

Kva forskar du på?
Navn:Knut Røed.
Tittel: professor i genetikk.
Sted: Norges veterinærhøgskole.
– Kva forskar du på?
– Genetikk på ulike artar hest, fisk og særleg reinsdyr. Eg ser på kvar dei stammar frå og kvar dei har utvandra og innvandra, og korleis artar og dyr har utvikla seg opp gjennom tida, og frå stad til stad.
– Oi, kva kan vi bruke det til?
– I desse dagar er jo klimaendringar noko alle er opptekne av. Det påverkar tilhøva for reinsdyra og. Når ein får oversikt over ulik genetikk hos reinsdyr kan ein sjå på kva klimaendringar dyra har vore gjennom i fortida, og såleis kva endringar dei kan tåle no og i framtida. Ein vil jo at dyra skal halde seg sunne og friske, og at dei skal tåle endringane som kjem.
– Kvifor byrja du å forske på det?
– Opphavleg var eg biolog. Dette byrja eg med sidan eg tykkjer samlivet mellom reinsdyr og menneske er spanande. Reinskjøt har vore ei viktig næringskjelde for menneske opp gjennom, og der har såleis vore eit tett samliv mellom rein og menneske. Om ein forstår reinen si utvikling, kan ein forstå mykje om korleis mennesket har utvikla seg. Iallfall omstenda rundt.
– Kan dette redde verda?
– Ikkje heile nødvendigvis, men reinsdyret er jo viktig. Ein håpar jo å kunne verne om dei og kunne stimulere til ei bærekraftig utvikling. Dette kan kanskje verke litt uviktig når ein sit midt i Oslo sentrum, men det har mykje å sei for miljøet vårt.