
– Vektlegg høgare utdanning
Studentar er arbeidsvinnarar
Norsk økonomi går godt, og arbeidsløysa blant akademikarar er historisk låg. Realfagskandidatar kjem best ut, medan samfunnsvitskapelege fag også opplever ein markant nedgang.
– Norsk økonomi går som det susar om eg skal seie det litt flåsete, seier Hans Kure, kontorsjef i arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV).
Flåsete eller ei, tal frå NAV viser at dette åpnar arbeidsmarknadens sluser. Av 50 236 arbeidsledige i november 2006, var det berre 7 287 som hadde tatt høgare utdanning. Særleg dei med fem års utdanning eller meir innan naturvitskapelege og tekniske fag kjem godt ut om dagen, men også kandidatar med samfunnsvitskapelege og humanistiske fag opplever ein stadig betre arbeidsmarknad.
God konjunktur
– Noreg er inne i ein høgkonjunktur, og etterspørselen av arbeidskraft er stor både i petroelumssektoren og på fastland, forklarar kommunikasjonsdirektør i Tekna, Tore Vesthrin.
Tal frå NAV viser at blant naturvitskapeleg og teknisk utdanna på høgare nivå, var det berre meldt om 19 heilt ledige i februar 2007. Det er også ein nedgang frå same tidsrom i 2005 og 2006.
– Særleg byggjebransjen har stor aktivitet om dagen, og det kjem teknisk utdanna til gode. I tillegg blir det satsa meir på utvikling av miljøvenleg teknologi, der realfagskompetanse er ettertrakta.
Markant nedgang
Arbeidsløysa har gått merkbart ned innan samfunnsvitskapelege, juridiske og humanistiske fag dei siste åra. Tal for februar 2007 viser totalt 2 223 ledige i desse gruppene. Det tilsvarande talet for 2005 er 3 600. Kure i NAV meiner at generell høg økonomiske aktivitet er største delen av forklaringa.
– Humanistar og samfunnsvitarar jobbar gjerne innanfor privat konsulentverksemd når det er gode økonomiske tider, seier han.
Nye kunnskapar
Nestleiar for Karrieresenteret på Universitetet i Oslo, Frode Nyhamn, er også samd i at akademikarane, som alle andre, nyt godt av høgkonjunkturen. I tillegg meiner han at desse gruppene er flinke til å orientere seg i arbeidsmarknaden, og til å sjå nye bruksområde for kompetansen sin.
– Dei har også ei type utdanning som gjer at dei har lett for å ta til seg nye kunnskapar, seier Nyhamn.
Han synes også det er positivt at arbeidsløysa er såpass låg blant lågare grads kandidatar.
– Vi har vore nyfikne på korleis bachelorgraden blir mottake på arbeidsmarknaden, seier han.
Hilde Søraas Grønhovd har ein bachelorgrad med fordjuping i organisasjonspsykologi, og jobbar no som generalsekretær i Senterungdomen. Ved sidan av organisasjonserfaringa og det politiske engasjementet har ho inntrykk av at høgare utdanning vart vektlagt ved tilsetjinga. Og ho meiner at ho får god bruk for utdanninga si i den utfordrande stillinga.
– Men eg kunne nok like gjerne hatt ei anna utdanning enn psykologi, seier ho.
Søraas Grønhovd er godt nøgd med sin eigen situasjon, men meiner det framleis er muleg å betre arbeidsmarknaden.
– Eg trur det er mykje å hente for studentane og samfunnet på å styrke rådgjevingstenesta. Det vil løyse mykje av problemet med at folk utdannar seg til lediggang.