Arkivfoto

Forferdelig student

HVEM: Runar Eggesvik STUDERTE: Grunnfag historie ved Universitetet i Oslo NÅR: 1995-1998 AKTUELL MED: Festivalsjef for By:Larm

Publisert Sist oppdatert

– Eg var veldig usikker på kva eg ville studere, men endte vel på eit vis opp med grunnfag i historie, fortel Runar Eggesvik.

Han er mannen som tidlegare har vore med å bygge opp baren Mono og som no samlar saman det ypperste av musikk for å lage By:Larm i februar i Oslo. Når han snakkar om studietida si ved Universitetet i Oslo er forferdeleg eit ord som går att ofte. Han meiner ordet dekker både eigen studieinnsats og studietida som heilskap.

– Likte du å studere?

– Nei, eg gjorde ikkje det. Eg var litt for rastlaus på den tida. Eg enda opp med å ta over ein bar i staden for, noko eg var mykje meir interessert i, og som stemte meir for meg.

– Så då var du kanskje mykje på studentbarane rundt på Blindern før du gav deg?

– Faktisk var eg aldri på nokon av dei.

Ifølgje Eggesvik var det nemlig nærast berre ein ting han gjorde under studietida på Blindern.

– Eg sat i røykekantina, utan å røyke. Der sat eg med venner eg hadde frå før av og spelte backgammon. Det var vel det einaste eg gjorde på universitetet nærast. Eg var eigentleg ein forferdeleg student, må han innrømme.

Og grunnen til at røykekantina frista meir, var nok at han følte han fekk lite utbytte av studiane han dreiv med.

– Eg var aldri på ein einaste kollokvie, så eg vart ikkje kjend med nokon nye på universitetet. Eg var litt engsteleg for slikt. Det var sjeldan eg var på forelesning og for så vidt, så eg fekk ikkje noko nært forhold til nokon av professorane mine heller.

– Kva var det viktigaste du lærte av studietida di då?

– Det lærte meg at … Nei, eigentleg lærte det meg ingenting.

– Verken fagleg eller sosialt?

– Nei, eg kan ikkje seie det. Interessene mine var heilt andre stadar enn på universitetet. Musikkinteressa mi var ikkje noko eg kunne få utløp for på Blindern, og då vart ikkje universitetet så interessant, fortel Eggesvik.

– Er det noko frå studietida du har prøvd å fortrenge?

– Eg var eigentleg lite på Blindern, så eg opplevde ikkje noko som var verdt å fortrenge. Eg har berre kjedlege historiar frå studietida. Frykteleg kjedlege.

Til trass for at Eggesvik ikkje hadde så mykje utbytte av studietida, trur han at andre kan ha utbytte av ein periode med høgare utdanning, ein må berre vite at det er det ein vil og gjere det skikkeleg.

– Ein må enten ha lyst til å studere og gjere det, eller finne på noko heilt anna. Det er lurt å ikkje studere om du ikkje meiner det.

No, ti år etter at Eggesvik var ferdig på Blindern, trur han at han kunne ha fått meir utbytte av ein universitetsopphald.

– No kunne eg nok greidd å studere. Eg har fått meir roa over meg.

Powered by Labrador CMS