Mållovlaust
UiO bryt mållova sitt krav om at 25 prosent av alt informasjonsmateriell skal skrivast på nynorsk.
– Utan sanksjonstruslar bak kravet, er ikkje dette noko eg har tenkt å bry meg med, seier
informasjonsdirektør, Helge Kjøllesdal.
I mållova står dette om sanksjonar: «Om ikkje ein institusjon held mållova, skal det lokale mållaget masa i avisene».
- Bryt ikkje mållova
BOKMÅL: E-post frå Kjøllesdal
Studentar fekk røyk
Før jul vart gratis sigarettar delte ut av Tiedemanns Tobaksfabrik til interne frivillige på Chateau Neuf, sjølv om dette er ulovleg.
– Me fekk beskjed frå Tiedemann sin advokat om at dette var fullt lovleg, seier Thore
Hopperstad, festansvarleg og dagleg leiar for Chateau Neuf Servering.
Han fekk òg beskjed om at tobakk hjelper mot lungekreft, at det er kult å røyka og at
tobakksprodusentar har samvet.
Berre gale hjå kantinene
Næringsmiddeltilsynet kritiserer Studentkafeane for dårleg vask, manglande internrutiner og for låge temperaturar i matdisken.
– Me tek dette særs alvorleg og har allereie to firma inne på El Charro for å sjå på
internkontrollen, sier direktør Hans-Jul Mikkelsen.
Dei to er Pesticide AS og Oslo Overkill.
Må ta om igjen jussreform
På grunn av overdrevne karakterkrav i frå advokatnæringa tek kvar tredje jusstudent opp att eksamenen. Juridisk fakultet vil no dela opp den toårige fellesdelen, slik at ikkje alt skal stå på ein einaste eksamen.
– Bra! Då kan me arbeidsgjevarar ha overdrevne karakterkrav til to eksamenar i staden for berre ein, seier ein nøgd Oskar Strebherr i advokatkontoret BAHR.
Universitas om 25 år
No er det nye forkurset på Juss klart. Det går ut på at studentane skal lesa 1000 sider på
24 timar. Dei som overlever går vidare.
(Henta frå artikkelen «– Vil du leva?»)
Universitas om 50 år
Biologi jublar over framstega dei har hatt med dyrking av stealth bakteriar.
– Dette hadde aldri vore mogeleg utan det tilfeldige besøket frå dei ansatte på El Charro, seier
ein glad professor Kolbjørn Rabies.
(Henta frå artikkelen «Først pengar, so bakteriar»)