Studentøkonomi
Seks av ti Oslo-bustader er for dyre for studenter – sjølv med deltidsjobb
En ny rapport kjem med slåande tal for studentøkonomien, og Oslo kjem dårlegast ut i heile Noreg.
I dag kom Studentindeksen 2026, som viser kor stor andel av tilgjengelege utleigebustadar ein student har økonomisk moglegheit til å leige.
I følge rapporten, står ein fulltidsstudent som ikkje har deltidsjobb igjen med 3 156kr etter andre naudsynte utgifter. Det finnes verken studentbustadar eller private bustader på Finn.no i dei største byane til denne prisen.
– Å jobbe ved sida av studier er ikkje lenger eit val, det er nærmast eit opptakskrav på lik linje med generell studiekompetanse. Med mindre staten kan trylle frem boliger til 3 000 kroner i månaden, må dei no gjere noko med studentøkonomien og den private leigemarknaden, fastslår Eva Franko Aas, leiar i Norsk Studentorganisasjon.
Oslo skil seg ut
For studentar med deltidsjobb, er den månedlege disponible inntekta i snitt på 8 431 kroner. Det gjer eit budsjett til leigeutgifter på 11 587 kroner, viss ein legg til grunn rapporten, som igjen tar utgangspunkt i ein stilling på 33 prosent. Det tilsvarer 12,2 timer i veka.
Likevel er berre 40 prosent av dei private utleigebustadane på Finn.no i Oslo innanfor dette budsjettet. Det er lågast av dei fem studentbyane som er undersøkt. I dei andre byane ligg andelen på mellom 60 og 72 prosent.
Samstundes har den private leigemarknaden blitt mindre tilgjengelig for studenter det siste året. Samla har andelen bustadar innanfor studentbudsjettet falt frå 57 til 54 prosent.
Over for fulltidsstudenten
– Er det i det heile tatt realistisk å vere fulltidsstudent i Oslo i dag utan deltidsjobb?
– På ingen måte. Fulltidsstudenten er daud og gravlagt, og det viser rapporten veldig tydeleg, seier Franko Aas.
– I rapporten er det lagt til grunnen 33-prosentsstilling. I så fall forventes det at studentane arbeider 133 prosent jamnt over. Og det berre for å ha råd til 40 prosent av bustadane i byen. I dag jobbar studentane i realiteten endå meir enn kva rapporten legg til grunn.
Studentleiaren lar seg provosere av dei som ikkje forstår kvifor studentane klagar.
– Nokre trur at studentane berre kan bu i studentbustad, men det ein ser at studenane ikkje eingang har råd til studentbustadane utan deltidsjobb.
Også meglarane opplyser om ein stadig tøffere marknad for studentar.
– Gjennom årets studiestart har vi sett fleire eksemplar på at studentar i Oslo dropper visningar fordi leigeprisane rett og slett blir for høge. Ettersom etterspørselen etter bustad er større enn tilbodet, er leigeprisane pressa opp til et skyhøgt nivå, seier Geir Skogheim, salgs- og marknadsdirektør i Utleiemegleren.
Franko Aas deler dette resonnementet, og er bekymra for konsekvensane.
– I ei undersøking NSO hadde i 2022 hadde éin av fem opplevd råte, skadedyr og andre kritikkverdige forhold i bustaden dei leiger. I tillegg opplevde me i sommar at studentar ender opp med å bu heime, fordi dei ellers ikkje ville fått det til å gå rundt. Slikt skal me ikkje ha det.
G
– Kor meiner NSO at studiestøtta burde ligge for at ein student utan jobb skulle ha råd til å bu?
– Me vil ha studiestøtta knytta til 1,5 gangar grunnbeløpet i folketrygda. Til og med då må fortsatt studentane arbeide, så me hadde fortsatt ikkje vore tilbake til fulltidsstudenten.
– Då kan ein i det minste kome unna med å arbeide i sommarferien, og litt ved sida av studiane. Og ikkje i staden for studiane, avsluttar Franko Aas.