KJEKKASAR: Det er ikkje kvar dag ein får sett gutar som ser ut som dei er henta rett ut frå ein film.

Frå Hollywood til Voldsløkka

Tusen kilo musklar glinsande av sveitte så langt auga kan sjå. Velkommen til trening med Noregs tredje beste lacrosselag.

Publisert Sist oppdatert
KLAR: All merksemda må vere retta mot spelet dersom ein skal prestere på toppnivå. Ein kan ikkje kvile når ein er på bana.
VELTRENT: Ein når ikkje toppen i lacrosse utan tilstrekkelege treningstimar.
VAKTAR MÅLET: Ein robust keeper er essensielt om ein vil vinne kampar.

Dette er lacrosse:

  • Lagspel med ball.
  • Opphavleg spelt av indianarar, deretter stelt av canadiarar før amerikanarane adopterte sporten.
  • Eitt lag består av ti spelarar: ein keeper, tre i forsvar, tre på midtbanen og tre angrepsspelarar.
  • Spelarane er utstyrt med køller med ei nettlomme i enden.
  • Spelet føregår litt som ei blanding av rugby, fotball og hockey. Dei som skårar flest mål vinn.
  • Spelet er svært fysisk, og både kroppstaklingar og slag med køllene er tillate innafor visse regler. Derfor brukast beskyttelsesutstyr som minner om ein blanding av ishockey og amerikansk fotball.
  • Noreg har så langt berre ei plassering i internasjonale meisterskap på samvitet. Det er ein 14. plass frå EM i Lahti i 2008.
  • Kjelder: Wikipedia og Noregs Handelshøyskoles lacrosselag si heimeside

Hjelmar med gitter, shoulderpads, lange køller og collegejakker får plenen på Voldsløkka til å minne mest om ein scene frå ein stereotypisk amerikansk ungdomsfilm. Her har gutane frå BI Lacrosse samla seg for å halde semesterets første trening med lagets nyerverva rekruttar, løveungane.

GODT SIKRA: Skal ein spele lacrosse må ein ha ordentleg utstyr. Daniel Sowe har nett teke på seg hjelmen.

– Eg hadde sett lacrosse i American Pie og syntes det verka kult, elles visste eg ikkje så mykje om sporten før eg starta, seier nybyrjaren Daniel Sowe.

Løveungen framfor meg er høg og mørk, og studerer marknadsføring på BI på første året. Når han dreg av seg den blå hjelmen kjem det til syne ein halvlang afro knytt bak i ein strekk. Det er varmt i lufta, og spelarane glinsar av sveitte.

– Dette er den sjette dagen eg trenar på rad no. Eg har tenkt å kome med på landslaget innan to år, seier han sjølvsikkert.

Rundt oss spring om lag tjue kjekkasar rundt i shorts og t-skjorte. Ein kan sjå konturane av pulserande musklar kome til syne under dei svarte skulderbeskyttelsane som dekker brystkasse, skuldrer og øvre rygg. Ein av gutane skiftar bak meg, han tek av seg shortsen og dreg på seg ein kvit susp. «Bad boy» står det skreve på den med svart skrift.

Testosteronbomber

Søknadstalet nådde nye høgder dette semesteret. Heile 120 håpefulle BI-studentar hadde håpa å få vere med på lacrosselaget. Berre ti var så heldige å kome gjennom nålauget etter å ha vore på prøvespeling. Eller «tryouts» som dei sjølv kallar det. Men prestasjonane på banen er ikkje alt. Gutane som avgjer kven som skal få bli med ser hovudsakeleg etter omgjengelege fyrar dei meiner passar inn i det sosiale på laget.

– Lacrosse er for sosiale og joviale karar som vil prøve noko nytt. Det er opent for alle, men ein må kome og vise kva ein kan og sjarmere oss på intervju, fortel Magnus Nøkleby og blunkar til meg. Han har vore med på laget sidan 2005.

I tillegg til å ha to treningar i veka, er festinga ein stor del av livet som lacrossespelar på BI. Ikkje berre har dei eit julebord med ymse kåringar, men dei forsøker å gjere noko sosialt minst ein gong i månaden. «Noko sosialt» er einstydande med alkohol.

- Det er mykje alkohol i omgong når vi er ute, men slik er det vel med idrettsfolk flest. Didrik Abrahamsen

– Alle vi som er her likar å feste. Det er mykje alkohol i omgong når vi er ute, men slik er det vel med idrettsfolk flest, seier Didrik Abrahamsen og rettar på pannebandet. Han studerer internasjonal marknadsføring og har vore med på laget det siste året.

Under treninga blir temperaturen høg, og spelet nokon gonger dirty. Testosteronbombene joggar rundt med solbrune leggar og sveitte ryggar. Dei skubbar til kvarandre og står tett lår mot lår. Ein kan sjå musklane spenna seg i det ei hand klaskar inn i låret på ein annan. Shoulderpads og køller krasjar mot kvarandre i eit brak.

Fleire av dei nye er nok interessert i å hevde seg på den første treninga. Fire av spelarane sloss om ballen på langsida av bana.

– Gjer dykk spelbare! Ikkje ver som ein myggsverm, ropar ein av dei erfarne spelarane til dei nye.

Siktar mot toppen

Det er om lag 200 aktive spelarar i Noreg, fordelt på 30 lag. Laget BI Lacrosse vart starta opp i 2005. I sommarens noregsmeisterskap fekk laget bronse, og kan dermed smykke seg med tittelen som Noregs tredje beste lag. Og gutanes ambisjonsnivå er ikkje lågt. Fleire av dei eg snakka med hadde det same målet: det norske landslaget.

– Dette er siste sjanse til å kome med på landslaget i noko etter ein er 20 år, og fleire på laget spelar allereie på landslaget, fortel Magnus Nøkleby.

I fjor gjekk laget til innkjøp av college-jakker, av typen du ser dei kule rugby-gutane spradar rundt i på TV. Og ja, dei går faktisk rundt i desse jakkene til kvardags. Holli meiner at det kan vere grunnen til det høge talet på søkarar til klubben.

– Fordi vi har dei jakkene er vi godt synlege på skulen. Folk syns dei er kule, så det vert mykje snakk om det. Men vi briskar oss ikkje rundt slik ein ser på film, altså, forsikrar Didrik Lowzow Holli. Han er ein av dei som har vore med lengst, kaptein, midtbanespelar og sit som leiar for BI Lacrosse.

Medan gutane har pause frå treninga går ein hundepassar forbi grasbana med ein flokk hundar i band. Hundane tek til å bjeffe mot gutane. Men mandige som dei er let ikkje spelarane seg skremme av det høge lydnivået. Dei bjeffar tilbake, om mogleg enda høgare. Dei er trass alt løver.

Powered by Labrador CMS