostar fleire millionar, seier Storm, og legg til at mange av brukarane har klaga på dyreavdelinga.

Det er slike utfordringar Storm meiner kan løysast med ei endring i innstillinga til leiinga, noko som også andre kjelder stadfestar.

– Hos oss ser me ein frustrerande grad av sløsing og dårleg styring. Mykje skuldast ei dårleg innstilling og manglande respekt for det som kjem nedanfrå.

– Kva kan gjerast?

– Det første må vera ei endring i innstillinga til leiinga. Dei må forstå at tilbakemeldingar ofte er dei beste råda ein kan få. Korleis skal det skje? Me treng fornuftige leiarar som er meir demokratiske – det er det det sviktar.

Mer kritikk av ledelsen? Les denne kommentaren: Fryktkulturen ved UiO vil vedvare så lenge ledelsen er blind for problemet

Kjenner ikkje problemet

Prorektor ved UiO, Ragnhild Helene Hennum, seier at ho ikkje kjenner til frustrasjonen ved medisinsk fakultet.

– Me er kjent med at Johan Frederik Storm har gått ut med dette før, men me har ikkje noko anna kunnskap om dette frå nokon andre enn han.

– Burde ikkje de kjenna til desse problema, når fleire bekreftar det Storm seier?

– Eg vil oppmoda folk om å sei ifrå om det er noko dei ønskjer å sei ifrå om. Det er vanskeleg for oss å vita det om ikkje folk seier ifrå, seier Hennum,

Ho anerkjenner at leiinga burde visst om eit slikt problem dersom det eksisterer.

Prorektoren kjenner til at det har vore misnøye rundt dyreavdelinga til medisinske basalfag, men desse problema skal vera løyst i dag. Der var det òg ein brukarrepresentant med i utforminga, seier prorektoren.

Dessutan kan mellomleiarar veljast demokratisk med dagens ordning, ifølgje Hennum.

– Både rektor og eg har gått til val for at både rektorar og dekanar skulle bli demokratisk valt, og at institutta sjølv skal få bestemma styreforma si. Det blir òg gjort.

Powered by Labrador CMS