Klagepraksis: Universitetet i Oslo og Høgskolen i Oslo og Akershus (bildet) har ulike prosedyrar for handsaming av klager på eksamenskarakterar.

Vil ha «blinde» sensorar

Bør sensoren som vurderer ei klage få vita den opprinnelege karakteren eller ikkje? Det har mykje å seia for kva for karakter du endar opp med.

Publisert Sist oppdatert

Klageordningar

  • Utdanningsinstusjonane kan i dag velja mellom open og blind omsensur i handsaminga av klager på karaktersetjing.
  • Ved open omsensur får ny sensor informasjon om opprinneleg karakter, grunngjevinga for denne og studenten si grunngjeving for klaga.
  • Ved blind omsensur får ny sensor kun sjå eksamenssvaret, og føretek si vurdering utelukkande på grunnlag av dette.
  • Sivilombudsmannen har uttalt at begge ordningane er i tråd med gjeldande lovverk, og Kunnskapsdepartementet vil ikkje leggja føringar for kva institusjonane bør velja.
  • Som student har du rett til å vita kva for ordning som vert nytta ved din utdanningsinstitusjon.
  • Ingen ned på UV

Ved Universitetet i Oslo (UiO) nyttar ein såkalla open omsensur i klagesaker, medan ein på Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) har vald ordninga kjend som blind omsensur (sjå faktaboks).

– Det positive med blindsensur er at nye sensorar ikkje blir påverka av den første vurderinga. Me er nøgde med at HiOA nyttar denne ordninga, då det viser seg at studenten kjem godt utav det, seier Eirik Strøm Solberg, nestleiar i studentparlamentet ved HiOA.

Blindt er best

Studentparlamentet ved UiO ønsker å innføre blind omsensur også ved Universitetet og går inn for dette i sin politiske plattform for studieåret 2012-2013.

– Ein skal stille med blanke ark og få ei heilt upartisk vurdering når oppgåva skal vurderast på nytt, seier Madeleine Sjøbrend, studie- og forskingsansvarleg i SP-UiO.

Universitets- og høgskolerådet (UHR) kartla i 2011 utbreiinga av dei to klageordningane ved 40 av sine medlemsinstitusjonar. 17 institusjonar nytta då blind omsensur, medan 23 nytta den opne varianten. Klagestatistikk for fem semester frå dei største av institusjonane viste at 22 prosent av sakene enda med endra karakter ved open omsensur, mot 34 prosent ved blind omsensur.

Nye tal Universitas har henta inn frå UiO og HiOA for 2011 og 2012 stadfestar denne tendensen. Av klagesakene Universitas har fått informasjon om, enda 38 prosent med endra karakter ved HiOA mot 25 prosent ved UiO.

– Det stadfestar behovet for blind omsensur. Det viser at ein får ei heilt ny vurdering av eksamenoppgåva, kommenterer Sjøbrend.

Fare for kollega-lojalitet

Marianne Brattland, studiedirektør ved HiOA, er einig.

– Våre sensorar er profesjonelle, og har fått rettleiing i kva kriterium som skal ligge til grunn for vurderinga. Slik vi har vurdert dette, bør ein likevel ikkje opplyse om vurderinga ved første sensur fordi spørsmålet om kor vidt ei ny vurdering er farga av første sensur, vil bli stilt. Ein kan heller ikkje utelukke at ein ny sensor umedvite kan bli leidd av korleis svaret er vurdert tidlegare, seier ho.

Ole Petter Ottersen, rektor ved UiO, ser anleis på saka.

Klageordninga der nye sensorar får full informasjon, er best.

Ole Petter Ottersen, rektor ved Universitetet i Oslo

– Dette har vi diskutert både i Universitetsstyret og i rektoratet, og vi har kome fram til at klageordninga der nye sensorar får full informasjon, er best. Vi synest det er mest fair med ei vurdering der ny sensor får full informasjon, seier han.

– Kan ikkje det å ha tilgang til dei første sensorane si vurdering av ei oppgåve, gå utover objektiviteten til dei som skal vurdera ho på ny?

– Det er eit argument mange nyttar, og det er eit valid argument. Men her er det viktig at det skal vera symmetri i informasjonen nye sensorar får, dei skal få tilgang til både dei første sensorane si grunngjevinga for karakteren, og studenten si grunngjeving for klaga.

– Trur du ein student si grunngjeving for å klaga er like tungtvegande som den vurderinga ei fagfelle allereie har gitt når ei oppgåve skal vurderast på ny?

– Dette er eit tillitsbasert system. Vi må ha tillit til at nye sensorar gjennomfører objektive vurderingar, seier Ottersen.

Mindre risiko ved open omsensur

Samstundes som sannsynet for å få karakteren endra er størst ved blind omsensur, er også faren for å få ein dårlegare karakter størst med denne klageordninga. Universitas’ tal syner at ved UiO fekk 12 prosent av klagarane dårlegare karakterar i omsensuren der karakteren blei endra, medan tilsvarande tal frå HiOA er 32 prosent.

– Dette er veldig interessant, og noko eg gjerne vil sjå nærare på. Men det er vanskeleg å seia kvifor det er slik på stående fot, seier Sjøbrend.

Solberg opplyser at Studentparlamentet ved HiOA har vore i kontakt med studentar som har enda med ein langt dårlegare karakter etter å ha klaga.

– Det kan tenkjast at faren for dette er større ved blindsensur, fordi det kan vera prinsipiell usemje mellom sensorane som ikkje vert kasta lys over, seier han.

Av dei 52 klagesakene etter eksamensavviklinga ved Utdanningsvitskapleg fakultet (UV) ved UiO hausten 2012, enda 17 med endra karakterar, alle til fordel for klagarane.

Prodekan for studiar og utdanning ved UV, Eli Ottesen, synest det er vanskeleg å svara på kvifor ingen av klagarane fekk dårlegare karakterar etter omsensuren.

– Eg synest ikkje det at 33 prosent får endra karakterane, er mykje. Dette tyder på at systemet fungerer og at studentane sine rettar vert ivaretekne, og klagene fulgde opp.

Leiar i studentutvalet ved UV, Celestina Da Silva er glad for at ingen av dei klagande medstudentane hennar fekk dårlegare karakterar. Likevel er ho ikkje heilt nøgd.

– Det er positivt at ingen gjekk ned. Men i utgangspunktet burde ingen gå opp heller, sensuren skal vera mest mogleg i samsvar med sensorrettleiinga, seier ho.

Trass i at ei klage ved UV ser ut til å vera bortimot risikofri, ynskjer studentutvalet, som kollegaene i studentparlamentet, å få innført blind omsensur.

– Vi har teke opp i studieutvalet på fakultetet at vi ønsker blind omsensur, fordi vi trur det vil gje ei meir rettferdig vurdering. Det er feil at kollegaer vurderer kvarandre sin sensur. Eg trur terskelen for å endre karakterar til nokon ein kjenner, er høg. Ein vil ikkje tråkke kvarandre på tærne, seier Da Silva.

– Vil du, gitt desse tala, oppmoda UV-studentane til å klage på eksamenskarakterane sine?

– Eg vil rå studentar som føler at dei har fått ein urettferdig karater, til å be om grunngjeving, og ut ifrå denne ta ei vurdering på om dei ønsker å klage, seier ho.

Powered by Labrador CMS