– Det skal lønna seg å velja miljøvennleg

Universitetet i Tromsø innfører kjøtfri måndag. Grønn Liste håpar vegetartilbodet i Oslo vil bli styrka òg – men SiO meiner det allereie er bra nok.

Publisert Sist oppdatert

Kjøtfri måndag:

  • Ein miljøkampanje for å få fleire til å kutta ned kjøtforbruket. Ifølgje Framtiden i våre hender står kjøt for rundt 15 prosent av menneskeskapte utslepp av klimagassar.
  • NOAH jobbar for å få fleire til å innføra kjøtfri måndag – sist i rekka er Norges Arktiske universitet (UiT).
  • SiO har allereie vegetartilbod i sine kantiner, og har kjøtfrie måndagar. Likevel finst det alternativ med kjøt også måndagane, noko som også NOAH støttar.
  • Jonas Nilsen i Grønn Liste ønskjer seg meir. Han vil at dei kjøtfrie måndagane skal vera heilt kjøtfrie, og at vegetartilboda skal vera betre og billegare.
  • Per Christensen, administrerande direktør for Mat og drikke i SiO, meiner at vegetartilbodet allereie er betre og billigare, sidan innkjøpsprisen for grønsaker er lågare enn for kjøt.

– Eg tykkjer det er heilt fantastisk, seier Jonas Nilsen, leiar for Grønn Liste i Studentparlamentet ved UiO, om at Universitetet i Tromsø (UiT) har innført kjøtfri måndag.

UiT, eller Norges Arktiske Universitet, har no vegetartilbod kvar måndag i alle kantinene som sel varmmat i Tromsø og Alta. Det kom på plass etter eit initativ frå studentane, fortel kommunikasjonssjef i Norges arktiske studentsamskipnad, Lena Fjellvang Osima.

– Me starta med det fordi det var eit ønske frå studentane. Me vil møta ønska deira så godt me kan. I tillegg er det eit godt initiativ – me har alle behov for å vera litt meir bevisste på vala me tek, maten vår, og korleis det påverkar miljøet.

Ifølgje Fjellvang Osima har dyrevernorganisasjonen Noah vore ein viktig del av arbeidet, og hjalp til med inspirasjon for kva som kunne serverast. Ifølgje NRK Troms har det kjøtfrie tilbodet i kantinene mellom anna vore ein Shepherd’s Pie, der kjøtet er erstatta med linser. Fjellvang Osima fortel at overgangen har vore uproblematisk.

Les også: BI-kantine fortsatt miljøfiendtlig

Bør vera betre og rimelegare

Jonas Nilsen i Grøn Liste håpar at SiO vil følga etter. I kantinene til SiO er det allereie i dag vegetartilbod kvar dag – men Nilsen vil gå eitt steg lengre.

– Me i Grøn liste har vedteke at me ønskjer kjøtfri måndag i alle SiO sine kantiner. Me meiner det er eit viktig tiltak for å redusera klimafotavtrykket, seier Nilsen, og legg til:

– Vegetartilbodet er kjempebra, men det me har sett fokus på er at vegetartilbodet burde vera både betre og rimelegare enn kjøttilbodet – det skal lønna seg å velja miljøvennleg.

Nesten kjøtfri

Kjøtfri måndag er eit konsept som vart starta opp av Paul McCartney og familien i 2009, og har blitt ei global røyrsle sidan den gong. Ifølgje Framtiden i våre hender skal kjøtfri måndag ha ein enorm effekt – dei har rekna seg fram til at CO2-utsleppet ville bli redusert like mykje som om 200 000 bilar vart fjerna dersom alle i Noreg slutta å eta kjøt ein dag i veka.

I Tromsø har dei kasta seg på bølgja – men dei har ikkje tatt steget fullt ut. Kantinene er ikkje heilt kjøtfrie kvar måndag – dei har framleis kjøtrettar som alternativ. Lena Fjellvang Osima seier at kjøtfri måndag skal vera eit supplement, ikkje eit tilbod, og at dei ikkje vil påtvinga nokon studentar å velja eit vegetarisk tilbod. I Tromsø har dei heller ikkje vegetariske varmrettar som eit alternativ kvar dag, slik dei har i Oslo.

– Me prøver til ei kvar tid å ha eit tilbod som er tilpassa behovet til studentane, og me har vegetariske alternativ kvar dag. Men vi har førebels ikkje vegetariske varmrettar resten av veka, i alle fall ikkje fast.

– Ingen baksider

På kantinene til SiO har dei allereie eit tilbod som blir kalla kjøtfri måndag på kantinene – også der er vegetarretten eit alternativ, ikkje ei erstating, fortel Per Christensen, administrerande direktør for Mat og Drikke hos SiO.

Dette tilbodet er ikkje Jonas Nilsen nøgd med.

– Eg skulle eta på Fredrikke-kantina no på måndag – dei reklamerte for kjøtfri måndag, og inne var begge dagens middagane kjøtrettar. Det er for dårleg. Eg vil oppmoda på det aller sterkaste til å innføra ein faktisk kjøtfri måndag, seier Nilsen.

Per Christensen er begeistra over tiltaket til UiT, og fortel at den kjøtfrie måndagen dei har i sine kantiner følgjer retningslinjene som NOAH har laga – og at heller ikkje NOAH meiner at kjøtet skal vera heilt fjerna kvar måndag.

– Det viktigaste for oss er å vera studenttilpassa. Om fleirtalet ønskjer eit kjøtfritt alternativ, så er me positive til det. Nokre stader der me har berre ein kjøtrett på menyen har me kun eit vegetaralternativ, fortel Christensen, og siktar til mellom anna til kantina Annas spiseri.

Han meiner òg at dei allereie har oppfylt ønskjer til Jonas Nilsen og Grønn liste om at det skal vera betre og rimelegare å velja eit kjøtfritt alternativ i kantinene til SiO. Om utsalsprisen er den same, har dei putta meir kvalitet i retten, seier Christensen.

– Fordelane er heilt openbare. Ernæringsstrategien vår går mellom anna ut på å auka mengda av frukt og grønt, og å gjera studentane bevisste på korleis dei bør forsyna seg i buffeten for å få eit balansert måltid. Dessutan er snittprisen på grønsaker mykje lågare enn snittprisen på kjøt og fisk. Du får mykje meir mat for pengane ved å velja vegetar framfor eit kjøtalternativ, seier han, og legg til at miljøfaktoren er viktig.

Powered by Labrador CMS