INSPIRERER: Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe undersøker labane på Biologisk institutt. Her får ho forklart av instituttleiaren korleis det nye avtrekkssystemet fungerer.

Lovar å rydde opp etter giftskandalen

Universitas vart med universitetsleiinga på befaringsrunde på Biologisk institutt. – No nyttar det ikkje lengre å slentre unna, meiner instituttleiar Trond Schumacher.

Publisert Sist oppdatert
INSPIRERER: Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe undersøker labane på Biologisk institutt. Her får ho forklart av instituttleiaren korleis det nye avtrekkssystemet fungerer.
TILHØYRER HISTORIA: Skadelege mengder av formalindamp skal høyre til fortida. Det gjer desse biologiske prøvene lagra på formalin òg.

– Det som kom fram i Syntec-rapporten tek vi veldig alvorleg, og vi meiner at funna kan generaliserast til heile UiO når det gjeld forbetringspunkt i forhold til leiarskap,

HMS-arbeid og haldningar, seier Gunn-Elin Bjørneboe, universitetsdirektør ved Universitetet i Oslo (UiO).

Dei siste vekene har merksemda vore retta mot Biologisk institutt etter at ein rapport avdekte helseskadelege forhold hjå instituttet, i kjølvatnet av at ein professor ved instituttet har vorte ramma av kreft.

No lovar leiinga å rydde opp. Eitt skritt for å få til dette er befaringsrundar der leiinga ønskjer å inspirere alle til å delta i arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS).

– Ikkje meir unnasluntring

I fjerde etasje på Biologibygget var 13 av dei om lag 40 laboratoria stengt, merka med lappar og med nøkkelholet teipa over. Dei er no under oppussing og renovering. På vegen treff vi på ein tilsett som fortel om tidligare tider då vindauget vart anvendt som avtrekk for formalin i staden for avtrekksskap. Slike tilstander er det slutt på for lengst.

– Det er ingenting som tilseier at det er for høge konsentrasjonar av formalindamp i huset no. Dersom det skjer, så slår ein alarm med ein gong. Kortvarig eksponering for formalindamp er ikkje farleg, men ein kan ikkje ha slumping, seier instituttleiar Schumacher.

– Det er ikkje alle som er like nøyaktige til korleis dei føljer HMS-forskriftene. Men no nyttar det ikkje lengre å sluntre unna, seier han.

Meir systematikk

Arbeidet som har vorte gjort på instituttet i ettertid av rapporten har hovudsakleg bestått av å arbeide med skriftlege protokollar og rutinar, stoffkartoteket har vorte oppdatert og ein er i gong med å lage oversikter over aktiviteten på labane.

Krava til Biologisk institutt har vore å få i gang eit meir systematisk HMS-arbeid, noko som Schumacher meiner instituttet har vore for sidrumpa til å få i gang.

– Tidlegare har det vore mykje fokus på anna HMS-arbeid, slik som det psykososiale arbeidsmiljøet ved fakultetet, fortel HMS-ansvarleg ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (Mat.Nat.)

No går arbeidet hovudsakleg på å gjere tilsette, studentar og leiing merksame på korleis dei skal nytte laboratoria forsvarleg. Dette er også grunnen til at universitetsleiinga går på befaringsrundar, for å auke fokuset på kultur og sikkerheit.

– Leiarskapet på alle nivå må ta ansvar, seier universitetsdirektøren.

Powered by Labrador CMS