llustrasjon: Marianne Norum

Me som fryktar kjærleiken

I ei tid kor eit tilfeldig ligg er like vanleg som ein date og rammene for romantikken flytande, er kjærleik viktigare enn nokon gong.

Publisert Sist oppdatert

Mitt forrige forhold var eit «ikkje-forhold». Me var saman oftare enn me ikkje var, og me lova kvarandre at me ikkje skulle bli involvert med andre av det motsatte kjønn. Me dro til IKEA saman og me laga middag saman – men me var ikkje kjærastar.

Eg innsåg at eg ikkje var den einaste som hadde eit slikt «ikkje-forhold»-forhold. Ei veninne hadde etter fire månadar med filmsjåing og roting på sofaen gjeve opp fyren då det ikkje gjekk nokon veg. Samtidig hadde ei anna avslutta «ikkje-forhold»-forholdet når mannen ikkje ville fortelja foreldra eller venene hans om henne, og såg helst at ho heldt det like hemmeleg.

Kvar er kjærleiken blitt av? Er me blitt generasjonen som har gjeve opp kjærleiksforhold?

– Kjærleik er viktigare enn nokon gong, seier Helge Poulsen. Han er utdanna psykolog og har over 30 års erfaring med relasjonsutvikling. Han har blant anna gjeve kjærleiksråd i samtale med Lisa Tønne på podkasten Tusvik og Tønne.

– I 1930-åra havna kjærleik på femte plass av kvinner si verdi-prioriteringa. I dag er den på fyrste plass hos både menn og kvinner, fortel han.

Sosiologen Helene Aarseth ved Senter for Tverrfaglig Kjønnsstudier ved Universitetet i Oslo (UiO) seier det har oppstått eit kjærleiks-paradoks: Kjærleiken er blitt meir sentral i liva våra, men på same tid har den blitt flyktig – me kan ikkje vita om me har den eller ei, og blir utrygge fordi me veit at me kan bli åleine når som helst.

– Det blir som ein backpacker som får høve til å reise kvar som helst utan kostnadar. Sei at du er i ein by som er heilt fantastisk og du likar deg der, men så veit du at det bare er ein to timers busstur til neste plass, som i tillegg til å vera kostnadsfritt kanskje kan vera enda betre, forklarar Aarseth.

Tinder og anna nettdating har i det minste dels skyld i denne utviklinga. Det er tilfredsstillande i augneblinken å velja ein potensiell partnar basert på innpakkinga og så få ein match. Hjernen vår er disponert til å søkje etter lukke utan å måtte leggje seg i selane. Det er lettare å gå for mogelegheita til momentan ekstase, enn å investera i eit forhold som treng tid for å modnast – sjølv om ein får betre nytte og glede av det på sikt.

– Det krev sjølvdisiplin å ikkje hoppa på neste buss same dag, seier Aarseth.

Psykolog Helge Poulsen fortel om rastlause klientar som har romantiske samtalar med fleire personar på same tid og ikkje klarar å slå seg til ro. – Ein kan heile tida byte ut partnaren og finna nokon betre, seier han.

For å forstå dagens romantikk, må ein forstå gårsdagens. Den industrielle revolusjonen gav oss også ein romantisk revolusjon. Den romantiske revolusjonen var prega av ein romanse definert som heterofil, kor eit romantisk forhold bestod av to mennesketypar – ein mann og ei kvinne som utfylte kvarandre og vart foreina i ei høgare eining.

Den britiske sosiologen Anthony Giddens er positiv til den moderne forma for kjærleik. Han meinar vi ser ei demokratisering av kjærleiken, kor me går frå romantisk kjærleik til reine relasjonar. Det betyr ikkje at romantisk kjærleik er skittent, men at ein set kjærleiken i sentrum. Ein er ikkje avhengig av andre interesse-forhold.

Viss utopien til Giddens om reine relasjonar stemmer, så har den kanskje slått ut feil. Nettopp fordi me skal vera frie og sjølvstendige har det nærast blitt ukult å visa at ein treng kvarandre.

– Kjærleiken er blitt flyktig og me vert rastlause. Kjærleiken blir fristilt frå plikter og avhengigheit, og blir dermed lausare i strikken – sokalla flytande kjærleik. Den får ikkje eit fast haldepunkt, og det er ingenting som binder den saman, fortel Aarseth.

Helge Poulsen bekreftar påstanden.

– Det går igjen i alle parforhold at det er utfordrande å vise avhengigheit, seier han. – Det er ei problemstilling som også eg og kona mi har måtte jobba med. Eg har lært at eg skal klare alt sjølv, og då er det vanskeleg å vere avhengig av ein annan person. Det har vore ein personlig utfordring for meg å tora å anerkjenneadenne avhengigheita.

Ein viktig ingrediens i eit vellukka parforhold er å få bekrefta frå partnaren at han eller ho ynskjer å vera saman med deg. Kjærleiken blir som olje i systemet.

Men viss det har blitt eit tabu å visa at ein treng kvarandre, og me på same tid er avhengig av at den andre parten er avhengig av deg, korleis kan ein då ha eit lukkeleg forhold? Poulsen meinar at løysinga er å våga å kjenna på avhengigheita.

– Me må våge å stå i sårbarheita, oppfordrar han. – Me er redde for å visa avhengigheit fordi andre kan tru ein ikkje klarar seg sjølv, men også fordi ein er redd for at den andre skal forsvinne. Vågar ein å opna seg for partnaren, kan ein få ein vakker, djup kjærleik i forholdet.

Det finst både gode og dårlege måtar å vere avhengig på. Eit par kan smelte saman og til ein ikkje veit kven som er kven i forholdet. I den sunne avhengigheita er ein både ein og to separate personar på same tid. Det betyr ikkje at partane ikkje er sjølvstendige menneske, men at ein kan lena seg mot den andre og vere avhengig av den andre si støtte.

Eit «ikkje-forhold»-forhold er berre ein av fleire moderne relasjonstypar. I tillegg til å vera gift, forlova eller sambuarar, kan ein vera kjærastar, vener med fordelar, eller ein kan bare «halda på».

Forfattar Moira Weigel meinar at dating endrar seg med økonomien. – Før hadde ofte slekta ein finger med i spelet om kven ein skulle gifta seg med. Det vart arrangert eller oppmuntra til ekteskap på grunnlag av eigedom eller kva som ville vera mest lønsamt for familien. I dag er plattforma for dating flytta ut av mor og far si makt, og det første møtet skjer ute på offentlege plassar, forklarar Weigel. Markedsøkonomien vil ha oss til å halde fram med å finne kjærleiken ved å kjøpe drinkar til kvarandre eller betale for Tinder Plus. Dei vil at me skal kjøpe silikonpuppar eller dyre treningskort for å vera meir attraktiv på marknaden.

Sjølv om rammene for jakta på kjærleiken har endra seg, meiner Helen Fisher, antropolog og forfattar av boka Why We Love, at sjølve kjærleiken ikkje er korkje øydelagt eller endra.

– Kjærleiken ligg bakarst i hjernen saman med styresenteret for svolt og tørst. Den er her, og kjem ikkje til å bli forandra om ein sveiper til høgre eller venstre på Tinder, seier ho til The Atlantic.

Kjærleiken er altså sterkare og viktigare enn nokon gong. Fleire og fleire i Noreg lukkast i jakta på den perfekte partnar. Blant personar mellom 16 og 79 år lever nesten 70 prosent i samliv. Rundt ein fjerdedel av desse lever i sambuarskap, medan resten er gifte. I 2015 gifta 22 700 par seg. Me må tilbake til 1980-tallet for å finna så låge skilsmisse- og separasjonstall.

Me tek kjærleik seriøst, og tek tida til hjelp for å finna den rette. Før i tida var ekteskapet starten på kjærleiken. I dag kan ein seie at ekteskapet er finalen – om ein i det heile tatt ynskjer å ta den vegen.

– Nokon meiner at hooking, one-night stands er uansvarleg og vimsete. Eg meiner det er å vere varsam. Ein tek seg god tid til å bli kjend, seier Fisher.

Kjelder:

Statistisk Sentralbyrå, The Atlantic

Powered by Labrador CMS