
Frp: Vil legge ned Lånekassa
...og gje betre økonomiske vilkår for studentar som studerar raskare enn normert.
Vil Frp gå ut med nokon garantiar i forskings- og utdanningssaker, om partiet kjem i regjering?
– Vi gjev aldri garantiar som vi ikkje kan levere gjennom faktisk politikk. Vi ønskjer å stimulere til forsking gjennom å auke forskingsfondet til 100 milliardar og betre rammevilkåra for forsking med investering i utstyr og bygg. Innan høgare utdanning vil vi auke basisløyvingane vesentleg.
Kva må nedprioriterast for å oppnå dette?
– Vi vil i utgangspunktet ikkje kutte i forsking og høgare utdanning. Det er rom for effektivisering og rasjonalisering innan sektoren, men dette er vanskeleg å knyte til særskilde budsjettpostar.
Tusenvis av studentar står kvar haust i kø for studentbustad i Oslo. Kva vil Frp gjere for å sikre dei ein stad å bu?
– Vi vil oppheve kostnadstaket per eining på studentbustadar. Om Frp kjem i ein fleirtalsposisjon, vil mange av dei ikkje-realiserte bustadprosjekta for studentar realiserast.
Frp ønskjer å leggje ned lånekassa, og heller tilby statlige stipendgarantiar. Vil dette sikre rentefritt lån under studietida?
– Betingelsane for lån og stipend vil vere dei same som i dag. Endringa er at studentane skal få lån frå private bankar, men med statleg stipendgaranti.
Kvifor er dette ei betre ordning?
Lånekassa har i dag lang ventetid, dårlig service og er prega av monopol.
– Dette vil gje best mogleg vilkår til studentane gjennom at private bankar konkurrerar om å tilby studentar lån. Lånekassa har i dag lang ventetid, dårlig service og er prega av monopol. Kostnadane for staten ved at private bankar tek seg av utbetalingane vert dei same.
Frp ønskjer at dei som gjennomfører studie på kortare tid enn normert, skal få betre lånevilkår. Vil ikkje dette føre til at fleire hastar gjennom studiet?
– Mange av studentane som gjennomfører på normert tid i dag arbeider ved sidan av studiane. Om nokon heller vil nytte den fulle kapasiteten sin til å gjennomføre bachelorgraden på to år, vil dette vere av stor vinst både for studenten sjølv og storsamfunnet. Dette skal skje utan at vilkåra for dei som fullfører på normert tid vert dårligare.
Kor mange gongar grunnbeløpet bør studiestøtta ligge på?
– Du får ikkje noko klart tal av meg, sidan dette er noko som vil endre seg. Vårt samla utgangspunkt er at beløpet skal vere så stort at studentane slepp å jobbe ved sidan av studiane.
Frp vil gjeninnføre støtte til «freshman»-året på universitet i utlandet kor bachelorgraden er på fire år. Er ikkje det feil å gje støtte til eit studieår som ligg fagleg nærare avslutningsåret på norsk vidaregåande enn innføringsemner ved norske universitet?
– Eg er ikkje einig i den kvalitetsvurderinga. Om det fører til auka studentutveksling at vi støtter fire år, syns eg ikkje vi skal sei at vi berre støtter tre år fordi det er berre dei som er på høgt nok nivå.
Korleis stiller Frp seg til sponsa forsking?
– Sponsing og samarbeid om forsking mellom næringslivet og forskingsinstitusjonar skjer i stor utstrekning i dag. Eg ser ikkje at det er noko problem å sikre uavhengig forsking, og Frp vil ha meir av slikt samarbeid.
Kva andre av Frp sine kjernesaker trur du studentar er opptekne av?
– Skatte- og næringspolitikken vår er viktig sidan studentane om ikkje lenge skal ut i arbeidslivet. Velferdspolitikken er viktig sidan det handlar om sosial tryggleik. Mange studentar vil snart få born, og mange har foreldre eller besteforeldra som har behov for omsorg frå det offentlege.