Eg logga av USA i ei veke

Teknologi

Hadde Noreg overlevd utan teknologi frå USA? Nei. Men kva skjer når masterskrivinga skjer utanfor Google og Microsoft?

Publisert

Apple er problematisk. Visa eig pengane mine. Microsoft eig universitetet. Ein rapport frå det sveitsiske teknologiselskapet Proton viser at 96 % av norske bedrifter brukar amerikanske teknologileverandørar som Microsoft eller Google.

Eg bestemte meg for å rive han av.

I ei veke skulle eg leve utan amerikansk teknologi.

Ingen Google. Ingen Microsoft. Ingen Apple. Ingen Meta. Ingen Amazon. Ingen Netflix. Ingen Android. Ingen Gmail. Ingen Teams. Ingen Word.

Eg skulle ut. Eg skulle kutte lina. Eg skulle bli fri.

Cash frå konfirmasjonen

For det første: kortet. Visa. Amerikansk. Ubrukeleg, om eg skulle vere tru mot prosjektet. Så eg byrja å betale kontant. Men for å ta ut kontant treng eg kortet. Men eg har spart på pengane mine frå konfirmasjonen min i 2016.

For det andre: telefonen. Android er Google, men Nokia er finsk. Så eg tok fram min gamle Nokia. Den har tale-til-tekst-funksjon faktisk, men den funksjonen er frå Google. Så då blir det tasting.

For det tredje: PCen. Den er Huawei, men har Microsoft. Så eg må endre operativ system til Linux.

For det tredje: universitetet.

Det er først når du prøver å vere student utan amerikansk teknologi at du skjønar at universitetet ikkje berre brukar Microsoft.

Eg prøvde å logge inn. Eg prøvde å opne e-post. Eg prøvde å finne ein måte å fungere på utan å leggje heile livet mitt i fanget til ein amerikansk gigant. Det gjekk, teknisk sett, men berre på den måten ein kan seie at det teknisk sett går an å vaske klede i badekaret. Du kjem i mål. Men du blir gal.

«Single point of failure»

Så eg ringde IT.

Svara eg år er følgjande: Ja, det finst alternativ til Microsoft Authenticator. Ja, Linux-brukarar finst. Ja, det finst eit alternativ for Outlook og det heite Thunderbird. Ja, det finst omvegar, men det meste er framleis Microsoft.

Yay.

Eg tar kontakt med Lauritz Pedersen. Ein som openbert har tenkt altfor mykje på kva som skjer når éin aktør eig halve verda.

– Det eg meiner er ein av dei største risikoane med avhengigheit, er denne ‘single point of failure’-tankegangen, seier han.

Lauritz er KI-masterstudent ved OsloMet og dagleg leiar i Frostbyte, ein teknologidrevet startup-holding.

Han seier at når alt er bygd opp rundt eitt system, held det at éin ting knekk, så knekk mykje anna med det.

– Dersom noko skulle skje i verdsbiletet som kunne freiste USA til å bruke sitt overveldande monopol i IT-verda som eit våpen, så har dei moglegheita.

For han handlar det også om personvern.

– For meg, med den cybersikkerheitsbakgrunnen eg har, er det jo også eit stort personvernsspørsmål her om kor mykje data vi frivillig – eller ufrivillig – gir til store amerikanske selskap.

Så kjem den verkelege bombshellen:

– Vi har alltid vore ekstremt påpasselige når det kjem til kinesisk og russisk infrastruktur. Men når det er snakk om storebror USA, har det ofte gått under radaren.

Alt for integrerte

Det er først når ein prøver å kutte det ut, at ein ser kor absurd djupt det går.

Eg opna dokument i LibreOffice og såg formateringa på masteroppgåva. Eg prøvde å kome inn på Studentweb, og blei møtt av Microsoft Authenticator.

Kvar einaste digitale sti såg ut til å ende i Microsoft.

Og likevel: Når eg spør Lauritz om det er realistisk at norske universitet kan utvikle eller ta i bruk europeiske alternativ, sukkar han.

– Personleg trur eg svaret er nei utan nokon form for lovendringar eller andre faktorar som gjer det nødvendig å bytte.

Word, Excel og Outlook er for integrerte.

– Det er vanskeleg å sjå føre seg ein kvardag utan desse verktøya.

DS-en redda livet

Ein uventa konsekvens av å kutte Silicon Valley, er at fritida mi plutseleg ikkje veit kva ho skal gjere med seg sjølv. Ingen Instagram å scrolle gjennom medan eg ventar på bussen. Ingen YouTube-hol. Ingen Netflix som spør om eg framleis ser på.

Eg henta fram ein gammal Nintendo 3DS, hacka han og lasta inn Pokémon Emerald. Det går fint fordi Nintendo er japansk. No sit eg der igjen, ein vaksen mann på lesesalen, fordi eg vil heller gjere det enn å skrive master. Prokrastinasjonen blir ikkje betre.

Det byrja som tidsfordriv. Det utvikla seg raskt til eit problem. For det viser seg at når ein fjernar den uendelege straumen av amerikansk dopamin, er hjernen meir enn villig til å bli avhengig av noko langt enklare: fange Pokémon.

Politikken kjem inn

Ein som har prata ut mot Microsoft sitt monopol i Noreg er stortingsrepresentant Marius Langballe Dalin frå MDG. Eg ringjer.

– Kvifor skal ein vere kritisk til at Microsoft har så mykje dekning i både Bedrifts-Noreg og Studie-Noreg?

– Det er mange grunnar til det. Det er ikkje ein generell skepsis til amerikansk teknologi. Microsoft er ikkje ein versting her. Men det å leggje alle egga i ei korg er aldri lurt.

Når ein aktør får nesten-monopol, får han også makt.

– Når ein har nesten-monopol, så er ein i ein posisjon til å utnytte kundane sine på ein heilt annan måte.

Løysinga er ikkje revolusjon, men spreiing av risiko.

– Vi må spreie på langt fleire tilbydarar, langt fleire løysingar. Då har vi kompetanse, og vi er ikkje så sårbare.

Men han trur ikkje på ei dramatisk skilsmisse frå USA-tech.

Han legger til at på stortinget er dei også veldig avhengig av Microsoft. Og innad i MDG brukar dei mest google.

Datasenter og digital sjølvstende

Dataekspert Lauritz meiner ein del av løysinga ligg i å bygge meir digital infrastruktur sjølv.

– Det vil vere til stor nytte for Noreg å hoppe på hesten tidleg her, seier han om utviklinga innan AI.

Han meiner det er vanskeleg å sjå føre seg ei framtid der datasenter ikkje vil vere nødvendige.

Kompetanse, arbeidsplassar og kontroll over eigen infrastruktur er argumenta.

Men kva skjer dersom Microsoft plutseleg ikkje er tilgjengeleg?

– Heile norsk næringsliv hadde knelt på staden, svarar Lauritz enkelt og legg til:

– Eg trur ikkje folk sjølv innser kor avhengige ein er før noko ikkje fungerer.

Næringslivet i dag verdset bekvemmeligheit over uavhengigheit og sikkerheit.

Det er også grunnen til at monopol fungerer så godt.

Slutten på helvetesuka

Eg gir opp. Eg vil ikkje meir. Detta vart for vanskeleg. Å skulle skrive master utan tilgong til amerikansk tech er grusomt. Eg treng Google Scholar. Eg likar sitatprogramma som Zotero. Og eg foretrekker Google Docs eller Word.

Det andre vanskelege er at Universitas også er totalt avhengig av amerikansk tech. Om det er kommunikasjon på Facebook, eller artikkelskriving i Docs.

Så nei, denne teksten er ikkje 100 prosent ikkje-USA. Men eg prøvde.

Powered by Labrador CMS