SNART VALG: Men amerikanske studenter får lite oppmerksomheten i valgkampen.

Studentar på sidelina

Amerikanske studentar engasjerer seg som aldri før. Men presidentkandidatane har lite valflesk til dei som er under utdanning. Amerikanske studentar går tronge tider imøte. Dersom dei da ikkje studerer i Noreg.

Publisert Sist oppdatert
AKTIVIST: Jarret Zafran, presidenten for college-demokratane på Harvard University i USA, driv intens valkamp om dagen. Han vil ha auka satsing på fornybar energi og få dei amerikanske troppane ut av Irak.

- Studentar mistar incentiv for å yte dersom regjeringa skal begynne å betale for dei. Garrett Augustine, amerikansk utvekslingsstudent og McCain-tilhengar.

Kandidatanes utdanningspolitikk.

    *John McCain (Republikanarane):*

  • Stønad til delstatane for å kunne gi gratis offentleg utdanning til studentar med spesielle behov.
  • Auka stipend til studentar frå familiar med låg inntekt.
  • Stemte i 2006 som senator nei til å flytte 11 milliardar dollar frå skattesmotthol over til utdanning.
  • Kjelde:[John McCain on Education](http://www.ontheissues.org/2008/JohnMcCainEducation.htm)

    *Barack Obama (Demokratane):*.

  • Betale for college-utdanning til studentar som bind seg til å jobbe med undervisning.
  • Innføre American Opportunity Tax Credit, som inneber 4000 dollar i subsidiering av college-utdanninga for dei fleste amerikanske studentar.
  • Direkte overføring av offentlege studielån i staden for å nytte bankar som mellomledd.
  • Stemte i 2006 som senator nei til å flytte 11 milliardar dollar frå skattesmutthol over til utdanning.
  • Kjelde:[Barack Obama on Education](http://www.ontheissues.org/2008/BarackObamaEducation.htm)

    Studentar utprisa

– Energien og entusiasmen blant studentar er høgare i denne valkampen enn nokon gong før, seier Jarrett Zafran, presidenten for college-demokratane på Harvard University i USA. Han fortel om ein intensiv valkampinnspurt.

– Dei siste helgene har vi kjørt busslastar med Harvard-studentar til delstaten New Hampshire for å banke på dørene hos folk. New Hampshire er den næraste viktige delstaten. Hadde Al Gore vunne førre presidentval der, hadde han vunne valet. Eg reknar med at vi har mobilisert om lag 500 collegestudentar til dette arbeidet, informerer Zafran.

Sjølv om studentar tek aktiv del i valkampen vedgår demokrat-presidenten på Harvard at utdanningspolitikk ikkje har stått øvst på dagsordenen hos presidentkandidatane. Heller ikkje hos hans eigen favoritt, Barack Obama.

– Diverre har ikkje høgare utdanning fått så stor plass som det burde. Finanskrisa og Irak-krigen har vore hovudtema i valkampen. Men Obama har snakka ein del om å redusere college-kostnader gjennom skatteletter for å hjelpe familiar å betale utdanning, seier han.

Polarisering i Washington

TVILANDE: Den amerikanske ambassadøren i Noreg, Benson K. Whitney, ønskjer seg fleire norske studentar til USA. Men han trur ikkje utfallet av presidentvalet vil påverke utvekslingsiveren.

Den amerikanske ambassadøren i Noreg meiner det er naturleg at utdanningspolitikken kjem i bakgrunnen ved presidentvalet.

– 95 prosent av amerikansk utdanningspolitikk blir drive fram av private institusjonar. Alle er totalt fråskilde frå den føderale regjeringa, og det er ein ganske sjeldan situasjon. Derfor er det også svært vanskeleg å ha ein nasjonal politikk på dette området, seier den amerikanske ambassadøren i Noreg, Benson K. Whitney.

Presidentvalet mobiliserer likevel studentar, og Whitney peikar på at dette spesielt handlar om Obama sin appell til ungdom.

– Unge menneske har ein tendens til å vera meir liberale enn eldre. Det gjeld over heile verda, meiner han.

Også Jarret Zafran ser gode årsaker til at Obama appellerer til studentane. Han meiner denne aldersgruppa har vore vitne til ei polarisering i Washington, at det er tydeleg at verda, så vel som USA, treng endringar. Demokratkandidaten si utstråling blir også framheva.

– Obama brukar ikkje frykt for å trekkje veljarar. Han er optimistisk og positiv. Som Reagan snakkar han om ein betre morgondag, seier Zafran.

Men trass høg aktivitet driv studentane ingen aktiv kampanje for auka studentvelferd.

– Den største uroinga no er økonomien, også for studentar. Vi ser kollapsen. Ingen utdanning kan hjelpe deg om det ikkje er nokon jobb å få i andre enden, meiner han.

Fryktar sosialisme

SPENNING: Dei amerikanske utvekslingsstudentane på Handelhøyskolen BI, Garrett Augustine (til venstre) og Andrew John Case, har klare meiningar om kven som bør vinne striden på andre sida av Atlanteren. Dei støttar høvesvis John McCain og Barack Obama.

Garrett Augustine, amerikansk utvekslingsstudent ved Handelshøyskolen BI, er samd i at interessa og engasjementet hjå amerikanske college-studentar er høgt framfor dette valet. Også han studerer til vanleg ved Harvard University. Sjølv støttar han John McCain.

– Obama representerer ei europeisk form for sosialisme, noko som står i rak motsetning til dei høgast verdsette ideala i USA, fridom og personleg ansvar. Sosialisme er som dop for dei som får fordelar av det. Dei mistar motivasjonen til å nå sitt fulle potensial som individ, meiner han.

Augustine synes ikkje det er rart at studentar ikkje organiserer seg som ei pressgruppe framfor presidentvalet.

– Tradisjonelt er college ein privat ting i USA, og eg trur studentar mistar incentiv for å yte dersom regjeringa skal begynne å betale for dei. Det er heller ikkje vanleg at amerikanarar definerer seg sjølve på basis av klasse på same måte som i Europa. Ein student seier ikkje at han er ein student, men ein amerikansk innbyggjar, hevdar Augustine.

Han meiner dei som er under utdanning heller ser litt lengre fram.

– Eit stigande tidevatn løfter alle skip. Jo fleire band regjeringa legg på liva våre, jo verre vil alle få det. Så studentar vil heller at heile økonomien skal gå bra enn at dei skal få ei hand strekt ut frå regjeringa, seier han.

Andrew John Case, som også er utvekslingsstudent frå USA ved Handelshøyskolen BI, har eit litt anna syn. Han skal om få dagar sende røystesetelen sin til heimlandet, og på den vil det stå Barack Obama.

– Utdanning har diverre ikkje nådd heilt fram i denne valkampen, seier Case.

Utvekslingsstudenten har likevel eit klart ønskje om at dette politikkområdet skal bli viktigare i framtida.

– Den føderale regjeringa er der for å hjelpe folk, meiner han.

Utenkjeleg studentløfte

Ole O. Moen, historieprofessor med Nord-Amerika som spesialfelt, stadfestar at utdanningspolitikk har fått liten plass i den amerikanske valkampen. Det har heller ikkje vore ein viktig del av dagsordenen hos den noverande administrasjonen.

– George W. Bush skulle vera utdanningspresidenten med programmet «No child left behind». Men det vart det ikkje mykje av. Han brukte pengane på krigen i Irak i staden, forklarar Moen.

USA-eksperten ser heller ikkje for seg at ein amerikansk presidentkandidat skulle gå ut og gje konkrete økonomiske lovnader til studentar.

– Det er utenkeleg. Obama snakkar om skattelette for studentforeldre. Men ikkje direkte stønad til studentane, seier han.

Den amerikanske nettavisa usnews.com melder om finanskrise, også i utdannings-USA. Ei undersøking gjort i oktober blant meir enn 500 private college tydar på at amerikanske studentar går magre tider i møte. 46 prosent av collega kunne melde om studentar som måtte avbryte eller byte til deltidsstudiar på grunn av økonomiske årsaker. Og situasjonen kan bli verre, skriv usnews.com.

Ifølgje tilsette innan føderal finansieringshjelp er det fleire kjelder til dei økonomiske vanskane hos studentar. Auka levekostnader vil gi foreldre problem med å legge opp sparepengar til seinare college-utdanning for barna, samstundes som stipend frå bedrifter og velferdsorganisasjonar minkar og det blir vanskelegare å få lån. I tillegg er offentlege universitet og college i ferd med å auke studieavgiftene på grunn av minka skatteinntekter og overføringar.

Espen R. Henriksen, postdoktor ved økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo, meiner hovudproblemet er verdifallet i dei oppsparte midla hos foreldre.

– Ein representativ amerikansk familie sparar i ei blanding av bankinnskot, obligasjonar og aksjar. Det er spesielt aksje- og obligasjonsbiten som blir ramma, seier Henriksen til Universitas.

Økonomen forklarar at dersom poden berre er fem år er det ikkje så mykje å uroe seg for, sidan dette er langsiktig sparing og verdien truleg vil stige igjen innan dei begynner på college. For dei som derimot nett har byrja eller skal byrje på høgre utdanning kan det vera dramatisk. Henriksen meiner likevel ikkje at studentar vil lide meir enn andre grupper av finanskrisen.

– Vi må hugse på at ein har studielånsordningar i USA, og det finst offentlege universitet, som trass i alt tek lågare studieavgifter enn private universitet, seier han.

Heller ikkje amerikanske utvekslingsstudentar i Noreg hamnar i ein urimeleg vanskeleg situasjon, ifølgje Henriksen.

– Nei, tvert om. Dersom dei har pengane sine i banken, så har dei vunne. Dollaren har styrka seg mot den norske krona med førti prosent dei siste månadene, så dei får mykje meir for dollar sin når dei bur i Noreg. Dette blir motsett situasjon av det islandske studentar i Noreg opplever, opplyser han.

Powered by Labrador CMS