BROR ALKOHOL: Vår journalist velger seg Bjørneboe-fylla.

Vil ha fyllefest på campus

– Har du nytta sprit i dag?

Publisert Sist oppdatert
Universitetsdirektør ved Universitetet i Oslo (UiO), Gunn-Elin Aa. Bjørneboe

Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, universitetsdirektør Universitetet i Oslo (UiO).

– Sprit? Kva meiner du? Eg har nytta både dispenser og våtserviettar…

– Eg siktar nettopp til spritdunkane som står spreidd rundt på campus. Brukar du svineinfluensaen som unnskylding for å få i gang ein skikkeleg fyllefest?

– Nei, absolutt ikkje! Hovudmålet er å setje fokus på handhygiene.

– Ja, ja, samma det. Det osar heimbrent av spriten, og eg som er frå bygda får abstinensar av slikt. Men det verste er at det fungerar jo ikkje! Eg smurte inn heile kroppen med desinfiseringsgel, men kjente ingenting. Kvifor er det ikkje sterkare alkoholprosent i smørja?

– Det har eg ingen kommentar til.

– Spriten fungerte ikkje eingong når eg brukte ein tampong som eg hadde dyppa i den. Det er utruleg dårleg!

– Dette er ei humoristisk tilnærming til ein svært alvorleg sak.

– Hallo!? Vi er studentar. Gløym svineinfluensa, det er jo alkohol vi bryr oss om. Studentar festar meir enn nokon andre, det må jo du også skjønne. Skal ikkje du liksom vere her for studentane sin del?

– Jo, absolutt. Og når det gjeld beredskap så vil vi jo hindre studentane i å verte utsett for smittespreiing.

– Ja, særlig. Du har jo til og med plassert ein dispenser utanfor SiO-barnehagen på Blindern. Greitt nok at du driv og fristar studentane, men det der er litt vel uansvarleg syns eg, dei er jo berre barn! Kva har du å sei til ditt forsvar?

– Det er viktig å ha fokus på handhygiene også for dei små.

– Eg skjønar ingenting. Eg vil kjenne eufori og beruselse! Og du svarar framleis ikkje på det eg spør om. Held du godsakene for deg sjølv?

– Hehe. Eg har ikkje noko sprit på kontoret, men eg har ein kolbe med sprit ståande på gangen utanfor kontoret. Den nyttar eg flittig.

– No synest eg du er egoistisk og utruleg lite imøtekomande. Dette gidd eg ikkje. Vil du vurdere stillinga di etter dette?

– Eg er så stolt av å vere ein del av eit universitet som har så god beredskap. Vi har blant anna fått svært god tilbakemelding frå Kunnskapsdepartementet. Det er morosamt å drive med beredskap!

– Nå krevar eg svar! Ja eller nei, Bjørneboe!?

– Eit rungande nei!

Powered by Labrador CMS