I DAG: Høvset seier han har det «jævlig bra».

Avgrunnen

Rusen og makteslause: – Eg halsa ned brennevin på biblioteket

På det mørkaste hadde han ingen heim og budde på gata. Andreas Høvset hugsar lite, og det meiner han er ein styrke.

Publisert

– Eg hugsar brisen i nakken. Den første på mange år. Det høyrest lite ut, men det var som å få livet tilbake, seier Charlie Skien.

Då alt kollapsa, hadde Andreas Høvset – betre kjent som artisten Charlie Skien – ikkje lenger kontroll på noko. Han sov på sofaer, bussskur, brukte opp alle pengane sine på sterk alkohol og kokain, og hadde mista evna til å gjere heilt vanlege ting. Våren 2022 enda han fleire gonger på rusakutten i Bergen. Til slutt kom vegen til avrusning og vidare til stabilisering, medan han var der skreiv han debutalbumet Det gjør ikke vondt.

– Eg ville berre vere ærleg, seier han.

– Eg ville skrive det slik det var. Ikkje meir. Ikkje mindre. I tekstane frå den tida er eg i situasjonen.

– Hadde eg skrive dei i dag, hadde dei kanskje vore meir observerande, meir «etterpå», seier Høvset.

Halse ned brennevin

Høvset kjem frå Skien, men held seg i Bergen. Musikken hans kan beskrivast som indiepop, alternativ rock og R&B inspirert elektronisk lyd. I løpet av hausten kjem han ut med prosjekt, samt eit album i 2026. 

I tekstane sine skildrar Høvset rusavhengigheita og om å vere heimlaus. På åpningssporet Kanten av et stup syng han om ein løgn som kjem i pulverform og set seg fast i halsen. 

Når han blir spurt om korleis rusen tok over, seier han følgjande:

– Ikkje brått. Det skjer gradvis. Du flyttar grenser litt etter litt. Mange som ikkje har opplevd det, ønskjer ein tydeleg start og ein tydeleg slutt. For dei fleste er det ikkje slik.

Du flyttar grenser litt etter litt. Mange ønskjer ein tydeleg start og ein tydeleg slutt. For dei fleste er det ikkje slik

Tjueåra blei ei rekkje av slike forskyvingar. På det verste gjekk Høvset frå sofa til sofa, til hotell, ute på gata og i busstasjonen i Bergen.

– Å vakne opp og ikkje ha noko type rus tilgjengeleg. Den tanken. Desperasjonen og angsten.

Å vakne opp og ikkje ha noko tilgjengeleg. Den tanken. Desperasjonen og angsten.

Han trekk fram eit minne frå kvardagen i denne perioden. 

– Å vakne i ti-elleve-draget. Vite at polet opnar. På veg mot Bergen Storsenter, innom, få tak i det eg treng. Så biblioteket – halsar ned reint brennevin mellom hyllene. Den desperasjonen og angsten … Ein er ekstremt redusert.

I STUDIO: Musikken blei redninga då alt kollapsa.

Minna frå perioden er hollete for Høvset, men han seier at det kan hende det er ein slags vern.

Måtte rive ned alt

Skapinga var det som bar. 

– Å lage noko får meg euforisk. Det er same «peaken». Eg kjenner det kvar gong. Han trekk fram eit intervju Karpe gjorde om at det å stå på scena er som ein drug, at dei måtte tilbake. 

Å lage noko får meg euforisk. Det er same «peaken»

– Det ligg definitivt noko i det, seier han. 

– Eg har alltid visst at musikk var eit hjelpemiddel, både for å forstå meg sjølv og for å kome gjennom vanskelege periodar. Då eg var sjukast, var det berre gjennom låtskriving at eg kunne vere heilt ærleg, seier Høvset. 

Han legg til at det å vere brutalt open med seg sjølv er ein føresetnad for å bli frisk frå avhengigheit.

Etter fleire akuttinnleggingar fekk han plass på avrusning i Skuteviken og seinare på stabilisering ved Sandviken sjukehus. Der fekk han tid til å stoppe heilt opp, tenke over kva som hadde skjedd – og kva som kunne kome etter.

Det var i dette rommet at han fann tilbake til musikken. Med ein laptop byrja han å skrive igjen. Det var her tittelsporet til Det gjør ikke vondt vart til. 

– Rett etterpå hadde eg veldig låg sjølvkjensle og sjølvtillit. Men dei har vakse i takt med at eg har teke gode val. Når eg føler meg betre, møter folk meg på ein annan måte. Eg innser kor viktig relasjonane er.

Han ser tilbake på perioden som eit langt arbeid med å bygge opp det som var rive ned.

– Det er knallhardt. Du må endre livet fullstendig. Rive ned mykje, og så bygge opp att, stein for stein. Det tek tid. Og det er kjipt.

Mykje av denne smerta i avrusninga er tydeleg i tittelsporet til albumet:

«Det gjør ikke vondt
Å falle fra en barstol
Det gjør ikke vondt
Å stå i køen til polet klokken to
Det eneste som gjør
vondt, er å brenne alle broer
Alle broer»

Gevinsten ved å leve annleis

VERN: Høvset hugsar berre små augenblink frå den tunge perioden, men han seier at det kanskje er ein styrke.

Høvset fortel at han kjende på makteslause.

– Eg er veldig bevisst på å ikkje la ting eg eig definere meg. Då eg var i ferd med å rasere relasjonane til dei viktigaste menneska i livet mitt, forsto eg at det er dei som betyr noko. Etterpå kunne eg ikkje la verken mangelen på, eller for mykje ting, styre meg.

Han valde relasjonane.

– Kva er gevinsten ved å leve annleis?

– Dei små tinga, seier han, og trekker fram smågleder som sjølufta og kvardagsmøte.

– Eller den første kaffikoppen om morgonen. Eller å hoppe i sjøen etter ein tur i sauna. Når du har vore heilt avstengd, både emosjonelt og fysisk, blir dei minste tinga dei største.

Det er her han finn ein ny type rus.

– Å stå i ubehag. Å trene. Å ta vare på kroppen. Det får fram så mykje meir.

Tidskapsel

Når anmeldarar skriv at det «må ha vore vondt å skrive», trekk han på skuldrene.

– Kanskje var det det. Men eg hugsar det ikkje. Kanskje har eg blokkert det ut. Eg er dårleg på å hugse kor kjipt eg har hatt det.

– Eg tenkjer ikkje på om det gjorde vondt. Det gjer det lettare å gå vidare. 

– Når du går i dei same gatene du var i, og ser dei som sit der no. Kva tenkjer du?

– Eg har eit hjarte for dei som slit med rus. Samtidig tenkjer eg: kom igjen. Ta tak – det kan gå. Men eg må ikkje gløyme at eg var privilegert då eg kom inn på avrusning: Eg hadde familie, vener, noko så grunnleggjande. 

Når Høvset ser tilbake til tida utan heim, er han meir iaktagande enn sjølvmedlidande. 

– Eg synest ikkje synd på meg sjølv, og det er viktig for meg at musikken speglar nettopp det. Plata er ikkje eit rop om medkjensle, men eit forsøk på å skildre ei røynd så klart som mogleg, seier han. 

Eg synest ikkje synd på meg sjølv – musikken må spegle nettopp det.

For Høvset handlar kunsten like mykje om å vere eit vitne som å vere hovudperson.

– Om det kan vere til hjelp for andre, er det ein bonus. No har det gått eit par år, og Høvset har det, som han sjølv seier, «jævlig bra».

Powered by Labrador CMS