En kvinne i beige jakke går på en plass mellom røde murbygninger, mens noen få personer går i bakgrunnen.
NÆR BRANNEN: Amalie Christensen Sørbo (23) fekk storbrannen tett på, sjølv om ho sjølv var fleire tusen kilometer unna då det byrja å brenna.

Brann

Nabolaget delt i to etter brannen i Krokstadelva

Oslomet-studenten Amalie Christensen Sørbo kom heim til eit nabolag hardt råka av Krokstadelva-brannen. Foreldra bur framleis på hotell.

Publisert

Frå barndomsheimen til Amalie Christensen Sørbo (23) er kontrasten tydeleg. På den eine sida står husrekkjene framleis mellom grøne tre. På den andre ligg svarte tomter og nakne grunnmurar der naboar og barndomsvenner ein gong budde.

– Ein kjenner seg ikkje igjen. Ein ser på det, men klarer ikkje heilt å forstå at det faktisk er der.

Huset deira, høgt oppe i feltet på Stenseth i Krokstadelva, står framleis.

– Halve gata vår er borte, og huset rett overfor oss har brunne ned.

No startar ho eit nytt semester på åtferdspsykologi ved Oslomet. Foreldra hennar kan framleis ikkje flytta heim.

Seks timar utan svar

Då brannen braut ut 17. juli, var Sørbo og familien på ferie i Frankrike. Om lag ti minutt etter brannstart ringde ein barndomsvenn av broren hennar og fortalde at det brann. Først låg flammane fleire gater unna huset deira. Så byrja naboane å evakuera. Familien fekk høyra at dei næraste naboane hadde gått ut for å vatna terrassen.

Frå Frankrike følgde Sørbo utviklinga gjennom nyheitsoppdateringar og meldingar frå folk heime. Etter kvart vart røyken så mørk og tett at heller ikkje dei som var på Stenseth, kunne sjå kor langt brannen hadde nådd.

– Eg sjekka heile tida. Eg senda meldingar med ei venninne som bur i nærleiken, for å få vita kva som skjedde.

Familien hadde framleis ei veke igjen av ferien. Den dagen hadde dei seks timar i bil framfor seg.

– Dei seks timane sat me berre i bilen utan å vita: har huset vårt brunne ned no eller ikkje?

Over 100 bustader gjekk tapt i storbrannen, og over 400 menneske vart evakuerte. Medan talet på øydelagde heimar steig, sat familien i Frankrike utan å kunna redda noko dersom flammane nådde heilt opp.

– Det kjendes som det tok to sekund frå det var 50 hus, til talet hadde dobla seg. Då hadde me eigentleg akseptert at huset vårt var borte.

Dei kunne ikkje springa inn etter pass, bunadar eller andre eigedelar. Ein onkel i Noreg måtte ta kontakten med politiet og brannvesenet på vegner av familien. Først nesten eit døgn etter brannstart hadde røyken letta nok til at onkelen kunne stilla seg på andre sida av elva med ein kikkert og sjå opp mot huset.

Framsida var framleis der.

– Brannen stoppa rett før huset vårt. Me var utruleg heldige.

Bilde av ødeleggelsene etter brannen i Krokstadelva.
Fra boligbrannen i krokstadelva18.07.2025Foto: Jonas SandboeNB: Engangsbruk til utagave 17 2026


Kan framleis ikkje flytta heim

Det gjekk litt over ei veke før Sørbo sjølv fekk sjå barndomsheimen igjen. På terrassen var det brannskadar, men sjølve bygningen stod.

Inne hadde brannen òg sett spor. Hovudleidningar i området var brende, vatn og avløp mangla, og straumen hadde vore borte i ni dagar. Maten i kjøleskap og frysarar hadde rotna. Røyklukta sat i tekstilane, medan sot og oske hadde lagt seg på loftet.

Då Universitas snakka med Sørbo, hadde foreldra budd på hotell i Drammen i to veker.

– Me er sjølvsagt blant dei heldige, fordi me ikkje mista huset. Men mamma og pappa vil absolutt ikkje flytta heim.

Sørbo har vakse opp på Stenseth. Rommet hennar er framleis i huset, og fleire av tinga hennar står lagra der. Men mykje av det som låg utanfor døra, finst ikkje lenger.

– Hus me har vore i heile oppveksten, er borte. Gatene me har leika i, er borte. Det kjem aldri til å bli slik det var.

Fleire naboar har byrja å flytta frå området, fortel ho. Sjølv om familien etter kvart kan flytta tilbake til huset, vil nabolaget vera eit anna.

Brannen følgde òg Sørbo inn i det nye studieåret. Etter ferien skulle ho flytta frå ein SiO-bustad i Oslo til Asker. Mora skulle eigentleg hjelpa henne med utvaskinga. I staden måtte familien reisa til Krokstadelva for å finna ut kva som var igjen.

– Eg måtte stressa med å få hjelp frå SiO til å rydda ut og vaska. Heldigvis var dei veldig hjelpsame.

Sørbo seier det har gått greitt å koma i gang med studiane igjen. Men mellom studiane prøver Sørbo å reisa til Drammen så ofte ho kan for å vera saman med familien.


Når elden får noko å ta tak i

Til Olivia sin sak om brannnen i Krokstadelva. Bilder av klimaforsker Marianne Tronstand Lund tatt på UIO Forskningsparken 10. August, 2026.Fotograf: Sebastian Vetsch
SER PÅ RISIKOEN: Marianne Tronstad Lund forskar på korleis klimaendringar kan på verka vilkåra for brann, utan å trekkja enkle konklusjonar om Krokstadelva.

Brannen på Stenseth starta som ein bustadbrann. Men flammane heldt seg ikkje til husa. Elden spreidde seg òg gjennom vegetasjonen i området.

Marianne Tronstad Lund er seniorforskar ved CICERO Senter for klimaforsking og forskar mellom anna på korleis klimaendringar påverkar risikoen for skogbrann. Ho meiner ein må vera varsam med å gjera Krokstadelva-brannen til eit direkte døme på konsekvensane av klimaendringar.

– Det er viktig å halda bustadbrannan og skogbrannar litt frå kvarandre, sjølv om ein kan trekkja nokre likskapar.

Korleis ein brann spreier seg mellom bygningar, kan mellom anna avhenga av konstruksjon, byggjemateriale og korleis husa ligg i terrenget. Desse faktorane ligg utanfor fagområdet hennar.

Lund kan derimot seia meir om vêrforholda før brannen. I tida før brannen hadde det vore varmt og tørt. I tillegg bles det. Når vegetasjonen tørkar ut, kan elden lettare spreisa seg vidare gjennom henne.

– Då har brannen meir å ta tak i.

Lund viser til at samspelet mellom natur og bustader òg har fått store konsekvensar andre stader. I California har brannar som starta ute i terrenget, spreidd seg inn i bustadområdet. I Krokstadelva var retninga motsett: Brannen starta i eit rekkehus og spreidde seg vidare til andre hus og vegetasjonen rundt.

– Er det nokre likskapar mellom brannen i Krokstadelva og brannen i California eller andre stader?

– Ein ser kor øydeleggande ein brann kan vera, og kor raskt han kan spreia seg når ein får kombinasjon av tørr vegetasjon, mykje vind og busetnad.

Kor stor rolle den tørre vegetasjonen spelte akkurat på Stenseth, meiner Lund er for tidleg å slå fast. Først må årsakene til den raske spreiinga kartleggjast.

– Ein må la dei som skal finna ut kva som skjedda, gjera den jobben først. Så kan ein koma tilbake til kva rolle den tørre vegetasjonen spelte.

På lengre sikt er spørsmålet større enn éin brann. Klimamodellane Lund arbeider med, peikar mot fleire periodar med varmt og tørt ver i delar av Noreg. Det betyr ikkje automatisk fleire skogbrannar. Ein brann må framleis tennast, og menneskeleg åtferd, vegetasjon, busetnad og beredskap er med på å avgjera kva som skjer vidare.

– Me kan ikkje sei om det vil bli fleire skogbrannar. Men me kan sei at klimaendringar aukar risikoen for at det kan skje.

Sjekkar ein ekstra gong

Sørbo var nøye med branntryggleiken òg før 17. juli. Ho ladar ikkje om natta og skrur av skjøteleidningar før ho legg seg. No hender det at ho sjekkar ein gong til.

– Eg trur absolutt at eg kjem til å ha det i bakhovud resten av livet.

Familien veit framleis ikkje kva som skal skje med barndomsheimen. Ein dag kan dei kanskje flytta tilbake. Det betyr ikkje at alt blir som før.

– Det føles ikkje trygt lenger eigentleg. Ein veit kor fort det kan gå.



Powered by Labrador CMS