Anders Danielsen Lieutenfor hans bolig i ullevål hageby, på en overskyet septemberdagFoto: Kristian Horpestad

Mi studietid

– Eg var ein outsider på medisin

Skodespelar og bydelsoverlege Anders Danielsen Lie er aktuell med heile tre filmar i 2026. Då han var student var ikkje planen å bli skodespelar i Oscar-nominert film.

Publisert

– Eg var ein av to som gjekk opp til eksamen i gammalgresk på Blindern våren 1999, seier Danielsen Lie til Universitas.

For han var dette eit danningsprosjekt, før han hausten 1999 starta på medisinstudiet ved Universitetet i Oslo. 

– Eg begynte på medisin fordi det høyrdest spennande ut, og eg ville lære om mennesket og menneskekroppen. Men eg hadde ikkje teke inn over meg at dette var ein profesjon, og at eg var omgjeven av veldig ambisiøse folk som skulle bli kirurgar. Det var litt framandgjerande for meg.

– Kven var du på medisinstudiet?

– Eg var nok ein outsider. 

Danielsen Lie fortel at ein kan dele inn medisinstudentane i tre grupper: 

– Dei som er kjempeambisiøse og veit kva spesialitet dei skal ha omtrent den dagen dei søkjer, ein god del kristne og til slutt nokre som er litt meir frikete. Eg var nok ein del av den siste gruppa.

Med frikete meiner han dei som har fleire kulturelle interesser og som føler seg litt framand i legefrakken.

ANGST: Anders Danielsen Lie brukte mykje tid på å stresse for framtida då han var student.

Nepo-babyar og Teaterhøgskulen

Denne framandkjensla gjorde at han tok eit års permisjon frå studiet etter halvanna år, for å ta eitt år på musikkvitskap, og søkje på Teaterhøgskulen.

Skodespelaren, som i dag er kjend for å spele i mange av Joachim Trier sine filmar, som Oscar-vinnaren Affeksjonsverdi, kom derimot ikkje inn på Teaterhøgskulen. 

– Eg blei veldig skuffa då eg ikkje kom inn,. Særleg fordi eg hadde kome heilt til tredje opptaksprøve og følte at eg fucka det opp.

– I ettertid er eg likevel veldig takksam for at juryen ikkje tok meg inn, fordi eg då ikkje hadde klart å seie nei til Teaterhøgskulen, og då kanskje ikkje klart å fullføre medisin. 

– Kva vil du seie til dei 653 som i år søkte på dei ni studieplassane på Teaterhøgskulen?

–  Stakkars folk, eg ønskjer dei lykke i livet. Det er ikkje noko nederlag å slutte. Eg vil rå unge skodespelarar i dag til å finne noko anna å falle tilbake på, slik at livet ikkje blir eit venterom for dei store rollene. 

Eg vil rå unge skodespelarar i dag til å finne noko anna å falle tilbake på

Anders Danielsen Lie

Danielsen Lie meiner også at det er lettare i dag å lykkast utan å ha gått på Teaterhøgskulen, noko han meiner er kjempepositivt. 

– Er ikkje mange av dei som lykkast no berre nepo-babyar?

– Eg går ikkje heilt med på den teorien. Du har nok rett i at det å vere skodespelar er eit litt arveleg yrke, men eg trur ikkje det handlar om at ein kjem inn i dei rette krinsane fordi foreldra er skodespelarar, fortel han og legg til:

– Eg trur derimot at ein arvar nokre eigenskapar og eit talent, som er det viktigaste for å vere skodespelar. 

Sjølv er han son av den prisvinnande skodespelaren Tone Danielsen. 

Eit tilfeldig filmgjennombrot 

Allereie som elleveåring debuterte Danielsen Lie som skodespelar i filmen Herman (1990). Det skulle likevel gå 16 år før han igjen spelte i film, denne gongen i Joachim Trier sitt gjennombrot Reprise (2006), mot slutten av studietida. 

ANNLEIS: Anders Danielsen Lie kjende seg som ein outsider i studiemiljøet.

Dette var derimot ein tilfeldigheit, og på den tida dreiv han mest med musikk. 

– Eg blei kontakta av eit produksjonsselskap som hadde funne meg i nokre gamle arkiv og ville at eg skulle kome på audition. Først takka eg nei, fordi eg sat og las til eksamen og det passa dårleg. 

– Så blei eg overtalt til å lese manuset, og då syntest eg det var veldig spennande. Eg bestemte meg for å prøve det. 

Han seier at hans største styrke i livet er at han blir veldig lidenskapeleg oppteken av ting og kan halde interessa gåande lenge, sjølv om han er ganske rotete og ustrukturert. 

– Kva var det mest crazy som skjedde i studietida?

– Det mest crazy eg kjem på skjedde under ein opningssketsj på medisinerrevyen, der eg var stressa for om folk kom til å le. Sidan eg ikkje hadde noko sluttpoeng i sketsjen, blei det til at eg ikkje hadde klede på frå livet og ned, til latter frå salen. 

Tips til studietida 

Først i ettertid har Danielsen Lie innsett kor fin studietida er, og skulle i dag ønskje han nytta perioden betre. Han fortel om ei studietid som var prega av ein del angst og bekymringar for framtida.

– Eg skulle ønskje at eg var litt meir til stades i denne spesielle og opne perioden av livet. Eg var stressa for kva eg skulle gjere med livet mitt og for at eg ikkje klarte å velje mellom ting. 

– Kva tips vil du gi til Oslo-studentar i dag? 

– Eg skjønar ikkje at det går an å vere student i Oslo i dag når det er så dyrt. Eg synest det verkar heilt jævlig.

Eg skjønar ikkje at det går an å vere student i Oslo i dag

Anders Danielsen Lie

Etter litt tenketid har han likevel eit tips til dei fattige studentane: 

– Elles ville eg i løpet av studieløpet stilt meg sjølv spørsmålet: Vil ein sitje framfor datamaskina, eller vil ein at arbeidskvardagen skal vere meir variert? Det gjorde ikkje eg, så slike ting ville eg faktisk prøvd å tenkje litt på, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS