TINDER GULL: Erik Wibe vart lei av maset på å måtte betale på tinder for å finne kjærleiken

Einaste problemet til Erik (91) er å få den opp

Erik (91) er singel, trenar kvar dag – og har prøvd seg på Tinder. Hans innboks var full av interesserte.

Publisert

Den dagen Erik Wibe meldte seg inn på Tinder, hadde han vore hos tannlegen. – Eg fekk ei ganske hard behandling, seier han. – Eg skuldar på dopet. 

Men det vart i alle fall startskotet for det vi kallar «tinderifiseringa» av pensjonistlivet til Erik. Det var eit eksperiment, ikkje ein desperat jakt på kjærleik, men no er han avlogga. 

Men ja, han har vore der.

Og ja, han fekk svar.

Masse svar.

Med tennis, friidrett og bøker i profilen, valde Erik ærlegdom som strategi. Han la ikkje skjul på livsstilen sin – han er avholdsmann, legg seg tidleg og står opp tidleg. 

– Det er ikkje så populært å seie nei til alkohol, seier han og legg til at det må vere ekte. – Ein kan ikkje skjule seg bak alkohol. Tinder eller ikkje, så må folk få sjå kven du er.

Eldre… single…. menn… dei svømmer i damer

Erik Wibe (91)

Pikenes Erik

NYFORELSKA: For Erik Wibe går ikkje kjærleiken ut på dato.

Wibe har lang fartstid som både tømmerhoggar og fabrikkarbeidar, og seinare som bokforfattar og treningsentusiast. Han er 91, men han trenar kvar dag og seier at han trivst best når han har noko å strekke seg etter – gjerne bokstaveleg talt. 

Eit år etter at kona hans døydde valde han å lage ein brukar. Han hadde ikkje mange bilete, men han meinte det var nok for å få “matches”.

– No skal du høyre. Eldre… single…. menn… dei svømmer i damer, seier han og ler godt.

 Du lurar sikkert på om denne pikenes Jens framleis er singel? Ja det er han.

Sjølv om han no har logga av appen, meiner han Tinder har ein viss verdi – òg for dei godt vaksne. 

– Ein må berre vite kva ein vil. Eg var ikkje ute etter å flagre rundt. Eg ville berre prate, bli kjent. Og det gjorde eg. Nokre av damene eg møtte var yngre, ofte frå tennismiljøet. Andre var jamaldrande – eller til og med eldre. 

­Ho eine var 96 og lege, men det syntest eg kanskje vart litt gammalt

Erik Wibe (91)

– Ho eine var 96 og lege, men det syntest eg kanskje vart litt gammalt, humrer han.

Han legg til at han satte ei grense på rundt 75 år. Han hadde på eit tidpunkt grensa heilt nede på 50, men det vart for mykje.

Erik meiner bestemt at kjærleik ikkje er noko ein nødvendigvis blir ferdig med, sjølv om ein har passert 90. 

– Eg har møtt mange kjekke damer, men det er ingen som toppar kona, seier han. Dei var gift i mange tiår. – Det set standarden, veit du. Men det betyr ikkje at det ikkje finst hygge og nærleik å hente i seinare år òg.

For Wibe handlar det om personlegheit. – Når du blir eldre, så ser du ikkje berre på utsjånad. Du ser på korleis folk er. Du blir meir forelska i heile personen, og ikkje berre det første inntrykket. Og det er kanskje den største forskjellen frå då ein var ung, meiner han.

Eg har møtt mange kjekke damer, men det er ingen som toppar kona

Erik Wibe (91)

Den vil ikkje opp…

Sjølv om du tenkjer no at Erik er draumemannen så er han open om at han ikkje kan tilfredstille alle behov.

– Ja eg har jo fått ein del problem med å fremføre, seier han rett ut og ler høgt. Han snakkar gjerne om tema som mange eldre vegrar seg for å ta i: sex, forelsking, einsemd.

– Det vert snakka altfor lite om sexlivet blant oss eldre. Men du, det vert kjøpt mykje Cialis, sånn tabletter mot erektil dysfunksjon, så noko må jo skje, seier han og ler. Han tykkjer det er viktig å vere open.

For Erik handlar det ikkje nødvendigvis om prestasjon, men om nærleik, varme og det å vere open med kvarandre. 

– Ein må jo snakke om det. Det er jo ein del av livet, sjølv etter 90.

Likevel – sjølv om han synest Tinder var artig ei stund, vart han lei. 

– Det var mykje mas. Mange tilleggstenester ein måtte betale for, og eg likar ikkje den modellen der alt skal koste ekstra. Eg trur det var eit pengehjall, rett og slett. Så då vart det med det eine forsøket. No foretrekk eg å møte folk i det verkelege livet. På treningssenteret, på tennis, eller berre ute på ein tur. 

– På treningskurset er det eg åleine som mann med tretten andre damer. Du kan seie det er ganske sosialt….

Erik har ikkje noko stort sjekketriks – anna enn å vere seg sjølv og vere interessert. 

– Eg har ofte møtt folk gjennom aktivitetar. Og så må ein ha tolmod. Eg tenker ofte fem år før eg spør om noko meir enn ein kopp kaffi. Mange eldre har mista ektefellar, og det tek tid før ein er klar for noko nytt.

EREKTIL DYSFUNKSJON: For Erik Wibe handlar det ikkje nødvendigvis om prestasjon, men om nærleik.

Korleis vinne på tinder? – Ikkje barisbilete

Har du lyst til å prøve Tinder, men anar ikkje korleis du skal sjå ut som ein både tiltrekkande og truverdig versjon av deg sjølv i éin og same selfie? Då har Erik Wibe (91) nokre solide tips, basert på livserfaring, app-erfaring og null bilete med bar overkropp.

 – Skriv kva du likar. Ver ærleg. Ikkje lat som om du er 30 viss du er 70. Og for Guds skuld: Ikkje legg ut bilete i baris! Eg gjorde ikkje det. Berre eit heilt vanleg bilete, det held lenge.

På tinderprofilen hans brukte han heller ikkje bilde av seg sjølv med ein stor fisk, heller hadde han inga bilete der han flexer peng eller rikdom. 

Han ser ikkje bort frå at fleire eldre kunne hatt glede av å prøve Tinder, eller berre vere meir opne for flørt. 

– Det er mange einsame, særleg blant menn. Damer er betre på å vere sosiale. Dei snakkar meir saman, lagar selskap og treff kvarandre. Menn har ikkje alltid det same nettverket, og det trur eg er eit problem.

Erik sjølv har funne sin balanse: Han er singel, aktiv og fornøgd med det.

 – Eg har det bra, eg. Men det er alltid hyggeleg å få ein god samtale – anten det skjer på ein date, eller berre over ein kopp kaffi. Det viktigaste er å vere open for det som kjem. Og vere seg sjølv. Tinder eller ikkje.

Dating med høreapparat

Det har aldri vore heilt tomt for kvinner i livet til Erik Wibe – og no, i hans nittiande tiår, er han kanskje meir populær enn nokon gong. 

– Du treng eigentleg ikkje gjere så mykje. Det er berre å møte opp, så er du i mindretal med éin gong. Det er som å vere potet på eit julebord – alle vil ha deg, seier han og gliser. Men å vere pensjonist-playboy kjem ikkje utan utfordringar. For der det er mange damer, er det også kamp – om meir enn kjensler. 

– Det blir ein del krangel om både kaffi og toalett, innrømmer han tørt. 

– Og hugs at vi alle har høyreapparat, så det blir mykje misforståingar. Ein date eg var på, sat vi og snakka i kvar vår retning i ti minutt før vi skjønte at vi var heilt vekke. Erik har lært seg å ikkje stresse. Han likar best å møte folk på gamlemåten: i selskapsliv, i turlag, eller berre i ein tilfeldig samtale over ein kaffikopp. – Eg har invitert damer eg har møtt i selskap. Ein gong spurde eg ei som nyleg hadde mista mannen sin, og ho var litt usikker. Så vi gjekk ein roleg tur i staden. Det er ofte ein god start, og det kostar ingenting. Berre ein jakke, gode sko og litt tolmod, seier Wibe. Og kanskje eit batteri til høyreapparatet…

– Det er mykje som kan svikte i min alder, men samtalen … den held eg varm, seier Erik med eit skråblikk. Så om du sit der og trur kjærleiken har gått ut på dato, hugs på Erik. 91 år, trenar kvar dag, skriv bøker, og har ein Tinder-karriere han fortel om med både glimt i auga og varme i stemma. Han har sveipt seg gjennom eit heilt liv, og framleis har han både latter og livsglede på lager.

– Ver deg sjølv, sei hei, og ta med deg litt ekstra tolmod. 

Powered by Labrador CMS