Hoppende glad: Blant annet Lacrosse-spillere, tok turen for å delta på Studentlekene.
Hoppende glad: Blant annet Lacrosse-spillere, tok turen for å delta på Studentlekene.

For fyrste gong på tjue år:

Da studentleikane endeleg kom til Oslo

Med tallause dugnadstimer, zoom-møter og kioskvakter vart Studentlekene 2021 ein suksess.

Publisert Sist oppdatert

På årets Studentlekene vert ein møtt av den særeigne atmosfæren ein berre finn på idrettsarrangement: summen av vaffellukt, sveitte men glade folk – og tallause timar med dugnadsand. I førre veke strøymte tusenvis av studentar frå alle landsdelar til Oslo i turbussar, tog og fly. Dei deltok på Noregs største studentidrettsarrangement.

– Dette er historisk sidan det er fyrste gong studentlekene er her i hovudstaden. Det synest vi er veldig stas, seier Ingvild Vesterhus, nestleiar for Studentlekene 2021.

Studentlekene er eit trepartssamarbeid mellom Norges Studentidrettsforbund, BI Athletics (BIA) og Norges Idrettshøgskule Idrettslag (NIHI). Førre veke var fyrste gong det vart arrangert sidan koronaen kom til Noreg.

– Målet vårt har heile vegen vore å skape eit samla studentidrettsmiljø, ikkje berre no for leikane, men for Oslo generelt.

Det har vore ein fullpakka veke med mykje på programmet. Konkurransar i 14 idrettar, opningsseremoni på Bislett Stadion, markering av den internasjonale dagen for psykisk helse og til slutt ein storslått bankett på Ullevål stadion.

Les også: Etterspør mangfold på psykologstudiet

1001 frivillige netter

Å planleggje Studentlekene er ein jobb som krev mykje. Vesterhus tek ein master i fysisk prestasjonsevne ved Norges Idrettshøgskule, men det siste året har ho også vore fullt oppteken med å arrangere Studentlekene 2021.

– Det har vore ein berg- og dalbane å planleggje alt og det har gått tallause timar på Zoom. Vi har vore innom alle moglege scenario, alt frå om det i det heile tatt er gjennomførleg eller om det vart full gjenopning, seier Vesterhus.

Vesterhus anslår at hovudstyret aleine har brukt rundt 15 000 frivillige timar det siste året.

– Vi er ti stykk i styret. Dette talet er estimert ut ifrå kor mange zoom-møter vi har hatt, søknader og ekstra arbeidstid.

Ho fortel at det ikkje hadde vore mogleg å arrangere leikane utan god hjelp frå dei 200 frivillige som har vore med på dugnaden.

– Det har vore ein berg- og dalbane å planleggje alt. Det har gått tallause timar på Zoom

Ingvild Vesterhus, nestleiar Studentlekene 2021

Les også: Halvparten av Blinderns spisesteder er fortsatt stengt

Under my umbrella, ella, ella

Til tross for god planleggjing frå arrangørane si side, var ikkje vêrgudane like nådige. Uka var nemleg full av regn og tåke mesteparten av tida.

– I dag står det ein gjeng og speler frisbeegolf i tåka. Dei får gamble litt om dei lykkast eller ikkje. Eg ville nok ikkje ha lykkast sjølv på ein skikkeleg klarvêrsdag, seier Vesterhus.

Universitas trassar vêret og tek turen for å sjå på ein Lacrosse-kamp. Mens den forfrosne journalisten tafatt prøver å helde varmen, kjem heldigvis Amir Bunjaku og låner ein paraply og sitat til avisa.

– Lacrosse handlar om å vinne kvar gong

Amir Bunjaku, BI Athletics Lacrosse

– Stemninga er god den! Det er litt regn, men det handlar om å helde motet oppe, seier Bunjaku.

Han speler sjølv Lacrosse for BI Athletics, og har heldt på med sporten i over åtte år.

– Eg trudde dei kun spelte lacrosse i England?

– Det er eigentleg ein amerikansk sport som stammar frå indianarane, så det kjem frå over dammen, men kom til Noreg i 2005.

– Kva er det viktigaste i sporten?

Lacrosse handlar om å vinne kvar gong.

Les også: Velferdstinget i Oslo går motsatt veg av byrådet

Byen er Bergen, men stadion er Oslo

Det gjekk ikkje så bra med laget Universitas følgde i denne kampen.

– Vi tapte dessverre 10-3. Men vi har ein kamp til og den er mot BI Bergen, Cheetas, så det vert litt gøy. Det er eit lag frå eigen by, seier Josefine Sundberg.

Ho speler for NHHI Vixen Lacrosse, som er kvinnelaget til Norges Handelshøgskule i Bergen.

– Det er veldig gøy at så mange speler Lacrosse i Noreg no, sidan det er ein sinnsjukt gøy sport.

– Korleis har studentleikane vore så langt?

– Det har vore utrolig gøy! Det har vore litt dårlig vêr, men det kan ikkje bli verre, eller kva?

Kjem du tilbake til neste år?

Det vil eg håpe. Laget elskar å spele, seier Sundberg.

Powered by Labrador CMS