HÅPLAUST REGELVERK: Studentar som både har deltidsjobb og som mottek stønad frå Lånekassa kan få seg ein smell ved sjukdom. NSU og KD har vore i samtalar om situasjonen, men studentane kan enno sjå langt etter ei betre ordning.

Straffar studentar som arbeider

Studentar med deltidsjobb risikerer å bli ekskludert frå retten til sjukestipend. Ingen veit om, eller når reglane blir endra.

Publisert Sist oppdatert

– Dette er veldig problematisk. Vi veit at mange studentar er heilt avhengige av å ha ein deltidsjobb, seier leiaren i Norsk Studentunion (NSU), Anne Karine Nymoen.

Studentar som har deltidsjobb, og som dermed har krav på ytingar frå Folketrygda, får ikkje sjukestipend frå Statens lånekasse for utdanning om dei blir sjuke.

Kyrre Lekve, statssekretær i Kunnskapsdepartementet (KD), seier regjeringa er klar over problematikken, men ikkje har funne noko konkret løysing så langt.

– Det føregår eit kontinuerleg arbeid med å rydde opp i grensegangane mellom studiefinansiering og andre velferdsgode. Men ulike saker tek ulik tid, seier han.

Komplisert sak

Sjukestipend inneber at studielån, på visse vilkår, blir gjort om til stipend ved sjukdom. Vilkåra er mellom anna at studenten må vera hundre prosent studieufør og at sjukdomen har vara i meir enn 14 dagar.

Ein student som til dømes er sjuk i ein og ein halv månad vil ha rett på 8760 kroner i sjukestipend for perioden, om vilkåra er oppfylte. Utbetalingar frå Folketrygda, uansett storleik, vil derimot gjera at denne retten fell bort. Regelen gjeld uavhengig av storleiken på trygdeytinga. Dermed vil studentar med deltidsjobb tape stort.

– Ei muleg løysing er at ein trekkjer frå det ein eventuelt får frå Folketrygda, slik at ein får ei avkorting i sjukestipendet, føreslår Nymoen i NSU.

Kyrre Lekve er imidlertid ikkje heilt samd, og meiner ei avkorting ikkje utan vidare kan innførast.

– Det er meir komplisert enn som så. Det er i dag omfattande reglar både for unnatak og korleis dette generelt skal gjerast, seier han.

– Spørsmål om vilje

Saka har vore kjent for KD lenge. Dagrun Eriksen, nestleiar i Kristeleg Folkeparti (KrF), stilte i januar i 2009 spørsmål i Stortinget til statsråd for forsking og høgare utdanning Tora Aasland om kva statsråden ville gjera for å betre rettane til sjuke studentar. Eriksen meiner det ikkje er haldbart at det skal ta så lang tid å endre reglane.

– I eit tilfelle med to deltidsjobbar, ville ein fått sjukpengar frå begge. Det regjeringa ønskjer seg og vil, får dei gjort fort. Dei har gjennomført store reformer på kort tid før, seier ho.

Eriksen viser til regjeringa sin visjon om heiltidsstudenten, men understrekar at veldig få framleis greier seg utan deltidsjobb. Ho meiner difor at systemet må vera slik at det ikkje straffar seg å jobbe ved sidan av studia.

Inga løysing enno

Velferdstinget i Oslo (VT) jobba med sjukestipendordninga i 2009. Leiaren i VT, Mari Berdal Djupvik, fortel at Komiteen for studentar sin sosiale rettar gjorde ein del kartleggjingsarbeid, men at VT ikkje har politikk på det enno. Djupvik seier meir vil vera klart etter at VT har hatt det årlege seminaret sitt i februar. Plana er at dei skal samarbeide med NSU om dette utover våren.

– Studentar fell mellom to stolar når det gjeld sosiale rettar. Vi kjem til å jobbe med å synleggjera kvar vi fell imellom regelverka, seier ho.

NSU har heller ikkje utarbeidd har detaljerte krav til korleis regelendringane skal sjå ut. Ifølgje Anne Karine Nymoen jobbar med dei med å finne ei løysing i dialog med politikarane, men ho har inga oppfatning av når dei vil koma i hamn.

Det har heller ikkje Kyrre Lekve, sjølv om han avviser at saka ikkje blir sett på som viktig. Ifølgje Lekve er føremålet med dagens regelverk å hindre at det blir utbetalt doble offentlege ytingar for same sjukdomstilfellet.

– Systemet er komplisert. Det er vanskeleg å rydde opp i problemstillingane, og derfor tek det tid.

Powered by Labrador CMS