Bustbleik meisterskapsvinnar

KVEN: Harald Henmo

Publisert Sist oppdatert

STUDERTE: Filosofi mellomfag, sosiologi grunnfag og litteratur grunnfag, påbegynt magister i filosofi på Blindern.

NÅR: 1988-1991

AKTUELL MED: Boka «Che Guevara bar»

– Behagelege dagar, seine kveldar, og lang ungdomstid.

Slik svarar Harald Henmo, når han blir spurt om korleis livet arta seg på Universitetet i Oslo seint på 80-talet.

– Det skal godt gjerast å ikkje trivast på Blindern. Studietilveret var veldig fritt, og vi gjorde som vi ville. Det var intens lesing siste månaden før eksamen, og så gjekk det som det gjekk, seier han.

Likevel fortel den tidlegare Blindern-studenten at han las mykje.

– Eg syntes faga var veldig interessante, trass i at den praktiske bruksverdien ikkje var så stor. Sjølv har eg jobba som journalist og forfattar, og da har fag som filosofi og sosiologi vore greie å ha. Men denne typen fag kan jo eigentleg ikkje kan brukast til noko som helst.

– Kva meiner du med det?

– Ein blir betre til å skrive og betre til å krangle av å studere desse faga, men det gir ikkje mykje konkret kunnskap. Og mange studerer til dømes latin-amerikansk historie fordi dei har lyst til å reise til dit. Likevel er det ikkje europeiske historikarar dei treng i Latin-Amerika, men røyrleggjarar, sjukepleiarar og den slags.

– Var det i studietida du sjølv begynte å fatte interesse for desse områda?

– Ja. Vel i gang med magistergraden i filosofi, vart eg etter kvart utolmodig Eg vart sitjande mykje for meg sjølv, og merka at eg måtte ut og trekkje luft. Dermed reiste eg til Latin-Amerika, og vart verande der eit år. Eg surra rundt der nede med ein bag, såg på munkar og låg på stranda. Etterpå drog eg til England, og tok ein master i latin-amerikanske studiar.

Henmo hugsar Blindern som veldig sosialt, sjølv om han ikkje engasjerte seg mykje i foreiningar og slikt. Likevel er det ein ting han hugsar spesielt godt, nemleg sigeren i Blindern-meisterskapet for innandørs fotball.

– Laget vårt heitte Geiraasene. Vi masa oss til førehandsomtale i Universitas, og laug om at vi trena så og så mykje. Etterpå vart det visst også eit oppslag med meg og Harald Eia. Det var mitt første møte med «berømmelsen kalde tinde», seier Henmo ettertenksamt.

Han kan også fortelja at det var hard rivalisering mellom filosofi og idéhistorie. Særleg når det galt å halde dei beste festane.

– På idéhistorie var dei så utruleg kjepphøge. Dei skulle vera sosialt danna og så vidare. Vi på filosofi var berre bustbleike og innovervendte, så det er klart at idéhistorie var best på å arrangere livlege samankomstar.

Og han kan heller ikkje hugse at det vart noko særleg romansar i dette miljøet. I alle fall når det galt han sjølv.

– Det er uansett forelda. Alle studentar går vel rundt og trur det blir meir på alle andre.

– Har du nokon tips til dagens studentar?

– Ha det så moro som muleg. Til dei som trur at studentlivet er stressande, kan eg berre seia at det blir mykje verre seinare. Dei fleste eg kjenner som er i jobb, ville kutta armen av seg for å bli student att.

Powered by Labrador CMS